Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Stortinget - Møte onsdag den 15. januar 1997

Dato:
Tilbake til spørretimen

Spørsmål 8

Terje Riis-Johansen (Sp): Jeg vil stille kirke-, utdannings- og forskningsministeren følgende spørsmål:

Kirke-, utdannings- og forskningsdepartementet delte nylig ut ekstratilskudd på ca 1,5 mill. kr til de fylkeskommunene som oppfyller omfangsforskriften på 375 % for elevplasser i videregående skole. Telemark fylkeskommune fikk ikke dette tilskuddet, selv om fylkeskommunen hadde en dekningsprosent pr. 1. oktober 1996 på 376.

Vil statsråden medvirke til at Telemark fylkeskommune får sin rettmessige andel av dette tilskuddet?

Statsråd Reidar Sandal: Den saka som vi no behandlar, tok stortingsrepresentant Sigvald Oppebøen Hansen opp til drøfting med meg før den blei meld til spørjetimen.

Stortinget vedtok i samband med statsbudsjettet for 1996 ei løyving på 20 mill. kr til ekstratilskot til auka elevtal i vidaregåande skular. Fleirtalet i kyrkje, utdannings- og forskingskomiteen uttalte i B.innst.S.nr.12 (1995-1996) at løyvinga berre kan tildelast fylkeskommunar der omfanget av vidaregåande opplæring utgjer minimum 375 % av eit gjennomsnittleg årskull.

Det er departementet som gjer utrekningar av omfanget av vidaregåande opplæring i den enkelte fylkeskommunen. Utrekninga skjer i samsvar med omfangsforskrifta og nærmare reglar fastsette av departementet. Til grunn for utrekninga ligg elektroniske rapportar frå det fylkeskommunale inntakssystemet LINDA pr. 1. oktober og særskilde rapportar frå den enkelte fylkeskommunen om talet på lærlingar. Fristen for å rapportere var 20. oktober førre året. Etter at departementet hadde avdekt feil i enkelte rapportar, blei det sett ny frist for å levere kvalitetssikra tal innan 3. desember.

På grunnlag av den elektroniske rapporten og tilleggsrapportane om fagopplæringa frå Telemark fylkeskommune har departementet rekna ut omfanget i fylkeskommunen til 374 %. Dette er under kravet i omfangsforskrifta og gir ikkje rett til ekstraklassetilskot. I tillegg til den elektroniske rapporten departementet har bede om, har Telemark fylkeskommune meldt frå om 42 elevar. Blir desse også rekna med i omfanget, vil fylkeskommunen ha eit omfang på 376 %.

Dei rapportane som blir lagde til grunn, må kvalitetssikrast og ha den elektroniske forma departementet har fastsett. Derfor vil eg be Telemark fylkeskommune om å gå gjennom inntakstala på nytt og rapportere slik departementet har fastsett. Deretter vil departementet vurdere om det er grunnlag for å tildele ekstraklassetilskot til fylkeskommunen.

Terje Riis-Johansen (Sp): Jeg vil takke for det jeg oppfatter som et positivt svar. Når statsråden åpner for en ny vurdering, regner jeg også med at det betyr at det åpnes for å se på andre løsninger, og det bør medføre at Telemark fylkeskommune da får de pengene som den faktisk har krav på. Jeg regner da med at statsråden tar med i vurderingen at grunnlaget for at de 42 elevene ikke var førtopp i det elektroniske systemet som statsråden etterlyste, faktisk er og var at det var problemer med sjølve datasystemet.

Men i utgangspunktet takker jeg for det svaret som statsråden gav, og jeg regner med at det fører til at fylkeskommunen nå faktisk får de pengene den har krav på.

Statsråd Reidar Sandal: Til representanten Riis-Johansen vil eg peike på at den gjennomgangen som eg no opnar for, ikkje her og no må tolkast som eit realitetsstandpunkt i saka. Men vi går inn på den på nytt, og dersom det viser seg at det er sakleg grunnlag for det, skal Telemark fylkeskommune få dei midlane som den i tilfelle har rettmessig krav på. Eg har òg lyst til å seie at eg er opptatt av at saka får ei svært rask behandling. Eg skal medverke til det.

: