Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Stortinget - Møte onsdag den 6. mars 1996

Dato:
Tilbake til spørretimen

Spørsmål 13

Rita Tveiten (A): Eg vil stilla følgjande spørsmål til helseministeren:

I ei undersøking, utført av Den norske jordmorforening, går det fram at 63 % av kommunane har tilsett jordmor, 23 % av dei har oppretta stillingsbrøk på 1/4 stilling eller mindre. Særleg vert det lite tid til å følgja opp mor og barn i heimen etter tidleg utskriving frå sjukehus.

Kva vil helseministeren gjera for at lovreforma om jordmorteneste i kommunane vert sett i verk etter intensjonen i Ot.prp.nr.60 (1993-1994)?

Statsråd Gudmund Hernes: Jordmortenesta vart obligatorisk delteneste i kommunehelsetenesta frå 1. januar 1995. Dette er i samsvar med at kommunane har ansvar for førebyggjande arbeid. Føremålet med lovendringa er å styrkje svangerskapsomsorga i kommunehelsetenesta og sikre den gravide og familien heilskapleg omsorg før og etter fødsel.

Etter denne lovendringa får kommunane plikt til å tilby svangerskapskontroll med lege og jordmor ved helsestasjon til dei kvinner som ønskjer eit slik tilbod. Jordmortenesta kan organiserast på fleire måtar avhengig av lokale behov og ressursar. Kommunane kan gjere avtale med andre kommunar, sjukehus eller fødestover for deling av jordmorstillingar. Privatpraktiserande jordmødre kan også tilsetjast i deltidsstilling ved helsestasjonen. Kommunen kan sjølv velje kva formell tilknyting jordmor skal ha til helsestasjonen. Mange kommunar har røynsler og gode tradisjonar med jordmorteneste gjennom mange år. I andre kommunar vil jordmorteneste bli etablert for første gong. I kommunar der jordmortenesta blir etablert for første gong, kan det bli nødvendig med organisatoriske endringar. Innføring av jordmorteneste i kommunane må difor skje gradvis.

Gjennom Statens helsetilsyn og fylkeslegane si tilsynsverksemd vil eg få informasjon om kommunane sitt arbeid med å etterleve dei nye krava regelverket har sett i høve til obligatorisk jordmorteneste i kommunane. Eg vil følgje utviklinga nøye og vurdere tiltak dersom det skulle vise seg å vere behov for dette.

Rita Tveiten (A): Eg vil takka statsråden for svaret.

Det trengst verkeleg oppfølging på dette feltet, ikkje minst fordi liggjetida på sjukehus i samband med fødsel har gått ned. Det er ei rett utvikling, men då krevst det ei oppfølging av mor og barn i heimen etter fødselen.

Ein skal òg hugsa på at mange av dei 60.000 fødande i landet har svært lang reise til fødeklinikk, meir enn ein time. Då krevst det ei følgjeteneste som det berre er jordmor som kan stå for. No ser det ut til at det er finansieringsordninga som påverkar innføringa av jordmortenester i kommunane. Det er slik no at det er sjølve svangerskapskontrollen på helsestasjonen som utløyser refusjonen ifrå folketrygda. Ein kan tenkja seg at med ein stillingsstorleik ned til ein og ein halv time i enkelte kommunar er det iallfall lita tid til oppfølging av mor og barn. (Presidenten klubbar)

Spørsmålet mitt er om ei kan få ei betre utnytting av helsepersonellet, slik at jordmødre gjer arbeidet dei er utdanna til, og så kan legane ta sin del.

Statsråd Gudmund Hernes: Jeg ser helt klart behovet som representanten her påpeker - spesielt hvis man har en deltidsstilling som innebærer at man bare arbeider noen få timer. Da kan selvsagt oppfølgingen, som også innebærer reiser og transport, bli utilfredsstillende.

Både på dette området og på andre områder i helsevesenet mener jeg at en av de sentrale oppgavene er å organisere virksomheten slik at de som har den høyeste kompetansen, får brukt den i så stor grad som mulig overfor de pasientgrupper de har et særlig ansvar for - det gjelder enten det er jordmødre eller f.eks. leger eller sykepleiere. Så denne delen av helsetjenesten, organiseringen av den, er noe som jeg er svært opptatt av.

Rita Tveiten (A): Eg har ein merknad til dette med å bruka utdana helsepersonell til akkurat det området dei faktisk er utdana for. Jordmødrene er jo først utdana til sjukepleiarar. Det inneber at det er mange oppgåver dei kan løysa når dei er knytte til ein lokal helsestasjon, og det er viktig at dei f.eks. vert brukte i den vidaregåande skolen til prevensjonsrettleiing. Dei har i det heile ein svært sentral plass i det norske helsestellet. Det gjeld om at ein kan motverka motkreftene slik at også jordmødre kan få gjort den jobben dei skal gjera.

Eg kan ikkje sjå at me i dette landet har råd til at nokon skal sitja på oppgåver som dei har hatt lenge berre fordi det eingong er sånn, når me har utdana helsepersonell som kan ta dei oppgåvene. Eg ønskjer statsråden lykke til med det arbeidet, og eg håper at Stortinget og statsråden kan arbeide i lag om det.

Presidenten: Spørsmåla 14-20 vil bli svara på seinare.

: