Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Stortinget - Møte onsdag den 8. mai 1996

Dato:
Tilbake til spørretimen

Spørsmål 16

Erling Folkvord (RV): Eg skal få stille eit spørsmål til justisminister Grete Faremo:

Aftenposten har i fleire reportasjar skrive om omfattande svindel i tilknyting til bingospel. Ideelle lag og foreiningar lir store tap, mens det blant entreprenørane er sånn at « mange utnytter systemet og stikker penger i egen lomme » (Aftenposten 2. februar 1996). Oslo Idrettskrets seier at kontrollen må bli god nok til at folk kan få tillit til bingospel.

Kva vil statsråden gjere med gjeldande regelverk for å få til ein fullstendig og landsdekkande kontroll med bingoentreprenørane?

Statsråd Grete Faremo: Hovudomsynet bak lotterilova er å sikre lotteriverdige organisasjonar økonomiske tilskot gjennom lotteriverksemd. Lova skal sikre kontroll med verksemda. Ein ynskjer å sikre at midlane frå lotteriarrangement i størst mogleg grad kjem lotteriverdige føremål til gode. Politiet i kvart einskilt politidistrikt utfører kontrollen med bakgrunn i det forskriftsverket og dei rammevilkåra Justisdepartementet fastset.

Lotterilova og bingoføresegna varetar omsynet til kontrollordningar, nettopp for å hindre svindel og utnytting av systemet.

Etter gjeldande reglar skal lag og organisasjonar som søkjer om bingoløyve, allereie ved søknaden til politiet oppgje ein person som ansvarshavande for spelet. Spelande lag skal dessutan ha ein myndig ansvarleg representant til stades i spelelokalet til kvar tid. Den ansvarshavande og den ansvarlege representanten skal m.a. sjå til at gjeldande reglar og vilkår blir overhaldne. Drift av bingo kan finne stad med profesjonell betalt hjelp, såkalla bingoentreprenør. Laga sin representant skal i så fall under tilsyn av entreprenøren føre ein dagsrapport over omsetnaden av bingobongar og utbetaling av vinstar. Representanten skal saman med entreprenøren telje opp dei innkomne pengane. Entreprenøren skal føre rekneskap som skal sendast til politiet etter utløpet av speleperioden. Rekneskapen skal reviderast av ein person som er oppnemnd av laget og godkjend av politiet.

Gjeldande føresegner om bingo sikrar at politiet kan nekte bingospel hos entreprenørar som ikkje har politiet sin tillit, eller som ikkje er til å lite på i økonomisk samanheng. Det kan ved godkjenning av søknaden om bingo krevjast at entreprenøren stiller garanti mot økonomisk tap som spelande lag vil kunne lide ved mishøve eller forsømming som entreprenøren eller dei tilsette gjer seg skuldig i.

Gjeldande regelverk er såleis svært detaljert på fleire punkt når det gjeld kontroll med bingospel. Eg meiner likevel ytterlegare regulering er på sin plass. Justisdepartementet vil difor vurdere om det skal innførast klarare reglar for godtgjersle til entreprenøren, og føresegner om kva entreprenøren kan krevje i leige av spelande lag for utstyr i bingolokalet. Ytterlegare kontroll med at dei utgifter som entreprenøren oppgjev, er i samsvar med dei faktiske utgiftene, vil også bli vurdert.

Vidare har departementet nedsett ei arbeidsgruppe for å utgreie spørsmålet om oppretting av ei sentral lotteriforvalting utanfor departementet. Både den store auken i saksmengda og ynsket om å byggje opp ein større teknisk ekspertise på området har gjort dette aktuelt. Utgreiinga frå arbeidsgruppa vil i tråd med justiskomiteen sine føresetnader under handsaminga av lotterilova bli fremja for Stortinget.

Erling Folkvord (RV): Så vidt eg hugsar, vart liknande problemstillingar reiste i spørjetimen i 1982, og nokså runde svar vart gitt. Mange år har gått, det har vorte nokre nye reglar, men ikkje så veldig mykje forbetring av praksis.

Førstestatsadvokat Grimstad i Økokrim seier til Aftenposten 2. februar:

Politiet plikter å følge opp på kontrollsiden, men makter det ikke. Slik det er i dag, er det altfor lett å unndra penger. Det er skremmende å se hvor lenge enkelte kan holde det gående på gal side av lovverket, uten at myndighetene griper inn.

Politiadjutant Brekke seier til same avis:

Tapende part er de ideelle lag og foreninger.

Kan statsråden vere litt meir konkret om når det vil bli konkrete forandringar i handhevinga av kontrollen?

Statsråd Grete Faremo: Jeg tror ikke det er noen uenighet om at dagens kontroll kan bedres. Det var også noe av bakgrunnen for den lotteriloven som Regjeringen la fram, og som fikk tilslutning her i Stortinget for et drøyt år siden. Vi har også sett det viktig å utrede et forslag - som Stortinget sluttet opp om - om en egen lotteriforvaltning for å sikre både et så godt regelverk som mulig og en tettere oppfølging, og dermed også en bedre kontroll. Dette arbeidet pågår nå i departementet, og saken vil selvsagt bli lagt fram for Stortinget så fort som mulig.

Erling Folkvord (RV): Etter kvart som eg har prøvt å sette meg inn i utviklinga av tilstandane i bingomarknaden gjennom lang tid, har eg lurt på: Kvifor i all verda har ikkje Justisdepartementet og justisministeren sytt for å gripe inn? Gjennom det eg har fått lese i ein kommisjonsrapport i går og i dag, har eg sett litt av kva det er ein stor del av justisministeren sine ressursar har vore engasjerte i, i staden for å sette inn støytet mot økonomisk kriminalitet i bingobransjen.

Til dei runde svara som justisministeren no gir, vil eg berre seie at det er justisministeren sitt ansvar at påvist økonomisk kriminalitet og påviste regelbrot - som påfører ideelle organisasjonar store tap, og som bringer bingoverksemda i miskreditt - får halde fram. Det bør gå svært, svært kort tid til det blir ei storstila opprydding, dels gjennom betre handheving og dels gjennom regelverksendringar - for det er mykje som kan gjerast gjennom å handheve dagens regelverk også.

Statsråd Grete Faremo: Det er noe vanskelig for meg å forstå den etterlysningen som kom fra representanten Folkvord om å gripe inn. Det var vel nettopp det Regjeringen gjorde både med det forslag til ny lotterilov som er fremmet for en tid tilbake, og med de forskriftene som nå er til bearbeiding i departementet. Det er en stor aktivitet dette dreier seg om. Det er sterke økonomiske interesser involvert - her er jeg helt enig med representanten Folkvord - og derfor er det så viktig å få til en forvaltning av disse sakene som kan bidra til nødvendig opprydding og sikre at de inntektene som vinnes gjennom bl.a. bingo, går til de formål som loven forutsetter.

: