Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Stortinget - Møte onsdag den 14. februar 1996

Dato:
Tilbake til spørretimen

Spørsmål 32

Sigurd Manneråk (Sp): Jeg skal få stille følgende spørsmål til kirke-, utdannings- og forskningsministeren:

Kirke-, utdannings- og forskningsdepartementet har sammen med andre gitt ut boka « Skoleanlegg, forbedring og fornyelse ». Selv om denne boka gir informasjon på viktige felt, er det viktig at kommunene blir oppdatert om gode praktiske løsninger - ikke minst for 6-åringene.

Hva vil departementet gjøre for at erfaringer og gode løsningsmodeller blir gjort kjent for skoler og kommuner som planlegger og arbeider med nybygg?

Statsråd Reidar Sandal: Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet og Kommunenes Sentralforbund sette i 1994 ned eit redaksjonsutval som fekk i oppdrag å utvikle rettleiingsmateriell til hjelp for kommunar og fylkeskommunar som stod framfor bygging eller ombygging av skular. Arbeidet i utvalet resulterte i boka « Skoleanlegg, forbedring og fornyelse », som blei gitt ut i 1995. Boka inneheld råd, idear og eksempel og er meint som rettleiing for lokale styresmakter og skuleeigarar. Den viser òg til tidlegare publikasjonar om skulebygg. Desse publikasjonane kan framleis vere aktuelle. Boka gir informasjon og representerer verken normer eller minstestandardar, sett frå statleg hald.

Då boka kom ut, blei ho send gratis til kommunar, fylkeskommunar, grunnskular og vidaregåande skular. Dessutan fekk dei statlege utdanningskontora i fylka boka. Ho har vore til sals gjennom Kommuneforlaget, som opplyser at det til no er selt om lag 1 900 eksemplar i tillegg til dei som er distribuerte gratis.

Med utgangspunkt i boka er det utarbeidd eit informasjonsmateriale i form av ein lysarkserie. Denne serien er spesielt lagd til rette for grunnskulen og blir brukt ved informasjonsmøte om emnet. Materialet er sendt til dei statlege utdanningskontora, som i sin tur formidlar det vidare til interesserte i fylka. I arbeidet med planlegging på skulesektoren reknar departementet med at dei lokale skulestyresmaktene aktivt tek i bruk boka og materialet elles som no ligg føre. Interessa så langt og dei mange initiativa som er tekne i kommunane og fylkeskommunane, tyder på at dette er tilfellet. Utdanningskontora vil hjelpe til med rettleiing og informasjon på grunnlag av det skriftlege materialet og erfaringar som er gjorde tidlegare. Kontora kan òg formidle kontakt med fagmiljø som har vore aktive på skulebyggfeltet, som t.d. SINTEF i Trondheim. I samband med planlegging av nye bygg har det alt vore arrangert fleire idémøte med utgangspunkt m.a. i boka og i informasjonsmaterialet. For ytterlegare å få ut kunnskap om dei gode løysingane som finst, er det under arbeid ein brosjyre om skulebygg der ein del gode eksempel vil bli samla. Vi vonar at også denne informasjonen kan nå ut og bli brukt på ein tenleg måte.

Sigurd Manneråk (Sp): Jeg takker statsråden for svaret.

Da Stortinget behandlet saken om 6-åringsreformen, uttalte flertallet at leken skulle gis større plass både som pedagogisk virkemiddel og arbeidsmetode i opplæring og oppdragelse i småskolen. Etter mitt syn er dette selve kjernen i Reform 97. Skolen skal preges av en annen pedagogikk på hele småskoletrinnet. Det dreier seg altså ikke bare om å skaffe 6-åringene plass, men om å få en fysisk utforming av skolebygg og skoleområdet på en slik måte at det blir mulig med en pedagogisk fornyelse.

Ser statsråden at hovedmålet med Reform 97 er i fare dersom ikke skoleanleggene får en god fysisk utforming? Og vil veiledning på dette felt bli prioritert høyere fra departementets side i framtiden? Jeg er klar over en del av det arbeidet som er gjort, men jeg mottar nesten hver dag reaksjoner fra kommuner som føler at her jobber de uten den veiledning de har behov for. Etter mitt syn må veiledning på dette området bli en kontinuerlig prosess overfor kommunene.

Statsråd Reidar Sandal: Representanten Manneråk peika særleg på dei behova som 6-åringsreforma vil føre med seg. Eg vil derfor få lov å understreke at tilrettelegging for det nye småskuletrinnet med særleg vekt på 6-åringane er gitt særleg merksemd i den boka som det blei vist til i representanten Manneråk sitt spørsmål. Det same gjeld faktisk òg lokale for skulefritidsordningar.

I den lysarkserien som er utarbeidd i samband med informasjonsmøtet, som eg nemnde, er fysisk miljø for førsteklassingane behandla, og eksempel på utforming av areal for desse er faktisk teke med. Det er òg grunnskulereforma som har vore i fokus på dei samlingane som så langt har vore arrangerte på lokalplanet. Eg meiner derfor at ein i samband med det materialet som er tilrettelagt, har retta fokus mot 6-åringane og deira kvardag i skulen.

Sigurd Manneråk (Sp): Jeg takker igjen for svaret, men jeg vil også inn på en uttalelse statsråden kom med i spørretimen i Stortinget den 24. januar. Han uttrykte at i forhold til 6-åringsreformen og gjennomføring av den kunne « akseptable mellombels løysingar » godtas. Ser statsråden at han med å komme med en slik uttalelse gir signal om at det kanskje ikke er så viktig hva slags tilbud 6-åringene skal få, og at han på det viset kan bidra til at vi får en reform som ikke tilfredsstiller Stortingets intensjoner?

Statsråd Reidar Sandal: Representanten Manneråk viste til eit svar som blei gitt frå mi side i spørjetimen den 24. januar. Det ligg faktisk føre eit spørsmål til spørjetimen i dag som har utgangspunkt i dette, og eg synest derfor det verken formelt eller reelt sett er korrekt av meg å svare på det sidan det spørsmålet er utsett på grunn av at spørjaren ikkje er til stades. Eg vil likevel få lov å seie generelt at det sjølvsagt er slik at ein skal ha eit tilbod som er akseptabelt og som er tenleg, som eg òg peikte på i svaret mitt i den spørjetimen som representanten Manneråk viste til, men eg vil ikkje sjå bort frå alle eventualitetar viss ein heilt spesiell situasjon skulle oppstå. Men eg vil be om at ein ikkje tillegg fråsegna ei anna vekt og ei anna vinkling enn det den hadde og det den var meint å skulle ha.

: