Stortinget - Møte onsdag den 24. januar 1996
Spørsmål 22
Siri Frost Sterri (H): Jeg vil gjerne stille følgende spørsmål til kirke-, utdannings- og forskningsministeren:
Ifølge Adresseavisen 16. januar 1996 er flere av de tradisjonelt åpne studiene ved Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet nå i vårsemesteret lukket etter vedtak i det tidligere høgskolestyret ved Den allmennvitenskapelige høgskole.
Hvordan vurderer statsråden disse beslutningene på bakgrunn av Stortingets ønske om åpne universitetsstudier?
Statsråd Reidar Sandal: På bakgrunn av Stortinget sitt vedtak i juni 1995 blei det gjennomført ei nasjonal opning ved dei historisk-filosofiske, matematisk-naturvitskaplege og samfunnsvitskaplege fakulteta ved universiteta for 1995-96. På bakgrunn av meldingar om at opptaket ved ein del fag ved nokre universitet blei avgrensa, vende departementet seg før jul til dei fire universiteta og bad om ei utgreiing om korleis institusjonane la opp til å behandle opptaket. Med dette ønskte ein også ei vurdering av eventuelle behov for avgrensing av opptaket til einskilde fag/emne ved opptaket til vårsemesteret 1996.
I brev frå Universitetet i Trondheim til departementet datert 20. desember 1995 gjekk det fram at Høgskolestyret ved AVH den 2. november 1995 gjorde vedtak om å regulere opptaket til ein del fag og emne i vårsemesteret 1996 ved historisk-filosofisk, matematisk-naturvitskapleg og samfunnsvitskapleg fakultet. Eg gjer merksam på at vedtaket ikkje omfattar regulering av nokon av dei tradisjonelt største og mest søkte grunnfaga ved institusjonen med unntak av sosialantropologi. Fag som nordisk, engelsk, historie, statsvitskap og sosiologi, for å nemne nokre, er framleis opne.
Slik eg ser det, må Stortinget sitt vedtak om å opne dei tre fakulteta på nasjonal basis også innebere at dei einskilde institutta ved desse tre fakulteta skal vere opne så langt det er mogleg. Dette inneber at Høgskolestyret ikkje har rett til å gjere det vedtaket som er fatta.
Departementet skal no avgjere desse sakene. Vi vil leggje Stortinget sin intensjon med vedtaket om nasjonal opning til grunn for våre vedtak. Stortinget sitt vedtak kan etter Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet sitt syn ikkje vere til hinder for at universiteta innfører ventelister eller køordningar for fag der det er obligatorisk undervisning, og der ein del av denne undervisninga inneheld laboratorieforsøk, feltarbeid eller praksis med avgrensa plassar. Men i dei høve der det berre er auditoriekapasitet, skrivetreningskurs, studiekvalitetsfremjande tiltak e.l. som tilseier at det blir innført ventelister eller køordningar, vil departementet ikkje kunne godkjenne lukking.
Departementet går òg ut frå at det ikkje er noko i vegen for at universiteta tilrår studievegar og gjev studentane råd om å studere ved dei minst belasta institutta, for å hindre overfylte studium og for å sikre verknaden av tiltak som fremjar studiekvaliteten. Departementet går ut frå at slik rettleiing vil redusere oversøkinga til fag som ikkje kan regulerast, sidan det vil vere i studentane si interesse å sikre så god kvalitet som mogleg ved dei einskilde studia.
Siri Frost Sterri (H): Jeg takker statsråden for svaret, og la meg legge til: Jeg var svært godt fornøyd med det svaret han gav, som samsvarer med mitt og jeg vil tro Stortingets syn på hvordan man skal praktisere ordningen med åpne studier.
Jeg oppfatter statsråden slik at han slår fast at den fortolkningen Den allmennvitenskapelige høgskole selv har av hvordan spørsmålet om åpne studier skal praktiseres, er gal, ut fra det han sa om at det ikke er nok at bare fakultetet skal være åpent, men at det også gjelder de enkelte fagstudier. Slik sett er jeg svært godt fornøyd, og regner med at det vil gå en melding til universitetet også om dette.
Mitt tilleggsspørsmål blir: Utover det som statsråden nå nevnte i svaret, hvilke strategier vil han som statsråd ha for å imøtekomme mest mulig Stortingets intensjoner om åpne studier, selv om vedtak om lukking heretter skal fattes av Stortinget?
Statsråd Reidar Sandal: Konkret til tilleggsspørsmålet frå representanten Frost Sterri vil eg få vise til at gjeldande lovverk for universitet og høgskular seier at regulering av opptaket til høgskulane frå kommande studieår skal gjerast av Kongen. Derimot skal regulering av opptaket til universiteta inn for Stortinget.
Eg vil i den samanheng leggje opp til at det blir laga ein eigen stortingsproposisjon om regulering av opptaket til universiteta. Eg tar sikte på å leggje proposisjonen fram før ferien, i mai-juni.
Siri Frost Sterri: Jeg takker statsråden for svaret. Nå må jeg imidlertid si at jeg ikke var ute etter å få vite hvilke strategier han vil ha for å la Stortinget få mulighet til å fatte vedtak om å lukke det Stortinget i utgangspunktet ønsker skal være åpne studier. Det jeg var ute etter, var å få vite hvilke strategier han som statsråd vil legge til rette for å imøtekomme fullt ut - eller i hvert fall så langt det er mulig - Stortingets ønske om åpne studier.
Jeg er naturligvis klar over at dette også er et budsjettspørsmål, og i så måte kunne det f.eks. være et svar å henvise til revidert nasjonalbudsjett, noe jeg var forberedt på.
Jeg må si jeg er litt betenkt hvis en av de strategier som er mest nærliggende for statsråden, er å utarbeide en proposisjon som innbyr Stortinget til å fatte vedtak om å lukke studier også for neste studieår. Jeg hadde ikke håpet det skulle være slik, og ber i så fall om å få det bekreftet.
Statsråd Reidar Sandal: I svaret mitt gjorde eg greie for korleis departementet tenkjer seg arbeidet overfor Stortinget når det gjeld regulering av opptaket. Det synest eg er vesentleg å få fram. Eg reknar med at representanten Frost Sterri aksepterer at det ikkje er mogleg for meg i dag å gå inn på ei detaljert opplisting av kva slags strategi som skal brukast i det vidare arbeidet med denne saka. Den har mange sider - den har viktige faglege og utdanningspolitiske sider, og den har òg ei viktig budsjettmessig side, og desse må eg få lov å vurdere før eg konkret går meir inn på dette.