Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Stortinget - Møte onsdag den 27. mars 1996

Dato:
Tilbake til spørretimen

Spørsmål 25

Rita H Roaldsen (Sp): Jeg vil få stille følgende spørsmål til kirke-, utdannings- og forskningsministeren.

I forbindelse med gjennomføringen av Reform 94 har det vært viktig å styrke opplæringsringene og opplæringskontorene for å stimulere til flere lærlingkontrakter.

Kan statsråden forklare hvorfor de totale tilskuddene til opplæringskontorene er redusert?

Statsråd Reidar Sandal: Fylkeskommunane har innanfor ramma av omfangsforskrifta ansvar for å tilby vidaregåande opplæring til personar med og utan lovfesta rett. Læreplanane etter Reform 94 føreset læretid i bedrift for fag under lov om fagopplæring i arbeidslivet. Etter dei nye læreplanane teiknar ein kontrakt frå og med sommaren eller hausten 1996 i fag som følgjer hovudmodellen. Frå same tidspunkt blir det innført eit nytt tilskotssystem for lærlingar som fylkeskommunane har ansvar for. Det nye tilskotssystemet omfattar eit basistilskot på 53.000 kr pr. lærling pr. år og eit kvalitetssikringstilskot på 7.500 kr pr. lærling pr. år, maksimum 15.000 kr. Basistilskotet erstattar det tidlegare lærlingtilskotet, instruktørtilskotet og tilskotet til fagprøva. Desse tilskota er dei same for alle som tek imot lærlingar, for bedrifter, opplæringsringar og opplæringskontor.

Etter den tidlegare ordninga med enkelt lærlingtilskot ville ei lærebedrift med 30 lærlingar få 618.000 kr i tilskot pr. år. Etter ny tilskotsordning vil bedrifta få 1.020.000 kr pr. år, dvs. ein auke på 65 % i forhold til tidlegare tilskotsordning.

Som eit ekstratiltak for å stimulere fleire små og mellomstore bedrifter til å ta inn fleire lærlingar har Stortinget vedteke å innføre driftstilskot til opplæringskontor frå og med andre halvår 1996. Tilskotet vil bli gjeve for opplæringstida i bedrift. Det er opplæringskontoret som teiknar kontrakt med lærlingane og har opplæringsansvar. Opplæringskontoret blir derfor sett på som ei tilskotseining, dvs. at opplæringskontoret tek imot både basistilskot og kvalitetssikringstilskot i tillegg til det nye driftstilskotet til opplæringskontor for alle lærlingane.

Om dei 30 lærlingane i rekneeksemplet er knytte til opplæringskontor, vil opplæringskontora få ytterlegare 27.000 kr i tilskot pr. år. I den tidlegare tilskotsordninga fekk ikkje opplæringskontora særskilt driftstilskot.

Dette viser altså at opplæringskontor kjem styrkte ut etter innføringa av den nye tilskotsordninga samanlikna med tidlegare tilskotsordning med enkelt lærlingtilskot.

Rita H Roaldsen (Sp): Jeg takker statsråden for et grundig svar. Bakgrunnen for mitt spørsmål er Rundskriv F-12/96 som departementet har sendt til fylkene den 20. februar d.å. Tolkningen av rundskrivet fra bl.a. en del opplæringskontor og fra NHO viser at den totale tilskuddssummen i den nye ordningen er redusert med 6,4 % sammenliknet med den gamle ordningen. Hvem som tolker det rett og hvem som tolker det rangt, skal ikke jeg avgjøre. Men hvis denne tolkningen er uriktig og tilskuddene i realiteten er økt, vil da statsråden sende ut et nytt rundskriv til fylkene som er utformet slik at omfanget av tilskuddene ikke kan feiltolkes?

Statsråd Reidar Sandal: Eg har i svaret mitt til representanten Roaldsen gjort greie for korleis forskriftene er og korleis dei er å forstå, og meiner det ikkje er grunnlag for å dra den konklusjonen at dei nye tilskotsordningane gjev eit dårlegare utgangspunkt enn dei vi hadde før. Tvert imot viser svaret mitt at tilskotssystemet er betra i forhold til tidlegare forskrifter.

Eg ser derfor ingen grunn til å sende ut noko nytt rundskriv, men eg vil tru at det svaret som er gjeve bl.a. i denne spørjetimen, kan kopierast, slik at ein får nødvendig tilleggsinformasjon.

Rita H Roaldsen (Sp): Jeg takker på ny statsråden for svaret. Det er litt viktig i denne sammenhengen at fylkene får informasjon om de reelle tilskuddene de får, og at bestemmelsene ikke blir feiltolket slik at de oppfatter det som at de får mindre enn de skal ha.

Da Stortinget behandlet budsjettet, sa også flertallet i komiteen at opplæringskontorene og opplæringsringene burde behandles likt med hensyn til tilskuddsnivå og de forskjellige tilskuddsordningene.

Nå står det også i det rundskrivet jeg refererte til, at driftstilskuddet til opplæringskontorene settes til 50 % av satsene for driftstilskuddene til opplæringsringene, og vi har da bedt om at de måtte sidestilles. Vil statsråden følge det opp, slik at det blir gjort i budsjettet for kommende år?

Statsråd Reidar Sandal: Eg føler nok at det siste spørsmålet frå representanten Roaldsen eigentleg var eit nytt spørjetimespørsmål og ikkje eit naturleg tilleggsspørsmål til det opphavlege.

Når det gjeld den første saka representanten kommenterte, vil eg, dersom det er slik å forstå at det kan ha oppstått misforståingar, syte for at det spørjetimesvaret som er gjeve i dag, kan bli sendt til fylkeskommunane, slik at ein har denne informasjonen i tillegg til forskrifta.

: