Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Stortinget - Møte onsdag den 4. desember 1996

Dato:
Tilbake til spørretimen

Spørsmål 13

Erling Folkvord (RV): Eg skal få lov til å stille eit spørsmål til utdanningsministeren om det politiske spørsmålet som opptar dei fleste foreldre i Oslo for tida:

27. november sa statsråden han « vil sjå til at kommunane sørger for at skulelokala er tenlege ». I statusrapporten for Reform 97 og i skolebehovsplanene har Oslo sett bort fra at spesialundervisning og tilrettelagt undervisning for språklige minoriteter trenger klasserom. Dette er ca 40 klasser for grupper som i særlig grad trenger ro og faste rammer rundt undervisninga.

Mener statsråden at « skulelokala er tenlege » når disse klassene ikke får eget klasserom med tilfredsstillende arbeidsforhold?

Statsråd Reidar Sandal: Representanten Erling Folkvord viser til at det i skulebehovsplanane for Oslo ikkje er rekna med behov for klasserom til spesialundervisning og tilrettelagd opplæring for elevar frå språklege minoritetar.

Staten har no lagt til rette for at kommunane skal kunne setje i verk grunnskulereforma i samsvar med intensjonane. Dei nødvendige lovendringane er vedtatt, og dei vedtaka Stortinget gjorde i samband med St.prp.nr.39 (1995-1996) Om investeringskostnadene ved grunnskolereformen og St.prp.nr.55 (1995-1996) Om kommuneøkonomien 1997 m.v., er følgde opp i statsbudsjettet for 1997.

Kommunane har ansvaret for å følgje opp dei vedtaka som Stortinget har fatta i samband med innføring av tiårig grunnskule frå hausten 1997. Eg føreset at kommunane planlegg for og gjennomfører nødvendig kapasitetsutviding i 1996 og 1997. Departementet vil sjå til at kommunane syter for dette. Eg viser i den samanhengen til omtalen i statsbudsjettet for 1997, der det heiter:

Departementet vil gjennom statens utdanningskontorer følge opp framdriften i tilretteleggingen av skolelokaler til seksåringene i kommunene.

I statsbudsjettet for 1997 heiter det også:

Departementet vil (...) gjennom statens utdanningskontorer intensivere kontrollen med grunnskoleloven § 10, som pålegger kommunene « å syte for tenlege skolar ». På denne måten vil departementet sikre at skolearealenes størrelse og standard er tilfredsstillende

Eg sit ikkje inne med informasjon som dokumenterer at elevane i Oslo-skulen vil møte uforsvarlege forhold hausten 1997. Eg vil likevel streke under at Statens utdanningskontor i Oslo og Akershus vil følgje gjennomføringa av reforma i Oslo nøye.

Erling Folkvord (RV): Når statsråden ikkje sit inne med sånn informasjon, tyder det på at han er sterkt syns- og hørselshemma, og at han ikkje les posten sin. I Redaksjon 21 i går sa statsråden at Noreg må gjennomføre skulestart for 6-åringar neste år fordi det gir « betre tilpassa undervisning for alle elevar ». Mitt spørsmål galdt fem kategoriar elevar; mottaksklassene, alfabetiseringsgruppene, elevar med lese- og skrivevanskar, elevar med åtferdsvanskar og elevar med generelle lærevanskar. Ro, tryggleik og faste rammer rundt dei er ein føresetnad som må oppfyllast først for desse elevane. Det er meiningslaust å snakke om tilpassa undervisning, som statsråden gjorde på TV i går, når skuledagen først må starte med å finne eit rom eller ein trappeoppgang der dei kan vere den første timen. Dei 40 gruppene har eige rom i år, ikkje neste år. Spørsmålet er: Vil statsråden ta eit initiativ overfor Oslo kommune for å sikre at kvar av dei gruppene får eige fast klasserom også neste haust?

Statsråd Reidar Sandal: Eg trudde meininga med spørjetimen i Stortinget var å stille spørsmål til medlemer av Regjeringa og få svar, ikkje at ein representant skulle bruke si tilmålte tid til usaklege og urimelege karakteristikkar.

Så til det prinsipielle. Eg står fast ved dei synspunkta som eg har hatt i denne saka, både i Stortinget og i fjernsynsprogrammet i går. Det prinsipielle her er at Stortinget etter forslag frå Regjeringa no har vedtatt rammevilkåra for gjennomføring av grunnskulereforma, og i neste fase er det kommunane si oppgåve å setje denne reforma i verk. Når det gjeld å utøve legalitetskontrollen i utdanningsspørsmål på vegner av staten, har vi eit eige organ til å gjere denne oppgåva, nemleg utdanningskontora. Det har eg både tidlegare og i dag gjort greie for i svar til representanten Folkvord.

Erling Folkvord (RV): Eg trudde også at meininga med spørjetimen var at det skal vere mogleg å få svar frå ein statsråd. Det er jo greitt å høyre at han står fast på synspunkta, han står tydeleg heilt fast så han ikkje får rørt seg eller får gjort noko. Spørsmålet er om han vil gjere noko. Eg blir skremt av å høyre på eit sånt kynisk maktspråk. Det er nesten som å høyre på ein talemaskin.

Blant dei elevane som har store åtferdsvanskar i Oslo-skulen, finn vi mange som står i fare for å utvikle seg til kriminelle eller overgriparar dersom dei ikkje får tilpassa undervisning. Faren aukar dersom dei ikkje får den undervisninga. Men eg trur ikkje nokon av dei vil kome til å gjere seg skuldig i så brutale overgrep som det ser ut for meg at statsråden no vil administrere mot dei 40 gruppene med Oslo-born som det er snakk om, og som står i fare for å miste eige klasserom. Spørsmålet er: Kvifor er ikkje statsråden villig til å innleie noko slags samråd med foreldre og lærarar? Kvifor stolar han berre på det han får pr. papir frå byråden i Oslo?

Statsråd Reidar Sandal: Nasjonalforsamlinga har gjort vedtaket sitt, og oppgåva med iverksetjing er kommunal. Eg har lytta til mange synspunkt, både frå foreldre og andre, også til dei politiske styresmaktene i Oslo. Den byråden som har ansvaret for det området som vi her snakkar om, har uttalt at elevane skal få eit forsvarleg tilbod i samsvar med dei reglane som gjeld, inkludert dei forholda som representanten Folkvord har tatt opp. Det er eit synspunkt som eg har tillit til, og som eg på ingen måte vil vere med på å harselere over, slik som andre gjer.

Eg har elles lyst til å gjere merksam på at representanten Folkvord fleire gonger har stilt spørsmål i spørjetimen om detaljerte kommunale oppgåver på dette feltet - to gonger i vårsesjonen og faktisk òg førre onsdag.

: