Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden

Stortinget - Møte onsdag den 5. februar 1997

Dato:
Tilbake til spørretimen

Spørsmål 22

Siri Frost Sterri (H): Jeg har følgende spørsmål til kirke-, utdannings- og forskningsministeren:

Ved tidligere endringer i videregående opplæring har departementet gitt elevene adgang til å avlegge eksamen etter gammel ordning i inntil tre år.

Vil statsråden omgjøre sin beslutning om at våren 1997 blir siste mulighet for å avlegge eksamen etter endret struktur, slik at elevene også denne gang får en frist på inntil tre år?

Statsråd Reidar Sandal: Så langt eg kjenner til, har det aldri vore nokon generell regel om at ein kunne avleggje eksamen etter gammal ordning tre år eller tre gonger i samband med endringar i vidaregåande opplæring. For enkelte fag har det vore mogleg å gå opp til eksamen tre gonger etter gammal ordning når læreplanane er blitt endra. Kan det vere mogleg at den fristen på tre år som representanten Frost Sterri refererer til, er dei overgangsperiodane ein har hatt ved tidlegare strukturendringar?

Ved iverksetjing av lov om vidaregåande opplæring i 1976, der m.a. det gamle linjegymnaset blei avløyst av den nye studieretninga for allmenne fag, blei det opna opp for ein overgangsperiode på tre år for innføring av den nye ordninga. Elevar kunne til og med skuleåret 1978/79 begynne i skular som framleis var linjegymnas, og avslutte med examen artium i skuleåret 1980/81. Men det blei ikkje gitt høve til å avleggje eksamen i linjegymnaset etter at siste ordinære eksamen blei arrangert, og dei som hadde behov for å ta opp igjen fag etter dette tidspunktet, måtte ta eksamen etter den nye ordninga.

Det same prinsippet med ein overgangsperiode på tre år blei følgt ved overgangen frå « tradisjonell struktur » til den såkalla Veierød-modellen i skuleåret 1988/90. Eksamen etter dengamle ordninga blei siste gong gjennomført i skuleåret 1991/92, og det blei ikkje arrangert eksamen i « tradisjonell struktur » etter dette tidspunktet.

Ved overgangen til Reform 94 blei det arrangert eksamen tre gonger i grunnkurs etter siste ordinære eksamen i den tidlegare ordninga. I vidaregåande kurs I og vidaregåande kurs II blei det arrangert eksamen to gonger etter siste ordinære eksamen. Samanlikna med dei to andre store strukturendringane er ordninga som er gitt for overgangen til Reform 94, romsleg.

Departementet ser det som ønskjeleg at overgangstida ikkje blir lengre enn det ein har lagt opp til her. Det er på mange måtar uheldig å ha ulike parallelle sett av vitnemål og ulike kompetansekrav for opptak til vidare studium og for overgang til arbeidslivet.

Saka har òg ei økonomisk side. Kvar sentralgitt eksamen som det må utarbeidast ekstra oppgåvesett for, vil gi ei ekstrautgift på om lag 25.000 kr per sett. Med opptil 300 sentralt gitte eksamenar vil dette utgjere om lag 8,5 mill. kr medrekna auka administrative utgifter kvar gong. Med eksamen to gonger per år vil den samla utgifta kunne bli om lag 17 mill. kr per år. I tillegg vil fylkeskommunane få store utgifter med å gjennomføre lokale eksamenar.

Ut frå det eg har sagt, ser eg ikkje grunn til å gjere om vedtaket som gjeld eksamen etter den gamle strukturen før Reform 94.

Siri Frost Sterri (H): Jeg takker statsråden for svaret, selv om jeg må si det var et skuffende svar ikke først og fremst for meg, men for alle dem som blir rammet av den beslutningen til statsråden. Og de som rammes, er i første rekke voksne elever. Jeg har problemer med å skjønne statsrådens begrunnelse for å være så lite villig til å endre på den beslutningen som er tatt. Det siste kullet etter endret struktur gikk altså ut i fjor vår, og med vårens eksamen blir det da bom for å kunne ta opp igjen fag etter den gamle ordningen, og det til tross for at Reform 94 innebærer betydelige og til dels omfattende endringer av en del fagplaner. De som i realiteten vil tjene på den stivbentheten fra statsrådens side, er jo private skoler og organisasjoner som Arbeiderpartiet av og til ynder å kalle « eksamensfabrikker ». Kan det være hensikten?

Statsråd Reidar Sandal: Eg har lyst til å poengtere at overgangen til Reform 94 gjekk føre seg utan innføringsperiode, men det var mogleg for elevar og privatistar å ta eksamen i endra struktur to gonger etter siste ordinære eksamen. Ved denne overgangen var det nytt at alle elevar og privatistar òg kunne melde seg til prøve om hausten.

Eg vil òg få lov til å understreke at dersom ein ser den ordninga som no er vald, i forhold til dei to andre store overgangane i nyare tid, så er ordninga som er gjeven for overgangen frå endra struktur til Reform 94, eit romsleg opplegg. Eg meiner at det er sterke saklege grunnar for den ordninga som er vald, som òg er gjord greie for i mitt hovudsvar.

Presidenten: Spørsmål 23 er behandlet tidligere.

: