Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden

Stortinget - Møte onsdag den 21. februar 1996

Dato:
Tilbake til spørretimen

Spørsmål 11

Magnhild Meltveit Kleppa (Sp): Mitt spørsmål til samferdselsministeren lyder slik:

Ifylgje medieoppslag går Postens sentralleiing inn for å redusera tenestene frå landpostbuda. Pakkepost og verdipost skal berre omdelast to gonger i veka. Også pengetenester skal berre utførast to vekedagar.

Er dette eit postservicenivå statsråden går god for?

Statsråd Kjell Opseth: Postverket opplyser at det frå deira side er planlagt å redusere utlevering av bokførte sendingar til to dagar i veka. Dette grunngjev dei med at kundane faktisk ikkje etterspør desse tenestene oftare.

Postverket har opplyst at det i planane for ekspedisjonsnettet blir lagt stor vekt på å tilpasse servicenivået til det kundane faktisk etterspør av tenester, og til den bruken kundane gjer av tenestene.

I regi av Norsk Gallup Institutt gjennomførte Postverket i 1992 ei marknadsundersøking. 95 % av dei spurde ønskte dette tilbodet ein gong i veka eller sjeldnare. Dei resterande 5 % sa at dei ville ha dagleg service, og peikte særleg på betalingstenester og utlevering av pakker som tenester dei ville ha dagleg tilgang til.

Postverket meiner marknadsundersøkinga generelt er dekkjande i høve til kundane sin faktiske bruk av tenestene. For nokre av produkta, som t.d. hastesendingar til private mottakarar og sendingar til og frå verksemder i område som får tenestene utførte av landpostruter, kan det vere behov for daglege tenester.

Så seint som i spørjetimen i Stortinget 31. januar, på spørsmål frå representanten Inge Myrvoll, sa eg at servicegraden til Postverket skal haldast oppe på dagens nivå. Eg vil føre tilsyn med at dette blir følgt opp. For somme vil omstillingane som no skjer, faktisk føre til ein betre service.

I Samferdselsdepartementet arbeider vi for tida med ei stortingsmelding om postverksemda i Noreg. I samband med dette vil samfunnspålagd servicegrad og servicenivå bli handsama. Eg vil difor be Postverket om ikkje å setje i verk ei ordning med utlevering av bokførte sendingar frå landpostbod to gonger i veka, men avvente handsaminga av nemnde stortingsmelding.

Magnhild Meltveit Kleppa (Sp): Eg vil takka for svaret.

For to veker sidan sa statsråden - og gjentok i dag - at han vil føra tilsyn med at dei framtidsløysingane som postverket no vel, skal gje servicegrad på dagens nivå. Han viste til ei undersøking. No trur nok eg at det er stor forskjell på ei undersøking som viser i kva omfang kundane får besøk, og ei undersøking som viser i kva omfang dei har bruk for å få tenester, pakke-/pengetenester osv. - altså ha tilgang til dette. Ikkje minst har det vore reaksjonar frå små og mellomstore bedrifter på den reduksjonen som det siste forslaget kan medføra når det gjeld servicenivået.

Eg vil då be statsråden sjå også på dei samfunnsøkonomiske kostnadene som eit redusert nivå kan innebera når det gjeld landpostbodtenestene, og ikkje minst når det gjeld det nivået som postservicen no blir lagt opp til i dei store byane våre.

Statsråd Kjell Opseth: Det er faktisk slik at det ikkje er nokon skilnad mellom det som er bedriftsøkonomisk fornuftig, og det som er samfunnsøkonomisk fornuftig når det gjeld å tilby ein servicegrad som kundane etterspør. Det blir i alle fall ikkje økonomisk - korkje bedriftsøkonomisk eller samfunnsøkonomisk - å tilby ein servicegrad som er betre enn det kundane spør etter. Det er jo det heile diskusjonen går om når det gjeld Posten si framtid. Difor er nok denne diskusjonen om å halde oppe dagens tenester, sjølv om ein på andre måtar kan gjere dette billigare og betre, ein diskusjon meir om kjensler enn realitetar.

Magnhild Meltveit Kleppa (Sp): Eg tykkjer det er bra at statsråden inntil vidare ikkje vil la postverket her setja i gang med denne reduserte tenesta, for då vil han òg ha moglegheit for å få fram dei reaksjonane som dette forslaget vil innebera.

Til dette med servicenivå vil eg nemna som eit eksempel ei erfaring som er framboren gjennom Stavanger Aftenblad på måndag, og som gjeld Stavanger-området. Det galdt ein kunde som skulle senda ei pakke til utlandet. Postkontoret nærmast arbeidsplassen var lagt ned, kunden måtte til hovudpostkontoret, kom i ein kø, blei nr. 42, fekk ikkje utført ærendet sitt i den matpausen, prøvde ein laurdag føremiddag på eit anna postkontor med same resultat - tre-fire forsøk, ti minutts ventetid. Då er altså spørsmålet: Er dette innrekna i omgrepet samfunnsøkonomi? Kan statsråden no lova i samband med den nemnde stortingsmeldinga at han ser noko vidare på dette omgrepet og får inn også alle dei tilleggskostnadene som eit redusert nivå her kan representera?

Statsråd Kjell Opseth: Det kan heilt sikkert finnast døme på at det er ventetid på postkontor, som det finst på alle tenester, anten dei er i privat eller offentleg regi. Det kan ikkje vere eit mål i seg sjølv at ein skal ha eit så godt tilbod at det ikkje til noka tid kan oppstå kø. Det må iallfall framskaffast meir enn eitt døme før eg skal ta det på fullt alvor og seie at servicen generelt er for dårleg. Men når vi i departementet har bestemt oss for å vente med reduksjonar frå seks til to dagar når det gjeld pengetenester og andre tenester frå landpostbodet, er det fordi vi meiner landpostbodet er eit godt alternativ til postkontor som har ope frå ein halv time til fire timar for dagen. Vi vil sjå dette i samanhang og leggje det fram for Stortinget.

: