Stortinget - Møte onsdag den 8. mai 1996
Spørsmål 29
Mimmi Bæivi (A): Jeg tillater meg å stille følgende spørsmål til statsråd Reidar Sandal:
En tredjedel av alle norske apotek har ikke farmasøytisk kandidat ansatt utover apotekeren. Særlig i Nord- Norge er farmasøytmangelen alvorlig.
Vurderer statsråden å øke utdanningskapasiteten på dette fagområdet?
Statsråd Reidar Sandal: I apoteka finn ein hovudsakleg tre yrkesgrupper: farmasøytiske kandidatar, reseptarar og apotekteknikarar. Legemiddel på resept kan berre ekspederast av personar med ekspedisjonsrett. Slik ekspedisjonsrett har farmasøytiske kandidatar og reseptarar.
I dag blir det utdanna farmasøytar ved universiteta i Oslo og Tromsø. Opptakskapasiteten er til saman 75 studentar ved dei to universiteta, 55 studentar i Oslo og 20 studentar i Tromsø. Utdanningstida er fem år. Utdanninga i Tromsø starta hausten 1994. Alt frå hausten 1992 var det eit samarbeid mellom dei to universiteta om å utdanne farmasøytar. Fem studentar som hadde grunnutdanning frå Universitetet i Tromsø, fekk ta den spesifikke farmasøytiske delen av studiet ved Universitetet i Oslo.
Reseptarar blir utdanna ved Høgskolen i Oslo. Det blir teke opp 32 reseptarstudentar kvart år. Utdanningstida er to og eit halvt år.
Sosial- og helsedepartementet har nedsett eit utval som skal vurdere rammevilkåra for omsetjing av legemiddel. Utvalet skal m.a. vurdere monopolstillinga til apoteka, eventuelt endringar i ordninga for etablering av apotek og ulike modellar for omsetjing av legemiddel.
Norges Farmaceutiske Forening har kartlagt arbeidsmarknaden for farmasøytar og laga prognose for talet på yrkesaktive farmasøytar. Denne organisasjonen tilrår ikkje å auke opptaket av farmasistudentar.
Utdanningskapasiteten blir vurdert heile tida i forhold til det behovet samfunnet har for farmasøytiske kandidatar. Talet på studieplassar i cand. pharm.-studiet har auka dei siste åra, frå 50 i 1991 til 75 i 1994. Etableringa av studiet i Tromsø hadde nettopp som mål å betre situasjonen i Nord-Noreg når det gjeld tilgang på farmasøytiske kandidatar. Eg viser til at det første kullet på det fullt utbygde studiet i Tromsø først vil vere uteksaminert våren 1999.
Mimmi Bæivi (A): Jeg takker statsråden for svaret og er glad for at han er oppmerksom på problemene. Stortingets mål er mest mulig effektiv legemiddelbruk. I den forbindelse vil jeg spørre statsråden om han vil påse at tidsrammen for det utvalget Sosial- og helsedepartementet nedsatte, blir overholdt.
Statsråd Reidar Sandal: Det utvalet som representanten Mimmi Bæivi omtalte, er nedsett av Sosial- og helsedepartementet. Det er gjeve eit tidspunkt for framlegging av utvalsinnstillinga - eg meiner det er mot slutten av dette året. Sjølvsagt reknar eg med at utvalet leverer innstilling til det tidspunktet som er føresett. Men dette utvalet ligg under eit anna departement, og eg berre avventar saka.
Elles minner eg om at vi følgjer utviklinga på dette området nøye, og at talet på kandidatar til det området representanten Mimmi Bæivi omtalte, har auka dei seinare åra.