Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Stortinget - Møte onsdag den 20. mars 1996

Dato:
Tilbake til spørretimen

Spørsmål 18

Eli Sollied Øveraas (Sp): Eg vil få stille følgjande spørsmål til statsråden:

Under handsaminga av ny barnehagelov, Innst.O.nr.28 (1994-1995), peikte komiteen på dei spesielle problema døve barn i barnehage står overfor i samband med opplæring i teiknspråk, og bad Regjeringa kome attende til Stortinget med framlegg til løysingar på dette.

Har departementet starta dette arbeidet, og kor langt har det eventuelt kome i høve til det Stortinget bad om?

Statsråd Grete Faremo: Eg kan opplyse at Barne- og familiedepartementet har kome langt i utgreiinga av dette arbeidet i samarbeid med Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet. Eg ser dette vedtaket i Stortinget i samanheng med Stortinget si handsaming av Dok.nr.8:45 (1994-1995), forslag frå stortingsrepresentant Erling Folkvord om sikring av hørselshemma førskolebarn sin rett til språkopplæring - opplæring i teiknspråk som førstespråk. I Innst.S.nr.170 (1994-1995) ber fleirtalet i kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen departementet greie ut og kome med forslag til rammer og retningsliner for å sikre døve førskolebarn rett til opplæring i teiknspråk, seinast i samband med opplæringslovene. Vidare ser eg saka i samanheng med den reviderte forskrifta for grunnskolen, som gjev hørselshemma barn under opplæringspliktig alder som får spesialpedagogisk hjelp, rett til opplæring i teiknspråk. Denne forskrifta skal tre i kraft 1. juli 1997.

Dei to departementa har i samarbeid med to spesialpedagogiske kompetansesenter fått utarbeidd to utgreiingar, ei av fagleg og ei av faktamessig karakter. Desse to utgreiingane gir oss god kunnskap om og oversikt over forholda for hørselshemma førskolebarn i dag. I samband med utgreiingsarbeidet vart det kartlagt at om lag 190 førskolebarn har behov for opplæring i teiknspråk, og at dei fleste får slik opplæring i ulike samanhengar. Men ein er redd for at dei som vert kalla distriktsbarn, dvs. dei barna som går i barnehage på heimstaden saman med berre høyrande barn, kan ha problem. Det dreier seg om om lag 40 barn. Utgreiingane peikar på at det er særs viktig å finne fram til måtar der distriktsbarna i periodar kan kome i miljø som nyttar teiknspråk. Dette er ein føresetnad for å tileigne seg slikt språk. Dette kan vere vanskeleg i praksis, særleg fordi avstandane kan vere store.

Etter barnehagelova § 9 har barn med funksjonshemmingar førerett til barnehageplass, dersom dei kan ha nytte av opphaldet. Denne føreretten gjeld sjølvsagt også for døve og hørselshemma førskolebarn. Rammeplanen for barnehagen slår fast at utviklinga av språk og evne til kommunikasjon er noko av det viktigaste for barn si utvikling av basiskompetanse. Planen seier vidare at bruk av teiknspråk er naudsynt i språkopplæringa av døve og sterkt hørselshemma barn. Barnehagelova, rammeplanen, retten til spesialpedagogisk hjelp og den nye forskrifta om rett til opplæring i teiknspråk burde totalt sett vere tilstrekkeleg til at dei døve og hørselshemma førskolebarna skal vere sikra opplæring i teiknspråk. Det er kommunane som har ansvaret for at rettane vert oppfylte.

Barne- og familiedepartementet har også økonomiske verkemiddel. I tillegg til det ordinære statstilskotet til drift av barnehagar får kommunane ei påplussing på 10 % som er øyremerkt til tiltak for barn med funksjonshemmingar. For tospråklege barn vert det gitt tilskot til tospråklege assistentar. I St.prp.nr.1 for inneverande budsjettår vart det føreslått at det øyremerkte tilskotet også kunne nyttast til kortvarige kurs i teiknspråk for assistentar, og at tilskot til tospråkleg assistent kan nyttast til å tilsetje assistentar som nyttar teiknspråk. Dette er nytt for inneverande år.

Eg har vore i kontakt med kyrkje-, utdannings- og forskingsministeren i samband med dette spørsmålet. Han stadfester at Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet vil ta opp døve førskolebarn sin rett til opplæring i teiknspråk i samband med odelstingsproposisjonen om ny opplæringslov, som skal leggjast fram for Stortinget til hausten.

Eli Sollied Øveraas (Sp): Eg vil takke statsråden for svaret.

Det er positivt at arbeidet er i gang, og eg har sjølvsagt forståing for at departementet treng noko tid til dette. Det er mange døve barn som er integrerte i såkalla vanlege barnehagar. Men det er òg mange føresette som er svært urolege for at desse barna ikkje får eit godt nok tilbod, då det manglar personale med kompetanse til å gje dei eit fullgodt tilbod. Eg delar denne uroa til dei føresette. Desse døve barna vert sette tilbake i språkutvikling på grunn av mangel på fagfolk, som spesialpedagogar. Statsråden peika på at dette særleg er eit problem for dei såkalla distriktsbarna. Men foreldre i Oslo har stevna Oslo kommune for brot på m.a. grunnskolelova, medan kommunen på si side hevdar at det er mangel på fagfolk som skapar problem.

Mitt spørsmål til statsråden er då: Er departementet kjent med denne problemstillinga, og har departementet i så fall ein strategi på kort sikt for at tilboda til desse barna kan bli betre?

Statsråd Grete Faremo: Jeg må selvsagt innrømme at justisministeren har begrenset kunnskap om en del av disse forholdene, men det er likevel kjente toner representanten Eli Sollied Øveraas kommer med, og på mange måter toner som departementet har vært opptatt av å lytte til for å prøve å finne løsninger. At det er gjort en rekke ting, gir svaret forhåpentligvis et bilde av. Ikke minst den lovproposisjonen som man kommer tilbake til Stortinget med til høsten, vil være et viktig bidrag i denne sammenheng. At det også påligger kommunene et ansvar her, er kanskje unødvendig å si, men jeg velger likevel å gjenta det poenget.

Eli Sollied Øveraas (Sp): Eg vil gjerne takke statsråden for svaret. Eg skal kome med ein kort tilleggsmerknad.

Dersom årsaka til problema ligg i mangel på fagfolk, har då departementet tenkt å vurdere å kome med ein tiltaksplan for å auke talet på spesialpedagogar for døve barn?

Statsråd Grete Faremo: Jeg tror for min del at jeg skal være forsiktig med å løsrive den biten fra debatten om hvordan vi nå skal gjennomføre en del av de tunge reformene som vil berøre både grunnskolen og barnehagene. Og jeg er sikker på at representanten vil få rik anledning til å drøfte disse tingene med barne- og familieministeren, for dette er forhold vi er opptatt av å finne så gode løsninger på som mulig.

: