Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Stortinget - Møte onsdag den 31. januar 1996

Dato:
Tilbake til spørretimen

Spørsmål 14

Arne Haukvik (Sp): « Oslos einaste lokal-TV-konsesjon er gjeven til ei søkjargruppe der hovudinteressentane aldri har produsert lokal-TV-sendingar i Oslo. Pionerane i Oslo TV har lang røynsle, og tok signala frå komiteen om å gå saman i fellessøknad.

Meiner statsråden det er rett å sette desse utanfor nå når Stortinget har opna for betre finansieringsmåtar, og er det rett at Oslo blir avspist med berre ein konsesjon når til dømes Møre og Romsdal har tre? »

Statsråd Kjell Opseth: Eg skal på vegner av kulturministeren gje følgjande svar på representanten Haukvik sitt spørsmål:

Det er Statens medieforvaltning som har myndighet til å gi konsesjoner til drift av lokalfjernsyn, og Kulturdepartementet er klageorgan for Medieforvaltningens vedtak. Klagefristen for konsesjonsvedtakene er ennå ikke utløpt, og jeg ønsker ikke å kommentere en konkret konsesjonssak nå.

Jeg minner for øvrig om behandlingen av Nærkringkastingsmeldingen, der Stortinget sluttet seg til forslaget om at det bare skal gis én konsesjon til bakkesendt allment lokalfjernsyn i hvert konsesjonsområde. Stortinget sluttet seg også til Regjeringens forslag om at konsesjonsområdene skulle fastsettes etter anbefaling fra Statens medieforvaltning, Statens teleforvaltning og lokalfjernsynsbransjen. Disse instansene anbefalte at Oslo ble ett konsesjonsområde. Områdene ble så fastsatt i Statsråd 25. august i fjor. Jeg vil understreke at fastsettelsen av konsesjonsområder er foretatt i samsvar med disse forutsetningene som nå er nedfelt i regelverket om nærkringkasting.

Som det ble gjort rede for ved behandlingen av stortingsmeldingen om lokal-TV, bl.a. i brev av 9. november 1995 til komiteen, er det av tekniske grunner ikke mulig å opprette nye frekvenser til lokal-TV i Oslo.

Jeg minner for øvrig om at nærkringkastingsforskriftene åpner for å søke om konsesjon til lokalfjernsyn formidlet i kabelnett. Oslo har en god kabelnettutbygging, og seerdekningen for kabelsendinger er derfor nesten like god som for etersendt lokalfjernsyn.

Arne Haukvik (Sp): Eg takkar for svaret. Etter den utdelinga me har sett, verkar det som om dei store medieselskapa er dei einaste som ein har tiltru til når det gjeld å kunne drive lokalfjernsyn.

Det er utruleg at dei selskapa som har halde liv i lokalfjernsynet i Oslo alle desse vanskelege åra, blir vraka nå når det ser ut til å bli betre tider økonomisk sett. Eg har gått igjennom ein del søknader, og eg har først og fremst merka meg TV Oslo, som representerer dei som stort sett har halde liv i lokalfjernsynet. Samtidig er det ein god søknad frå Oslo Kanalen A/S.

Dersom anken ikkje blir tatt omsyn til, kan statsråden love at desse selskapa som nå har blitt vraka og som ikkje nådde opp, får kjøpe seg inn - på like vilkår, dvs. ikkje til oppblåsne prisar - hos det firmaet som har fått konsesjon? Eg trur det ville vere ein fordel for framtida for Oslo lokal-TV at dei som har røynsle, kan få vere med, ikkje berre dei som er flinke til å skrive søknader og som har fått medhald. Det kan ikkje vere riktig at dei skal dominere overalt.

Statsråd Kjell Opseth: Eg vil berre vise til det som eg sa i hovudsvaret mitt når det galdt handsaminga av konsesjonssøknadene. Eg kan sjølvsagt ikkje på bakgrunn av den gje nokon lovnad om at dei som no ikkje har fått konsesjon, skal få bli medeigarar i det selskapet som har fått konsesjon. Det er nok eit tilhøve mellom desse selskapa meir enn eit tilhøve mellom storting og regjering.

Arne Haukvik (Sp): Eg takkar for svaret. Eg vil berre minne om at i Innst.S.nr.190 (1994-1995) hadde komiteens fleirtal, medlemene frå Senterpartiet, Høgre, SV, Kristeleg Folkeparti og representanten Roy Wetterstad, ein merknad til meldinga der dei sa følgjande:

Samstundes bør ein, der det er teknisk mogleg, leggje til rette for ytringsmangfaldet gjennom fleire frekvensar.

Ingen skal fortelje meg at det ikkje går an å ha ein kanal til i Oslo dersom viljen er der. Da kunne t.d. livssynsorganisasjonar få høve til å få ein eigen kanal, slik at fleire kunne kome til og dyrke det store mangfaldet.

Kan statsråden tenkje seg å arbeide for at Televerket, og dei som styrer med desse spørsmåla, kan vurdere situasjonen på nytt for å sjå om det er grunnlag for å få ein kanal til?

Statsråd Kjell Opseth: Eg skal gjere ein freistnad på å fortelje representanten Haukvik at det ikkje går å dele ut fleire frekvensar til lokalfjernsyn i Oslo. Frekvensar er frå naturen si side ei mangelvare ein må avgrense. Dei er utnytta fullt ut, eller reserverte for framtidige føremål. Difor er det ikkje mogleg verken for meg eller Statens Teleforvaltning, som forvaltar frekvensane, å gjere noko med naturkreftene på dette området. Skal det vere mogleg å få ein aktør til på lokalfjernsynsområdet, må ein ta bort nokon av dei aktørane som allereie er der.

: