Stortinget - Møte onsdag den 6. mars 1996
Spørsmål 40
Rita H Roaldsen (Sp): Jeg vil få stille følgende spørsmål til kirke-, utdannings- og forskningsministeren:
Gjennomføring av grunnskolereformen vil medføre et stort behov for førskolelærere. Norsk Lærerlag anslår at det vil bli behov for ca 6.000 lærere for å få gjennomført reformen.
Hvor langt er Regjeringen kommet i arbeidet med å lage en handlingsplan for økt førskolelærerdekning?
Statsråd Reidar Sandal: Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet og Barne- og familiedepartementet har i fleire år samarbeidd om tiltak for å auke førskulelærarutdanninga. Det har i dei seinare åra vore sterk auke i opptaket til førskulelærarutdanninga. Opptakskapasiteten er faktisk dobla frå 1990 til 1995. På grunn av utbygginga av barnehageplassar har likevel mangelen på førskulelærarar auka.
Undersøkingar tyder på at avgangen frå yrket som førskulelærar i barnehage er stor, men svært mange førskulelærarar tek vidareutdanning og går over i anna pedagogisk arbeid. Handlingsplan for auka førskulelærardekning vil skissere tiltak for å halde allereie utdanna førskulelærarar i yrket. Bruk av vidare- og etterutdanning kan her vurderast som eitt verkemiddel.
Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet vil arbeide vidare med desse spørsmåla m.a. ut frå dei avgjerder som blir tekne i Stortinget når det gjeld spørsmålet om førskulelærarar skal kunne undervise på heile småskuletrinnet.
Rita H Roaldsen (Sp): Jeg takker statsråden for svaret.
Det var betryggende å høre at arbeidet med handlingsplanen er kommet i gang. Dette er et svært viktig arbeid, som bør gå litt raskt, da Reform 97 både skal være en barnehage- og en skolereform. Det betyr at de frigjorte plassene etter 6-åringene i barnehagene blir fylt opp av yngre unger. Det vil dermed ikke bli frigjort førskolelærere fra barnehagene.
Situasjonen i dag er at 40 % av alle førskolelærerstillinger i Troms fylke er uten utdannede førskolelærere. Den nye 10-årige grunnskolen skal, som statsråden var inne på, ha førskolepedagogisk kompetanse på hele småskoletrinnet. Det vil dermed bli et enormt behov for førskolelærere.
Mitt tilleggsspørsmål til statsråden blir da om han kan tidfeste når denne handlingsplanen er ferdig, slik at den kan bli lagt til grunn for en tiltaksstrategi.
Statsråd Reidar Sandal: Når det gjeld den saka som representanten Roaldsen stiller spørsmål om, er det faktisk slik at Regjeringa har fått tilslutning til dei forslaga som den har fremma overfor Stortinget på dette området. Det er òg slik at Regjeringa har effektuert dei vedtaka som Stortinget har gjort i denne samanhengen. Det er òg ganske spesielt at opptakskapasiteten er fordobla over ein femårsperiode.
Korleis saka vidare skal handterast, vil òg vere avhengig av den behandling som Stortinget vil ha av spørsmålet om førskulelærarar og deira plass i den nye 10-årige grunnskulen. Når den avklaringa ligg føre, vil departementet ha ei ganske viktig rettesnor for den vidare oppfølginga av denne saka.
Rita H Roaldsen (Sp): Jeg takker igjen statsråden for svaret.
Det som er viktig for oss, er å få denne handlingsplanen så raskt som mulig, slik at den kan danne utgangspunktet for en tiltaksstrategi for å få dekket opp mangelen på førskolelærere. Hvis Reform 97 skal iverksettes fra det tidspunktet som ligger i begrepet « 97 », og som flertallet i denne sal har vedtatt, er det viktig at man har en strategi for å få dekket opp den kompetansen man etterspør i forbindelse med reformen.
Statsråd Reidar Sandal: Eg deler representanten Roaldsen si understreking av kor viktig det er at ein har pedagogisk personale som kan gå inn i arbeidet for å ivareta omsynet både til 1. klasse i den nye 10-årige grunnskulen og også til 6-åringane og deira pedagogiske opplegg i barnehagane i dag. Representanten Roaldsen understreka sterkt at det var viktig å få denne saka ekspedert fort fordi grunnskulereforma skal gjennomførast frå hausten 1997. Den sterke understrekinga av tidspunktet synest eg er positiv. Eg håpar det kan tolkast slik at Senterpartiet vil medverke positivt til at grunnskulereforma kan gjennomførast til det tidspunkt som Stortinget har vedtatt. Eg har med uro sett at ikkje alle i Senterpartiet si stortingsgruppe har delt den oppfatninga.