Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Stortinget - Møte onsdag den 29. mai 1996

Dato:
Tilbake til spørretimen

Spørsmål 11

Arne Haukvik (Sp):

Statsbygg har gjort avtale med Oslo kommune om tunnel under Blindern for trafikken til og frå det nye Rikshospitalet på Gaustad. Den kortaste tunnelen er mellom Vestgrensa ved Sognsvannsbanen og John Colletts plass. Ein slik tunneltrasé høver også for forlenging av trikkelina.

Kvifor skal denne trafikken tvingast inn i den tronge Blindernvegen og ikkje i den fire-felts Sognsvegen?

Statsråd Nils Olav Totland: Tverrsambanda mellom ring 3, Rv 150, og ring 2, Rv 161, er kommunale vegar. Det er derfor Oslo kommune som må ta avgjerd om nytt tverrsamband i Blindernområdet.

Forslag til reguleringsplan for Blindernområdet - medrekna tunneltrasé og trasé for planlagd trikk til Rikshospitalet - er utarbeidd i samarbeid mellom Oslo kommune og Statsbygg. Planen er justert i samsvar med merknader frå fylkesmannens miljøvernavdeling. Statens vegvesen har berre hatt mindre merknader til planen.

Etter forhandla avtale mellom Statsbygg og Oslo kommune skal staten yte eit kontanttilskot på ca 70 mill. kr til eit kommunalt vegprosjekt som vert fastsett i reguleringsplanen for universitetsområdet på Blindern, og som Oslo kommune har byggherreansvar for. Det er alternativet med såkalla mellomlang løysing som ligg til grunn for avtalen. Dersom Oslo kommune ønskjer å bruke tilskotet til såkalla lang tunnelløysing, med innslag i Sognsvegen, er det opna for dette i nemnde avtale.

Det er såleis etter mi meining ingen grunn for Samferdselsdepartementet til å gripe inn i planprosessen.

Arne Haukvik (Sp): Eg takkar for svaret, som høyrest tilforlateleg ut. Det er greitt at det er kommunal veg, og det er flott at statsråden slår fast at her er det lokalt sjølvstyre, at me i det små skal få rå oss sjølve. Men me blei ikkje spurde den gongen Rikshospitalet blei plassert på det siste store grøne området i Oslo. Det har me måtta finne oss i. Derfor er det viktig at ansvaret her tilligg staten, som nå pålegg Oslo å stille eit så stort område til disposisjon for statlege føremål. Det er vel og bra i seg sjølv, men denne traséen kunne vore plassert andre stader. Staten må her ha eit ansvar for å følgje opp at trafikken blir ordna på ein skikkeleg måte. Det høyrest ut som at 70 mill. kr er eit rimeleg tilskot, og det skuffar meg litt at ikkje staten òg er engasjert i å finne fram til ei best mogleg løysing.

Statsråd Nils Olav Totland: Det er vel slik at det er litt forskjellige oppfatninger av hva som er den beste løsningen. Arne Haukvik har sin oppfatning av det. Reguleringsmyndighetene i Oslo og Statsbygg har sin oppfatning, og de har framforhandlet en avtale som jeg også tror summa summarum gir den beste løsningen. Så tror jeg det er riktig at vi tar innover oss at både Rikshospitalet og utgangspunktet for at vi får en reguleringsplan for veier i Blindernområdet også er veldig sterkt knyttet til et annet nasjonalt og viktig område, nemlig byggingen av Universitetsbiblioteket på Blindern. Det har vært en av hovedgrunnene til at vi fra Statsbyggs og Administrasjonsdepartementets side har stått hardt på for å få denne reguleringsplanen på plass, som det nå virkelig haster med.

Arne Haukvik (Sp): Eg gleder meg med statsråden over at ein endeleg har kome fram til ein avtale, slik at bygginga av Universitetsbiblioteket kan setjast i gang. Det har òg vore nødvendig, så me får trøyste oss med at aldri så gale at det ikkje er godt for noko. Så får me håpe at Oslo kommune, saman med statlege myndigheiter, i neste omgang har vett til å gå inn for den andre løysinga, slik at det blir ei brukbar trafikkløysing.

: