Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Stortinget - Møte onsdag den 15. mai 1996

Dato:
Tilbake til spørretimen

Spørsmål 22

Marit Tingelstad (Sp): Jeg skal få stille følgende spørsmål til kirke-, utdannings- og forskningsministeren:

For enkelte fagområder i videregående opplæring viser det seg å være et stort misforhold mellom elevtall og tallet på lærlingplasser.

Vil statsråden, når det nå viser seg at dagens regelverk hindrer mange unge i å få lærlingplass, gi åpning for at unge kan begynne i lære i fag som er beslektet med det de nå er elever i?

Statsråd Reidar Sandal: Å skaffe lærlingplassar til alle som ønskjer det, er ei av dei største utfordringane ved Reform 94. Tal henta frå fylkeskommunane pr. 1. januar 1996, viste at det var teikna intensjonsavtalar og gjeve førehandsløfte om ca 15 200 lærlingplassar i fylka av eit mål på ca 17.000 plassar. Tala gav eit førebels bilete av situasjonen på landsplan, men bygde ikkje på elevane sine søknader om lærlingplass. Departementet får no inn nye tal pr. 10. mai som vil gje oversikt over søkjarar til lærlingplassar i dei enkelte faga. Desse tala vil gje eit realistisk bilete av situasjonen.

Eg forstår elles spørsmålet slik at det bør opnast for at ein elev skal kunne teikne lærekontrakt i eit fag som rekrutterer frå eit anna vidaregåande kurs I enn det vidaregåande kurset eleven går på. Regelverket hindrar ikkje ei slik løysing, men det er faglege grunnar for ikkje å opne for løysinga. Tilbodsstrukturen og innhaldet i opplæringa er fastsett etter ein grundig prosess og i nært samarbeid med partane i arbeidslivet. For å kunne teikne lærekontrakt er det ein føresetnad at ein har heilt bestemte kunnskapar. Desse kunnskapane får ein berre gjennom eit bestemt grunnkurs og eit vidaregåande kurs I som byggjer på grunnkurset. Dei to åra i skule gjev grunnleggjande praktisk trening og dekkjer normalt den teoretiske delen av opplæringa fram til fagprøva. Det er såleis ikkje det same kva for vidaregåande kurs ein har gått når ein teiknar lærekontrakt.

Eg finn det derfor ikkje rett å opne for at ein skal teikne lærekontrakt i eit fag som rekrutterer frå eit anna vidaregåande kurs I enn det som gjev kompetanse for eit bestemt lærefag. Men eg vil følgje utviklinga nøye og ta dei initiativ som eg finn nødvendig for at det skal bli betre samsvar mellom lærlingen sin bakgrunn og tilbodet om lærlingplass.

Eg kan elles opplyse at departementet har invitert representantar frå fylkeskommunane til eit møte 28. mai, der ein, med utgangspunkt i dei nye tala, vil drøfte ulike løysingar i arbeidet med å skaffe læreplassar til alle. Vi vil òg drøfte korleis eit samarbeid om utveksling av lærlingar over fylkesgrensene kan utviklast vidare. Eg har tru på at eit samarbeid på alle plan verkeleg vil bere frukter.

Marit Tingelstad (Sp): Jeg takker statsråden for det fyldige svaret. Jeg la merke til at han sa at han ville følge utviklingen nøye. Det samme svarte statsrådens forgjenger, Hernes, tidligere en gang da jeg stilte et noe liknende spørsmål. Jeg hører også at det skal være møter i fylkene. Det er bra.

Intensjonen med spørsmålet er jo selvsagt å hjelpe de unge til å få et best mulig tilbud. La det være sagt. Men hvis det ikke åpnes for fleksible løsninger, hva er så alternativet? Jo, alternativet blir da enten at de unge ikke har noe tilbud, eller at det må arrangeres kurs i fylkeskommunens regi, noe vi mener ikke er det beste. Det jeg er redd for, og som jeg vil spørre statsråden om, er at dette kan gå ut over de elevene som er lite skolemotiverte, som er litt svake i ulike fag, og da kan et VK II-kurs bli veldig hardt. Det er vel ikke noen god løsning i dette tilfellet?

Statsråd Reidar Sandal: Den endringa som har skjedd i vidaregåande utdanning i og med at ein har fått Reform 94, er at ein klart større del av dei unge tek yrkesfagleg utdanning. Det synest eg har vore ei veldig nyttig, interessant og riktig utvikling. Det som har skjedd, er at dei unge har fått tilbod som er betre i samsvar med deira ønske, og som òg for veldig mange imøtekjem interessene i sterkare grad enn slik strukturen var før.

La meg få streke under at den store merksemda som Kyrkje-, utdannings- og forskningsdepartementet har på lærlingspørsmål, nettopp er for å hjelpe til slik at flest mogleg unge kan få best mogleg tilbod.

Marit Tingelstad (Sp): Jeg takker for svaret. Intensjonen med Reform 94 kjenner jeg også godt til, det var bl.a. å heve yrkesutdanningen og å gi flere jenter mulighet til fagopplæring. Og her er vi ved det største problemet, fordi det er så lite samsvar mellom dem som har videregående kurs I i barne- og ungdomsarbeid/omsorgsarbeid, og læreplasser. Det er et stort problem. Noen av oss som har drevet en del med disse fagene, mener at det kunne være mulig å åpne for at disse elevene kunne gå fra noen av de nevnte fagene over til renholdsoperatør f.eks., ved at fylkeskommunene selvsagt måtte gi noe tillegg for yrkesteori.

Dette har vi foreholdt ulike faginstanser, som ser på det som positivt. Jeg har da et lite håp om at statsråden vil følge opp dette og gi denne muligheten til ungdommens beste.

Presidenten: Dermed er sak nr. 1 ferdigbehandla.

: