Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Stortinget - Møte onsdag den 14. februar 1996

Dato:
Tilbake til spørretimen

Spørsmål 15

Sigvald Oppebøen Hansen (A): Eg tillèt meg å stille følgjande spørsmål til finansministeren:

Eg er kjend med at Toll- og avgiftsdirektoratet i desse dagar vurderer ny organisering i distriktsforvaltinga. I den samanheng er det vurdert å slå saman Telemark/Vestfold og Buskerud tolldistrikt. Distriktstollstaden i Drammen blir då oppretthalden, men distriktstollstaden i Skien blir lagd ned og blir kun ein av 5 tollstader i tolldistriktet med det som konsekvens at halvparten av årsverka blir borte.

Vil finansministeren bidra til at så ikkje skjer?

Statsråd Sigbjørn Johnsen: Det pågår for tiden et internt arbeid i toll- og avgiftsetaten for å vurdere hensiktsmessig inndeling i tolldistrikter. Jeg har ennå ikke mottatt noe forslag til endret distriktsstruktur fra toll- og avgiftsdirektøren. Det er departementet som i siste instans skal behandle forslagene fra Toll- og avgiftsdirektoratet. Som en del av departementets vurdering, vil vi her gå gjennom synspunkter fra lokale myndigheter og interesser, herunder selvsagt også det som representanten nå tar opp i sitt spørsmål.

Sigvald Oppebøen Hansen (A): Eg takkar statsråden for svaret, og eg er glad for at det er departementet som skal ta den endelege avgjerda i denne saka. Eg vil minne om at Grenland i tillegg til å vere det femte største samanhengande byområde i landet, er det nasjonale tyngdepunktet for prosessindustrien. Vidare står området for ein vesentleg del av landets verdiskaping og eksport.

I fleire år har området hatt store endringar i næringsstrukturen og dette har vore ein hard kamp å få til. Staten har løyvd fleire titals millionar kr til dette omstillingsarbeidet. Ein vesentleg del av denne omstillinga føreset òg at statens tenestetilbod overfor næringslivet er godt. Med andre ord er dagens distriktsinndeling eit godt verkemiddel for nyetablering.

Det er mange gode grunnar til at distriktstollstaden i Skien må haldast ved lag. Ein skal heller ikkje undervurdere signaleffekten dersom staten bygger ned eit av sine tenestetilbod overfor næringslivet og halverer mannskapet i tolletaten i Skien. Det er ikkje ukjent at slike vurderingar blir lagde til grunn i næringslivet når det gjeld nyetableringar og produksjonsauke. Det vil etter mi meining vere heilt uakseptabelt og inkonsekvent dersom staten skulle redusere servicenivået for industrien i landets mest vesentlege industriområde, der staten sjølv har teke på seg ansvaret for omstilling. Deler finansministeren dette synet?

Statsråd Sigbjørn Johnsen: Som et generelt synspunkt vil jeg si at det er viktig at det i ulike distrikter selvsagt også er tilgang på offentlige tjenester og offentlige etater som spiller en viktig rolle for den jobben som næringslivet gjør. Jeg skal love representanten Oppebøen Hansen at disse synspunktene vil bli tatt med når vi nå får dette forslaget til distriktsstruktur til behandling i Finansdepartementet.

Sigvald Oppebøen Hansen (A): Eg takkar statsråden nok ein gong for svaret. Nå er det slik at Grenlandsområdet slit med sitt negative rykte. Me som kjenner området, veit betre. Difor er det nå så viktig å halde ved lag det statlege servicenivået i området. Omorganiseringar som har skjedd i tolletaten dei siste åra, har allereie resultert i fleire kutt i årsverk. Dersom denne omorganiseringa òg får gjennomslag, vil ytterlegare årsverk forsvinne.

Eg er glad for at statsråden nå seier at han vil merke seg vel dei høringsutsegnene som vil kome frå lokalsamfunnet, før departementet gjer endeleg vedtak.

: