Stortinget - Møte onsdag den 4. desember 1996
Spørsmål 5
Børre Rønningen (SV): Eg vil få stille fylgjande spørsmål til statsråden:
Den differensierte arbeidsgiveravgiften granskes nå av EFTAs overvåkningsorgan. Den forrige Regjeringen uttalte at EØS-avtalen ikke var til hinder for å videreføre dette politiske virkemiddelet.
Deler den sittende Regjeringen dette synspunktet, og hva vil Regjeringen eventuelt foreta seg for å sikre at den differensierte arbeidsgiveravgiften kan videreføres?
Statsråd Kjell Opseth: Differensiert arbeidsgjevaravgift er eit viktig distriktspolitisk verkemiddel som direkte støttar sysselsetjinga i distrikta. Den generelle og næringsnøytrale karakteren til ordninga er i tråd med målet i skattereforma om at ein bør unngå selektive ordningar som diskriminerer mellom bedrifter og næringar. Vidare er ordninga enkel å administrere.
Regjeringa sitt syn på ordninga med differensiert arbeidsgjevaravgift, slik det kjem fram i St.prp.nr.100 (1991-1992) om samtykke til ratifikasjon av EØS-avtalen, ligg fast. Den differensierte arbeidsgjevaravgifta er eit generelt verkemiddel ein må kunne vidareføre i EØS i den noverande forma. Noreg sitt syn er at ordninga fell utanom statsstøtteregelverket i EØS-avtalen, og difor ikkje er i strid med denne.
Regjeringa meiner òg at om ein legg statsstøttereglane til grunn, må hovudtrekka i ordninga kunne førast vidare. Reglane for statsstøtte er dei same i EØS som i EU. I St.meld.nr.40 (1993-1994) om medlemskap i Den europeiske union er det skissert ei løysing basert på statsstøtteregelverket. Her heiter det om den differensierte arbeidsgjevaravgifta at regelverket
gir mulighet for å videreføre hovedtrekkene i » ... « ordningen med nedsatt arbeidsgiveravgift i prioriterte regioner », men at « visse justeringer kan bli nødvendig
Ingen einskilde ordningar vart forhandla om eller godkjende i EØS-prosessen. Seinare har EFTA sitt overvakingsorgan, ESA, stilt spørsmål om ordninga med differensiert arbeidsgjevaravgift må sjåast som statsstøtte, på same måte som EF-kommisjonen gjorde under forhandlingane om norsk medlemskap i EU. På spørsmål frå ESA vart det i september i fjor frå norsk side sendt over ein del faktisk informasjon om ordninga. Vidare har det frå våren 1996, etter ESA sitt ønske, vore kontakt mellom ESA og Noreg om korleis ESA meiner statsstøtteregelverket i EØS er å tolke i forhold til den norske ordninga. Eg viser til omtalen i revidert nasjonalbudsjett 1996. ESA har enno ikkje avslutta sin gjennomgang og si vurdering av den norske ordninga, og har heller ikkje gjort noko vedtak i saka.
Regjeringa vil kome tilbake til saka når ESA nærare har avklart sitt syn på den norske ordninga.
Børre Rønningen (SV): Eg er glad for statsråden si understreking av at arbeidsgjevaravgifta er eit viktig næringsnøytralt distriktspolitisk verkemiddel, det er det vel stor semje om òg i Stortinget, men det er ikkje det som er problemet. Problemet er at EU meiner at dette er indirekte generell statsstøtte, og her ligg konflikten.
Eg vil òg streke under at dette er eit av dei siste av våre distriktspolitiske verkemiddel som står igjen, og som har monaleg økonomisk verknad for arbeidsplassar i bl.a. Finnmark og Nord-Troms, og kan bety opptil 28.000 kr pr. arbeidsplass.
Transportstøtteordninga er eitt alternativ, men den tek då utgangspunkt i at stadbundne bedrifter, som innafor fiskeriforedling, innafor kraftkrevjande industri osv., ikkje får støtte.
Eg er som sagt glad for at statsråden streka under at me skal ta vare på arbeidsgjevaravgifta som eit generelt differensiert verkemiddel. Men på kva måte vil Regjeringa forfylgje saka dersom ESA - overvakingsorganet - likevel kjem til eit for Noreg negativt vedtak?
Statsråd Kjell Opseth: Lat meg berre få slå fast ein gong til, slik at det ikkje herskar nokon tvil, at EU og ESA har ikkje teke endeleg stilling til spørsmålet om den differensierte arbeidsgjevaravgifta.
På spørsmålet om kva Regjeringa vil gjere dersom ESA skulle kome til at dette ikkje er eit næringsnøytralt verkemiddel, vil eg svare at vi må få resultatet før ein byrjar å uttale seg om kva tiltak ein vil setje i verk.
Børre Rønningen (SV): Grunnlaget for spørsmålet mitt er erfaringane med ESA så langt, og at me i salderingsproposisjonen opplever at Regjeringa legg seg flat nettopp for vedtak der. Det siste eksemplet er dessverre grunnavgifta på eingongsemballasje. Her har ESA i ei såkalla grunngitt utsegn kome fram til at den norske grunnavgifta strid mot EØS-avtalens artikkel. Regjeringa har i den samanhengen ikkje gjort noko forsøk på å forsvare dette systemet, som er veldig miljøvenleg, og gjer framlegg i salderingsproposisjonen om å fjerne det. Dermed forsvinn òg årsaka til at Noreg har eit effektivt og miljøvenleg ombrukssystem av flasker. Dette er viktig overfor andre land innafor EU - eg tenkjer då på Finland og Danmark, som har hatt liknande ordningar som Noreg.
Eg er uroleg med tanke på arbeidsgjevaravgifta. Viss ESA, som me må rekna med, bestemmer seg for at denne skal gå ut, vil sikkert Regjeringa ta det til etterretning. Spørsmålet mitt til slutt er om Noreg då eventuelt vil vurdere vetoadgangen.
Statsråd Kjell Opseth: Eg kan love representanten Rønningen at Regjeringa så langt ifrå legg seg flat. Vi jobbar intenst med det vi meiner er rett å jobbe for.
Så kan eg heller ikkje hindre representanten Rønningen i å vite betre enn det Regjeringa veit om kva vi vil gjere etter eit eventuelt vedtak i ESA om at den differensierte arbeidsgjevaravgifta ikkje er eit næringsnøytralt verkemiddel.