Stortinget - Møte onsdag den 31. januar 1996
Spørsmål 9
Tomas Norvoll (A): Jeg tillater meg å stille følgende spørsmål til samferdselsministeren:
På møte den 22. januar 1996, mellom Telenor Media, Kommunikasjons- og Teletilsattes Landsforbund og Tele- og dataforbundet ble de ansatte orientert om at arbeidsoppgaver fra inkassoavdelingen på Andenes skal overføres til Telenor Media i Oslo. 5,5 årsverk forsvinner.
Mener statsråden dette er i tråd med de forutsetninger Stortinget la til grunn ved omorganiseringen av Televerket?
Statsråd Kjell Opseth: Telenor Media får i dag utført ein del reskontrooppgåver med oppfølging av kundefordringar i ei eiga eining i Andenes. I samband med overgang til eit meir effektivt system for denne oppfølginga, med integrering i andre system som einingar i Oslo bruker, ønskjer Telenor Media å flytte funksjonane i Andenes til Oslo.
Telenor si konsernleiing ser likevel at dei personalmessige og lokaliseringsmessige konsekvensane av denne relokaliseringa vil vere uheldige, og vil vurdere andre løysingar.
Skal slike endringar vere i samsvar med føresetnadene som låg til grunn for omorganiseringa, må det liggje føre heilt klåre økonomiske fordelar eller tekniske hindringar.