Stortinget - Møte onsdag den 21. februar 1996
Spørsmål 15
Ranveig Frøiland (A): Eg skal få stilla følgjande spørsmål til samferdselsministeren:
Kortare reisetid, betre punktlegheit og service vil kunna gje auka vekst for jernbanen.
Kva framdriftsplan blir følgd for å gjennomføre allereie vedtekne moderniseringsplanar for Bergensbanen?
Statsråd Kjell Opseth: Retningslinene for jernbaneprosjekta som er planlagde gjennomført på Bergensbanen i løpet av inneverande planperiode, er omtalte i St.meld.nr.35 (1992-1993) Norsk jernbaneplan 1994-97.
Kongsnut-parsellen på strekninga Tunga-Finse vart ferdigstilt i 1995. Uksabotn-parsellen vil bli ferdigstilt i 1996, medan arbeidet ved Storurdi og Larsbu ikkje er starta opp. I 1996 er det løyvt 14 mill. kr til oppstart av bygging av nytt kryssingsspor i tunnelen ved Gråskallen, og arbeidet er så vidt starta opp. I tillegg til desse prosjekta inngår tunnelen gjennom Rastalia i jernbaneplanen for 1994-97. Oppstart av tunnelen gjennom Rastalia og vidare framdrift av Gråskallen-prosjektet vil bli vurdert i samband med budsjettet for 1997 og seinare år.
Spørsmålet om korridorval for Ringeriksbanen er for tida til handsaming i Samferdselsdepartementet. Departementet tek sikte på å leggje saka fram for Stortinget i løpet av vårsesjonen 1996.
Ranveig Frøiland (A): Eg skal få takka statsråden for svaret.
Det er vel slik at Bergensbanen går bra på enkelte område, og at inntektene har auka i forhold til budsjettet i 1995 med 1,5 mill. kr. Men det er viktig at desse tinga som statsråden peikte på, vert følgde opp. Når det gjeld Rastalia og Gråskallen-prosjektet, må det gjerast meir enn å vurdera dei i samband med neste års budsjett. Det må løyvast pengar viss ein skal få hurtigare tog til Oslo.
Det er to andre forhold eg vil peika på når det gjeld Bergensbanen, som òg Forum for Nye Bergensbanen er oppteken av. Det gjeld Ringeriksbanen, og det gjeld krengetog. Statsråden seier at Ringeriksbanen skal leggjast fram for Stortinget våren 1996, og det er eg glad for. Det vil vera nødvendig å få kutta ned reisetida dersom Bergensbanen skal vera attraktiv. Men eg spør òg statsråden om dette med krengetog.
Statsråd Kjell Opseth: Representanten Frøiland og eg er samde om at det er viktig å få ned reisetida på Bergensbanen, ikkje berre for persontransport, men også for godstransport. Bergensbanen er den største godstransportstrekninga vi har på jernbanen, og er såleis viktig.
Det er ikkje tvil om at både å ferdigstille Gråskallen og Rastalia er viktig for regulariteten, og kanskje meir viktig for regulariteten på Bergensbanen enn for køyretida.
Når det gjeld spørsmålet om krengetog, er det eit arbeid som pågår i NSB, og som vil bli omhandla i neste jernbaneplan, den som går frå 1998 til ut i år 2000 - viss ein tar med alle ti åra, til 2006 - så det vil vi kome tilbake til i den samanhengen.