Stortinget - Møte onsdag den 31. januar 1996
Spørsmål 7
Kjellbjørg Lunde (SV): « Styret for Postverket har foreslått å nedlegge om lag 1.500 postkontor, hvorav om lag 600 vil bli erstattet av kontraktskontor eller lignende. Samferdselsminister Kjell Opseth har fastslått at servicenivået ikke skal reduseres.
Hvordan vil det være mulig å opprettholde dagens servicenivå når man i løpet av et par år skal nedlegge 900 postkontor uten å opprette alternativ service? »
Statsråd Kjell Opseth: Styret for Postverket har gitt si førebels tilslutning til at det blir arbeidd vidare med omstrukturering av postkontornettet. Men servicenivået for postverket sine tenester må ikkje forvekslast med nivået for talet på postkontor. Postverket opplyser t.d. at ei omlegging i svært liten grad vil gå ut over distribusjonstenestene. Betalingstenestene vil framleis vere landsdekkjande, men med nye beteningsformer. 800 faste postkontor blir foreslått lagde ned i distrikta. Kundane får postservice via landposttenesta. 100 postkontor blir foreslått lagde ned i byar. Tilgangen til bank- og betalingstenester er gjennom utvida service via minibankar, betalingsterminalar og brevgiro sterkt betra i forhold til tidlegare. Bedriftskundane nyttar i stadig større grad dør til dør-løysingar i lettgodsmarknaden. Desse forholda har ført til at etterspurnaden etter skranketenester ved postkontora i perioden 1990-1995 har gått ned med 16 %. Etter prognosane vil etterspurnaden gå ned med over 40 % dei neste fire åra. Eitt av fire postkontor har ei opningstid frå 30 minutt til 4 timar. Halvparten av postkontora ligg i dag usentralt til i høve til andre funksjonar. Servicen er difor ikkje tilfredsstillande. Dessutan vil underskotet auke til 2,2 milliardar kr ved år 2000. Ein må rette seg etter dette.
Servicegraden skal haldast oppe på dagens nivå. Dette er eit krav overfor postverket, som likevel må ha stor fridom når det gjeld å finne fram til effektive løysingar. Eg vil føre tilsyn med at løysingane gjev ein servicegrad på dagens nivå.
Kjellbjørg Lunde (SV): Eg skal få takka for svaret, som vel var som venta.
Det kan vel ikkje vere så enkelt som statsråden nå framstiller saka. Då hadde det i alle fall etter mitt skjøn ikkje kome så sterke reaksjonar både frå brukarane og frå organisasjonane. Dette blir oppfatta nærmast som ein massakre. Og eit gamalt ord seier jo at det er forskjell på å barbere seg og å skjere av seg heile haka.
Når desse planane blei presenterte, meinte iallfall informasjonsdirektøren i postverket at dette ikkje kunne vere så bra. Han sa:
- Vi ønsker ikke å gjennomføre denne planen. Den er bare et regneeksempel.
Men nå er det jo blitt konkrete planar som styret har gitt si tilslutning til, og som eg forstår samferdselsministeren no berre vil konfirmere. Alternativa er ikkje truverdige. Vi kan ikkje lite på at servicetilbodet er i samsvar med det som statsråden har lova, at servicegraden skal haldast oppe på dagens nivå. Derfor vil eg gjerne at statsråden no går inn på og skildrar alternativ. Finst det f.eks. ikkje planar om meir framtidsretta samlokalisering av andre offentlege tenester med posten i større grad enn vi har inntrykk av at statsråden går inn for?
Statsråd Kjell Opseth: La meg innleiingsvis få slå fast at dette er ei utgreiing som er handsama av styret i Posten som no skal drøftast mellom postverket og dei tilsette sine organisasjonar. Når det endelege vedtaket frå Posten ligg føre, vil saka bli lagd fram for Stortinget i ei melding om Postens rammevilkår som blir fremja til våren. Dette gjer vi, sjølv om Stortinget har gitt Posten fullmakt til å handtere desse spørsmåla på eigen kjøl.
Så seier representanten at det har kome sterke reaksjonar. Ja, det har kome reaksjonar, det er vi klar over. Men ein kan ikkje ta organisasjonane til inntekt for dei reaksjonane som har kome både her i huset og andre stader. Organisasjonane seier rett ut at dei er klåre over at ein må effektivisere nettet dersom vi skal redde Posten i framtida.
Kjellbjørg Lunde (SV): Nei, det er ingen, slik eg har forstått - kanskje med få unntak i Senterpartiet - som ikkje er villige til å vere med på å effektivisere og gje adekvate svar på den teknologiske utviklinga - også på Posten sitt område. Men her er det snakk om så omfattande omleggingar, og det står så store sentrale verdiar på spel som har vore grunnlaget for det postverket vi har, med ei felles teneste overalt i landet til same pris. Når ein då ser kva som er på gang, er det ikkje å undrast over at mange protesterer. For eksempel har eg høyrt at det er heilt konkrete planar når det gjeld landpostboda, som i mange tilfelle har vore gode erstatningar for postkontor. Det er planar om at levering av bokførte sendingar som dei i dag leverer ut kvar dag, no skal reduserast til to gonger pr. veke. Er dette eit eksempel på det statsråden seier om at servicenivået skal haldast oppe?
Statsråd Kjell Opseth: Ein er altså villig til å effektivisere postnettet, det vil seie å legge ned postkontor. Men det er tydelegvis slik at det bedrifta meiner dei kan gjere for å halde oppe servicen, stolar ikkje representanten Kjellbjørg Lunde på. Nei vel, då får vi sjå om representanten Kjellbjørg Lunde har betre føresetnader for å seie kva ein kan gjere innanfor dette området for å halde oppe servicen enn det postverkets leiing og styre har.
Så til landpostbodtenesta: Det er slik at ein besøker ikkje alle på ruta kvar dag, det er når den einskilde ber om å få utført desse tenestene. Det ligg faktisk føre ein analyse som seier at ein gong for veka er nok. No har altså denne utgreiinga lagt seg på to gonger, og så får den vidare handsaminga syne kva som blir resultatet til slutt. Men eg noterer meg med ei viss glede at representanten Kjellbjørg Lunde er villig til å leggje ned postkontor når ho sjølv får bestemme kva for postkontor og kor mange.