Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Stortinget - Møte onsdag den 24. april 1996

Dato:
Tilbake til spørretimen

Spørsmål 21

Bjørg Hope Galtung (Sp): Eg har stilt fylgjande spørsmål til fiskeriministeren:

24. juni 1994 avgav ei arbeidsgruppe, leia av underdirektør Magnhild Bjørseth i Fiskeridepartementet, ein rapport om « Utredning om søk etter omkomne på havet ».

Korleis er denne rapporten fylgd opp i ettertid?

Statsråd Grete Faremo: Gruppa som er omtala i spørsmålet, hadde i mandat å « legge frem en tilrådning om retningslinjer for den som skal avgjøre i hvilke tilfeller et søk etter omkomne fiskere og sjøfolk skal fortsette, og når det skal opphøre ». Gruppa skulle også « legge frem tilrådning om hvem som bør ha beslutningsmyndighet når det gjelder å fortsette og avslutte søking ». Endeleg skulle gruppa « utrede de økonomiske og administrative konsekvenser av sine forslag ».

Arbeidsgruppa føreslo at det blir etablert ei ordning der staten tek på seg eit meiransvar i høve til i dag, og at det blir etablert ei ordning for søk etter omkomne på havet. Gruppa skisserer korleis dette kan gjerast, men er delt i fleirtal og mindretal i nokre spørsmål.

Utgreiinga er lagd fram for ei lang rekkje høyringsinstansar, både organisasjonar og sentrale og lokale organ. Det har kome inn ei lang rekkje høyringsutsegner. Mange uttrykkjer støtte til alle eller delar av framlegga, men det er òg tungtvegande innvendingar mot forslaga i rapporten.

Enkelte høyringsinstansar meiner at utgreiinga om søk etter omkomne på havet ikkje inneheld ei tilfredsstillande vurdering og klargjering av kva for praksis og tradisjon som gjeld for våt grav langs norskekysten. Det blir òg etterlyst ei drøfting av dei etiske sidene generelt og spesielt av omfang og finansiering, psykologi og sorgarbeid og kyrkjelege handlingar og oppfølging overfor dei etterlatne.

Etter at utgreiinga om søk etter omkomne på havet vart send på høyring, skjedde « Estonia »-ulukka. Forliset aktualiserte problemstillinga om søk etter omkomne på havet. Den svenske regjeringa fekk utarbeidd ei utgreiing av dei etiske sidene ved ulukka og følgjene av ho. Den svenske regjeringa slutta seg til konklusjonane i utgreiinga om at ein ut frå etiske vurderingar ikkje skal hente opp dei omkomne på « Estonia. » Sjølv om utgangspunktet for dei vurderingar som er gjorde i den norske og den svenske utgreiinga er ulikt, vil materialtet frå « Estonia »-ulukka liggje ved dei vidare vurderingar i denne saka.

Som alle kan forstå, står ein her overfor ei sak med både vanskelege og kjenslege spørsmål. Alternative måtar å følgje opp dei ulike sidene av saka på blir vurderte i nær kontakt med dei departementa det gjeld.

Bjørg Hope Galtung (Sp): Eg takkar for svaret, som delvis var eit samandrag av rapporten.

Det er mange som har sett fram til konklusjonen på og oppfølginga av denne rapporten. Då det snart er gått to år sidan den vart lagd fram, er det veldig mange som er skuffa over at det ikkje reelt har skjedd noko når det gjeld avklaring av ansvarstilhøvet for søk etter omkomne. I dei siste to åra har fleire innan dei to aktuelle næringsgreinene omkome på havet, og også i framtida vil familiar mista sine kjære på sjøen, med den sorga og uvissa som fylgjer med.

Etter mitt syn er det på tide å få avklara ansvarsspørsmåla - eg synest òg det er noko uverdig at det ikkje alt er gjort - når det gjeld søk etter omkomne. Mitt tilleggsspørsmål vil difor verta: Vil statsråden ta initiativ til å få ei avklaring i dette spørsmålet så fort råd er?

Statsråd Grete Faremo: Det er selvsagt slik at arbeidet med å forebygge ulykker også på havet har topp prioritet i tillegg til forebygging av ulykker til lands. Når det gjelder ansvarsforholdet, er det klart at politiet har et ansvar for arbeidet med sikte på så langt det er mulig å berge både liv og eventuelle materielle verdier.

I arbeidet med oppfølgingen av rapporten er det, som jeg nevnte i svaret, en rekke viktige og vanskelige problemstillinger å forholde seg til, og i dette arbeidet har vi hatt samarbeid både med fiskeriorganisasjonene og andre med tilknytning til andre deler av sjøfarten.

Bjørg Hope Galtung (Sp): Når det gjeld rapporten, var det eit fleirtal i gruppa som meinte at eit eventuelt statleg ansvar for søk etter omkomne berre skulle gjelda fiskarar, medan eit mindretal meinte at det òg måtte gjelda sjøfolk. Begge desse gruppene er med under det mandatet som arbeidsgruppa fekk. Det er mogleg at det er det at det her er eit mindretal og eit fleirtal som er årsaka til at ein ikkje er komen vidare når det gjeld utgreiinga og konklusjonen, for det er òg økonomiske sider ved dette.

Mitt spørsmål vert då: Korleis vurderer statsråden det å skilja mellom desse gruppene i spørsmålet om statleg ansvar for søk etter omkomne? Eg har òg lyst til å gjenta det førre spørsmålet: Når kan ein venta ei avklaring i dette spørsmålet?

Statsråd Grete Faremo: Det er selvsagt et viktig spørsmål hvorvidt man skal skille ut personer og saker knyttet til fiskeriene til forskjell fra andre deler av sjøfarten. Men det er også andre og vanskelige spørsmål som trenger en avklaring gjennom en bred og mer prinsipiell tilnærming, og det var derfor jeg i denne sammenheng også nevnte - og det er naturlig å gjenta det - at ikke minst erfaringene fra « Estonia »-ulykken gjør det nødvendig å hente inn nærmere opplysninger fra Sverige.

Presidenten: Spørsmålene nr. 22 og 23 er allerede besvart.

: