Stortinget - Møte onsdag den 28. februar 1996
Spørsmål 40
Edvard Grimstad (Sp): Jeg vil gjerne få lov å stille følgende spørsmål til kirke-, utdannings- og forskningsministeren:
Vi er kjent med at forskningsinstitutt i Norge som har fått godkjent sin prosjektsøknad innen EUs forskningsprogram, opplever at norske myndigheter ikke stiller opp med den nasjonale egenandelen.
Hva vil statsråden gjøre med dette?
Statsråd Reidar Sandal: Forsking er ein del av EØS-avtalen, og Noreg er med som fullt medlem i EU sitt fjerde rammeprogram for forsking. Deltakinga blir sett på som eit viktig potensial for verdiskaping og utvikling av norsk forsking. Til norsk deltaking i det fjerde rammeprogrammet blir det over budsjettet til Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet løyvt om lag 290 mill. kr årleg i femårsperioden 1994-98. Dette er den årlege nasjonale kontingenten, eller om eg kan seie det slik: den faste nasjonale delen til forskingssamarbeidet innanfor EU.
Prosjekt som får tilslag under fjerde rammeprogram, følgjer eit regelverk for finansiering. I samsvar med dette gir EU-kommisjonen eit tilskot:
- Universitet og liknande institusjonar får støtte på inntil 100 % av tilleggskostnader ved prosjektdeltaking. Som tilleggskostnader reknar ein utgifter direkte knytte til eit prosjekt, dvs. lønsutgifter til fast personale. Driftsutgifter o.l. kan ikkje reknast med.
- Bedrifter og forskingsinstitutt får inntil 50 % støtte til dei totale kostnadene ved prosjektdeltaking.
Dette inneber at bedrifter og forskingsinstitutt sjølve har ansvaret for å skaffe minst 50 % av prosjektkostnadene.
Prinsippet om slik kostnadsdeling er innført for å sikre at prosjekta som dei einskilde forskingsmiljøa tek del i, inngår som prioriterte oppgåver ved dei institusjonane det gjeld. Det er òg rekna som viktig at næringslivet skal vere med på å finansiere forskinga; det er særleg relevant i dei industriretta programma. Det er med andre ord ein føresetnad for deltaking at institusjonane er i stand til å finansiere deltakinga si m.a. ved at dei får med seg næringsliv og andre institusjonar i prosjekta. Det offentlege har såleis inga plikt til å dekkje nasjonal eigendel. Det offentlege si plikt gjeld innbetaling av kontingent.
På denne bakgrunnen blir tilleggsfinansiering av godkjende prosjekt normalt ikkje prioritert når Noregs forskingsråd deler ut nasjonale prosjektmidlar. Som hovudregel blir det ikkje gjeve støtte til eigendel, men institusjonane kan søkje om støtte etter vanlege kriterium for kvalitet og relevans i høve til nasjonale prioriteringar. Ved fleire høve er det òg gjeve støtte til forprosjekt, m.a. fordi basisløyvingane til mange institutt er små.
Når det gjeld offentleg støtte til eigendelen i prosjekta, må ein òg ta omsyn til reglane for statsstøtte innanfor EØS-området. Det vil vere viktig å halde seg til dette regelverket og til dei prinsippa for kostnadsdeling som eg har gjort greie for.
Hovudmålet med norsk deltaking i EU-forskinga er å oppnå best mogleg utbytte for norske forskingsmiljø og bedrifter. På nasjonalt plan vil ein derfor halde fram med å arbeide for godt samvirke mellom EU-forskinga og nasjonalt finansierte aktivitetar. Når det gjeld dei einskilde prosjekta, vil Noregs forskingsråd framleis vurdere eventuell tilleggsstøtte etter vanlege nasjonale kriterium.
Edvard Grimstad (Sp): Jeg takker statsråd Sandal for svaret, selv om jeg ikke ble så veldig oppløftet av det.
Han sier ganske riktig at det er i de industrirettede forskningsprosjekter man kan få til finansiering av egenandelen fra forskningsinstituttene, men ikke all forskning i dette land har slike muligheter. Der det f.eks dreier seg om miljørettet forskning, er det ikke mulig å få industri eller næringsliv til å stille opp med tilleggsfinansiering til forskningsinstituttene. Derfor er svaret som statsråden her har gitt, etter min oppfatning ikke fyllestgjørende. Man må ta hensyn til hvilke typer programmer det dreier seg om.
Riktignok sier statsråden at det ved flere høve er gitt tilskudd til institutt der bevilgningene er små, men allikevel er det i selve søknaden nedlagt så mye arbeid og så mye investeringer at når de da har fått innvilget en søknad om et prosjekt, er det allerede lagt ned så mye midler at instituttene knapt har midler til å føre forskningen videre. De gjør det ved å skrape restene, men det går ut over annen forskning.
Statsråd Reidar Sandal: Representanten Grimstad nemnde at miljøforsking var eit av dei tema som var av særleg interesse her. Eg vil få lov til å nemne at Norges forskningsråd normalt ikkje gjev støtte til eigendel ved prosjektdeltaking i EU sine rammeprogram. Dette er i tråd med dei prinsippa for kostnadsdeling som eg gjorde greie for. Men det finst unntak, og særleg forskingsinstitutt som har offentleg sektor som sin viktigaste oppdragsgjevar, kan nok ha problem med å skaffe til vegar det som populært blir kalla eigendelen, og det gjeld t.d. miljøforskingsinstitutt.
Eg vil for ordens skuld gjere merksam på at Miljøverndepartementet har kanalisert 5 mill. kr på inneverande års budsjett nettopp til institutt innafor sin sektor.
Edvard Grimstad (Sp): Jeg takker igjen statsråden for svaret, men det finnes også forskningsprosjekt og forskningsinstitutter som ikke direkte er underlagt Miljøverndepartementet, men andre departementer som driver med grunnforskning også innen miljø, og som faller utenom denne potten til Miljøverndepartementet. Det er slike tilfeller jeg er blitt kontaktet om. Jeg vil anmode statsråden om å se på disse sakene på nytt. Jeg kan gi ham materiale om dette.
En annen ting er at forskningsprogrammene bør gjøres kjent for forskningsinstituttene slik at forskningsinstituttene ikke legger ned dette enorme arbeidet i å søke EU-finansiering når de ikke er garantert videre finansiering av egenandelen. Det fører til et opphold i andre viktige forskningsoppdrag og -program som drives av disse instituttene, og det er til stor skade for Norge.
Statsråd Reidar Sandal: Eg har gjort greie for dei prinsipp som ligg til grunn for tildeling av midlar på dette feltet. Eg må kanskje òg få lov til å leggje til at sjølve spørsmålet frå representanten Grimstad kanskje kan botne i ei viss misforståing.
Det er faktisk slik at det ikkje eksisterer noka forplikting for nasjonale styresmakter til å stille opp med ein nasjonal eigendel. Dei nasjonale forpliktingane gjeld berre innbetaling av kontingent. Eg har lyst til å streke under dette til slutt, slik at det ikkje skal vere nokon tvil om kva slags retningsliner som gjeld og kva slags praksis Regjeringa følgjer på dette området.