Stortinget - Møte onsdag den 29. januar 1997
Spørsmål 11
Einar Steensnæs (KrF): Jeg tillater meg å stille følgende spørsmål til kirke-, utdannings- og forskningsministeren:
I brev 23. desember 1996 varsler departementet at eksamen ved teknisk fagskole (TF) ikke lenger gir generell adgang til universiteter og høgskoler. Seinest i brev 11. juli 1996 til Lofoten tekniske fagskole bekrefter imidlertid departementet at slik adgang vil bli gitt også for studieåret 1996/97.
Hva vil statsråden gjøre for å yte rettferd overfor elever som har startet utdanningen ved teknisk skole på feilaktige premisser?
Statsråd Reidar Sandal: I det brevet representanten Steensnæs refererer til frå departementet til Lofoten tekniske fagskole, er det vist til at ordninga med rett til opptak ved studium på universitet og vitskapleg høgskule for søkjarar med teknisk fagskule gjeld for opptak til studieåret 1996-97 - altså ved siste opptak - og at det er ei overgangsordning.
Eg vil òg minne om at teknisk fagskule hittil ikkje har gitt rett til opptak ved alle høgskulestudium, men til nokre studium, som t.d. ingeniørutdanning og maritimt høgskulestudium. Her kan elevar frå teknisk fagskule framleis få opptak. Departementet har også for studieåret 1997-98 gitt universiteta fullmakt til å gjere unntak frå kravet om generell studiekompetanse for søkjarar med teknisk fagskule til sivilingeniørutdanning og realfagsstudium.
Eg vil vidare gjere merksam på at det er fastsett ei overgangsordning som gir generell studiekompetanse til dei som før 1. juli i år har fått opptak eller kan dokumentere at dei er vurderte på grunnlag av dei såkalla vegane I, II og III. Dette gjer at dei som har søkt opptak, ikkje mister den retten han eller ho trudde seg å ha.
Arbeidet med å fastsetje generell studiekompetanse har vore ein prosess som har gått over fleire år før vi 23. desember 1996 fekk eit felles regelverk som definerer generell studiekompetanse. Før det hadde det vore ei mellombels forskrift og ein høyringsrunde. Grunnlaget for den generelle studiekompetansen blei lagt allereie i 1992 gjennom Stortinget si behandling av St.meld.nr.33 (1991-1992) Kunnskap og kyndighet, der spesifiserte krav i fem allmenne fag blei definerte som grunnleggjande del av generell studiekompetanse. Departementet varsla hausten 1994 at generell studiekompetanse ville bli lagd til grunn for arbeidet med reglar om opptak til universitet og høgskular frå opptaket 1996-97, og opplyste om kva fag som ville bli kravde.
Eg er einig med spørjaren i at søkjarar til høgre utdanning bør få kunnskap om dei krava som blir stilte til opptak, i rimeleg tid på førehand. Derfor har departementet også varsla desse endringane i så god tid. Eg vil særleg vise til at dei vidaregåande skulane som har teknisk fagskule, i februar 1995 fekk brev der det er tatt atterhald om generell studiekompetanse for dette skuleslaget. Eg legg òg vekt på at elevar frå teknisk fagskule framleis har ei ordning med unntak frå generell studiekompetanse som sikrar dei rett til å studere vidare på dei fagområda som ligg nærast i forhold til utdanninga. Dersom dei skal studere andre fag, må dei frå no fylle samme krav til allmennfag som andre søkjarar.
Einar Steensnæs (KrF): Jeg takker statsråden for svaret. Jeg tar ikke stilling til om teknisk fagskole skal være tilstrekkelig som grunnlag for generell studiekompetanse. Det er en helt annen sak. Her dreier det seg først og fremst om ryddighet. Mange av elevene ved teknisk fagskole føler seg lurt ved de skiftende signaler som er kommet fra departementet om deres kompetanse. Og midt inne i et skoleår endrer departementet viktige forutsetninger for planleggingen av disse ungdommenes framtid. Jeg vil gjerne be utdanningsministeren helt klart fastslå at de som i dag er tatt opp som elever ved teknisk fagskole, vil få beholde sin generelle adgang til universiteter og høgskoler, slik departementet har skrevet i brev, og slik også Arbeidsdirektoratet i sin utdanningsbrosjyre, som sendes til samtlige videregående skoler i dette landet, uttrykkelig slår fast vil være tilfellet. Jeg vil be utdanningsministeren være veldig klar på dette punkt, for dette er en viktig avklaring for svært mange elever.
Statsråd Reidar Sandal: Eg er samd med representanten Steensnæs i at det er viktig med ei ryddig behandling av desse sakene, og eg har lyst til å poengtere at det kravet er halde på den måten departementet har handtert det problemområdet som representanten Steensnæs reiser spørsmål om. Det er ikkje slik at det er gitt skiftande signal frå Regjeringa og departementet si side i dette spørsmålet. Eg har allereie peika på at saka har ei forhistorie langt tilbake og er ei oppfølging av arbeidet som blei lagt, og som Stortinget gav si tilslutning til, i samband med St.meld.nr.33 (1991-1992), Kunnskap og kyndighet.
Eg vil gjerne få lov å streke under det eg sa i svaret mitt, at det er ei overgangsordning som gir generell studiekompetanse for dei som før 1. juli i år har fått opptak eller kan dokumentere at dei er vurderte på grunnlag av dei såkalla vegane I, II og III.
Einar Steensnæs (KrF): Jeg fikk ikke det avklarende svaret som jeg bad om. Jeg må oppfatte statsråden slik at han mener det er helt i orden at departementet går ut med endringer i den kompetanse som er lovt elevene, midt inne i et skoleår. Og jeg vil spørre statsråden om dette tilfellet er annerledes enn det tilfellet hvor departementet på tilsvarende måte gikk ut og endret kompetansevilkårene for opptak til det medisinske studiet. Der gjorde statsråden en prisverdig endring i sin holding, og jeg vil spørre: Hvorfor kan han ikke innse at departementet har gjort en tilsvarende feil i dette tilfellet og på tilsvarende måte også være villig til å rette opp denne feilen?
Statsråd Reidar Sandal: Eg vil først få takke representanten Steensnæs for lovord i ei anna sak.
Når det gjeld det spørsmålet som her er til debatt, er det ikkje snakk om å endre føresetnadene midt i studieåret. Eg vil få lov å vise til det brevet som blei sendt til fylkeskommunane, til utdanningskontora og alle dei vidaregåande skulane, med teknisk fagskule, i februar 1995, der ein uttrykkeleg reserverer seg mot at teknisk fagskule gir generell studiekompetanse. I brevet til Lofoten tekniske fagskule, som representanten Steensnæs viser til, blir det klart peika på at ein har å gjere med ei overgangsordning for studieåret 1996-97 når det gjeld å ta opp søkjarar med teknisk fagskule. Og ved å studere nøye dei skriftstykka som ligg til grunn her, trur eg ein vil kome til at det ikkje har vore snakk om noka uryddig behandling frå departementet si side.