Stortinget - Møte onsdag den 11. desember 1996
Spørsmål 6
Oddbjørg Ausdal Starrfelt: Eg vil få stilla fylgjande spørsmål til kyrkje-, utdannings- og forskingsministeren:
Etter vaksenopplæringslova § 21 skal undervisingslokale der driftsutgiftene vert dekte av det offentlege, stillast gratis til disposisjon for vaksenopplæring som har tilskott etter denne lova.
Kor langt strekkjer denne plikta seg?
Statsråd Reidar Sandal: § 21 i vaksenopplæringslova som representanten Starrfelt viser til, gjer det klart at alle offentleg finansierte undervisningslokale skal kunne brukast til vaksenopplæring utan kostnader for arrangøren.
§ 21 i lov om vaksenopplæring lyder:
Undervisningslokaler der driftsutgiftene dekkes av det offentlige skal stilles til rådighet uten utgifter for arrangørene, ved voksenopplæring med tilskudd etter denne lov. Departementet gir nærmere regler.
For å klargjere dette vedtaket blei det gjort ei endring i ordlyden i denne paragrafen frå 1. januar 1992, då ordet « bør » blei endra til « skal » i lovteksten. Det inneber at lokale skal stillast til rådvelde utan utgifter for arrangøren. Denne endringa blei gjord som konsekvens av ny kommunelov for å fjerne tvil om retten til sambruk av offentlege undervisningslokale.
Forskriftene til ovannemnde paragraf gir reglar for utlån, men det er heile tida føresetnaden at bruken av lokala skal vere utan kostnader for arrangørane, som på si side har ansvar for lokala som blir brukte, og at dei er i same stand etter bruk som før.
Med undervisningslokale er det her meint rom, inventar og undervisningsutstyr der driftsutgiftene er dekte av det offentlege. Det gjeld lokale som representerer ei offentleg investering innafor utdanningssektoren, og det gjeld alle rom i eit undervisningsbygg.
Dette gjeld vaksenopplæring med tilskot etter lov om vaksenopplæring, og såleis ikkje den opplæringa som blir fullfinansiert, slik at arbeidsmarknadskurs, opplæring for framandspråklege vaksne og skuleverket si vaksenopplæring fell utanfor denne regelen.
Når det gjeld behov for undervisningslokale utover kvardagar fram til kl. 21 i undervisningsåret, er det opna for å lage særskild avtale. Dette er ikkje tenkt som eit høve for skuleeigar til å kunne ta betalt for lokala i slike tilfelle, men ein har rett og slett meint at slik bruk korkje skal hindrast eller sjåast på som sjølvsagt.
Denne praksisen har ein lang historisk tradisjon. I forarbeida til og i lov om vaksenopplæring er det ein føresetnad at offentleg finansierte undervisningslokale skal kunne sambrukast utan kostnad for studieforbunda. Dette har vore eit prinsipp heilt frå lova tok til å gjelde. I lovproposisjonen, Ot.prp.nr.7 (1975-1976), peika ein særleg på samordning av ressursbruken.
Oppgåva med å gi informasjon og svare på spørsmål om lokale for vaksenopplæring er delegert til dei statlege utdanningskontora. I tilfelle der det oppstår problem eller usemje, tar dei statlege utdanningskontora seg av å løyse desse.
Utgangspunktet er ei felles interesse av at slik vaksenopplæring er viktig og nødvendig. Sambruk er god ressursbruk og i tråd med ønsket om at skulane skal vere opne for lokalmiljøet.
Oddbjørg Ausdal Starrfelt (A): Eg vil takka statsråden for svaret. Eg er glad for den presiseringa som kom, når me no skal inn i ei reform for vaksenopplæring der me sikkert treng å gå lenger i å tenkja sambruk av bl.a. lokale.
Den konkrete saka som eg tok utgangspunkt i ved å stilla dette spørsmålet, er ei sak i Rogaland. Jæren AOF skulle arrangera eit kurs for trailersjåførar, som var høgt prioritert. Det fekk støtte frå fylkeskommunen. Dette var folk som det var naturleg å gje eit tilbod på laurdag, og ikkje i løpet av arbeidsveka. Dei spurde då Time vidaregåande skole om å få låna lokale, og etter litt fram og tilbake fekk dei svar tilbake om at dei kunne få låna eitt klasserom, og det skulle dei betala 1.500 kr pr. time for. Grunngjevinga for det var at det skulle koma ein vaktmeister for å låsa opp og igjen.
Då har eg lyst til å spørja og få det endå meir presisert: Er det ikkje lov å krevja betaling eller å nekta utleige? Denne klaga (presidenten klubber) - det får eg koma tilbake til i neste spørsmål.
Statsråd Reidar Sandal: Representanten Ausdal Starrfelt peika på at det er ei konkret sak i Rogaland som er utgangspunktet for spørsmålet. Spørsmålet er generelt forma, og eg har gitt eit svar i samsvar med det som var spørsmålet frå representanten. Eg har svara på kva som er dei overordna retningslinene, og eg har slege fast både kva som er bokstavtolkinga, og kva som er intensjonen bak det lov- og regelverket som finst.
Eg har lyst til, til det konkrete spørsmålet som blei stilt i oppfølginga, å vise til det eg sa om at når det er behov for undervisningslokale utover kvardagen fram til kl. 21 i undervisningsåret, er det opna for å lage særskild avtale. Eg føreset då at den lokale kursarrangøren og utdanningsdirektøren i Rogaland drøftar seg gjennom dette og finn ei tenleg ordning som begge partar føler seg komfortable med, og som er i samsvar med dei retningslinene som gjeld.