Stortinget - Møte onsdag den 20. mars 1996
Spørsmål 29
Rita Tveiten (A): Eg vil gjerne få stilla følgjande spørsmål til kyrkje-, utdannings- og forskingsministeren:
Fleire kommunar uttalar at dei vurderer å utsetja 6-årsreforma. Grunngjevinga er usikkerheit omkring finansieringa. Bergens Tidende hevdar 14. mars 1996 at reforma vil kosta 5 milliardar kroner.
Kan statsråden stadfesta at 6-årsreforma skal fullfinansierast av staten?
Statsråd Reidar Sandal: I kommuneøkonomiproposisjonen for 1996 gjorde Regjeringa greie for spørsmålet om kompensasjon til kommunesektoren for skulereforma. Eg siterer:
« Regjeringen vil i 1997/98 gi kommunesektoren kompensasjon for de økte offentlige driftskostnadene ved skolereformen slik: |
Samlede offentlige driftskostnader ved å gi 6-åringene rett og plikt til opplæring etter grunnskoleloven, fratrukket de offentlige driftskostnadene til det frivillige tilbudet til 6-åringer under lov om barnehager. »
Investeringskostnadene blei her inkluderte i driftskostnadene. Spørsmålet om kompensasjon til den enkelte kommune blei omtalt slik:
Når det gjelder hvordan den enkelte kommune skal kompenseres, legger regjeringen vekt på at de kommuner som har prioritert å legge til rette for innføringen av en 10-årig grunnskole ikke skal komme uheldig ut.
I skuleåret 1997-98 vil nærare 2.800 grunnskular gje opplæringstilbod til 6-åringar. Reforma fører til meir enn 3.000 nye klassar i grunnskulen. Utrekningane av investeringskostnadene knytte til desse er svært detaljerte. Når det gjeld nødvendige investeringar, må det takast omsyn til dei 6-åringane som allereie har eit tilbod i skulelokale i dag, og til kvaliteten på desse lokala. I tillegg har ein del kommunar ledige lokale til bruk for 6-åringane i 1996 og 1997 som må tilpassast behova til desse elevane. Utover dette krevst det nye lokale for dei 6-åringane som ikkje har tilbod i skulelokale i dag.
Det samla investeringsbehovet og fordelinga på kommunane vil fredag bli lagt fram for Stortinget i ein eigen proposisjon. Proposisjonen vil gjere greie for det investeringsbehovet som er knytt til reforma. Utrekningane vil vere baserte på detaljerte data for kvar kommune. I tillegg vil det bli lagt til grunn føresetnader knytte til arealbehov og kostnader pr. eining for nybygg og bygningsmessige tilpassingar, som vil vere dei same for alle kommunane. Utrekninga er såleis ikkje ein sum av rekningar presenterte av kommunane, men ein kombinasjon av data innhenta frå kommunane og utrekningstekniske føresetnader.
Når det gjeld driftsutgiftene som følgje av reforma, vil Regjeringa leggje fram ein detaljert plan over omfang og finansiering i kommuneøkonomiproposisjonen for 1997.
Rita Tveiten (A): Eg takkar statsråden for svaret.
Eg tolkar statsråden sitt svar slik at alle dei meirutgiftene kommunane får ved å setja i verk 6-åringsreforma, fullt ut vil bli kompenserte av staten. Den lovnaden vil utan tvil kommunane merka seg og veta å setja pris på.
Eg merka meg elles at ein eigen proposisjon om det samla investeringsbehovet og fordeling på kommunane vert lagd fram for Stortinget komande fredag. Det er positivt og gjev kommunane meir « fast fisk » kva gjeld reine tal knytte til reforma.
Eg vonar resultatet av det vil verta full innsats frå alle kommunane, slik at alle landets 6-åringar får eit godt og triveleg møte med skulen hausten 1997.
Presidenten: Dermed er sak nr. 1 ferdighandsama.