Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden

Stortinget - Møte onsdag den 17. januar 1996

Dato:
Tilbake til spørretimen

Spørsmål 10

Arne Haukvik (Sp):

NSB har dei siste åra hatt ymse planar for å utvide kapasiteten mellom Drammen og Oslo S, seinast planane om utviding av Nationaltheatret stasjon.

Om behovet er så stort, har NSB vurdert å bygge to nye spor, som kunne fange opp trafikk til og frå Fornebu, uavhengig av nåverande lineføring?

Statsråd Kjell Opseth: Oslo S, Nationaltheatret og til dels Skøyen er svært viktige mål for dei reisande. Nye trasear bør difor gå gjennom desse stasjonane. Til dømes er det i dagens ruteopplegg svært få tog som ikkje stoppar ved Nationaltheatret stasjon. Nationaltheatret stasjon er flaskehalsen i systemet, og ei utbygging av denne stasjonen vil gje den kapasitetsauken ein ønskjer, raskare og til lågare kostnader enn ved å byggje nye spor gjennom heile Oslo. Den planlagde utbygginga skal difor primært løyse eit stasjonsproblem, men vil også auke kapasiteten i Oslotunnelen frå 16 til 26 tog i timen i kvar retning.

I samband med utgreiinga av nytt dobbeltspor mellom Skøyen og Asker, blir det vurdert alternativ der to eller fire spor blir lagde via Fornebu. Alternativa greiner av frå dagens spor mellom Skøyen og Lysaker, går i ein boge ut mot nordre del av Fornebulandet og svingar attende mot dagens spor mellom Stabekk og Høvik. For å fange opp trafikken til og frå Fornebu blir det gjort framlegg om å byggje ein stasjon for lokaltrafikken på Fornebu Nord. Desse alternativa blir for tida vurderte gjennom ein planprosess med hovudplan og konsekvensutgreiing.

Arne Haukvik (Sp): Eg takkar for svaret.

Eg er glad for dei opplysningane statsråden kom med, at ein vurderer å legge ei sidegrein av Drammensbanen innom Fornebu. Eg skjønar godt at Skøyen, Nationaltheatret og Oslo S er hovudstasjonar, men at me får to spor og to plattformer til på Nationaltheatret stasjon, gjev da ikkje vesentleg auka kapasitet i Oslotunnelen. Vil det seie at det er nok med dei to spora som er der, dersom ein får nye spor frå Skøyen og utover og frå Oslo S til Ski?

Statsråd Kjell Opseth: Dei utgreiingane som er gjorde om dette, syner at ei utviding av Nationaltheatret stasjon vil løyse kapasitetsproblema i Oslotunnelen, og det vil først og fremst løyse kapasitetsproblema på Nationaltheatret stasjon - det er svært mange som vil gå på og av toga på Nationaltheatret stasjon. Kapasitetsauken som ein får ved dette i Oslotunnelen, vil også dekkje framtidig behov langt etter år 2000. Og skulle det likevel bli for liten kapasitet, er neste trinn å utvide tunnelen mellom Nationaltheatret stasjon og Skøyen.

Arne Haukvik (Sp): Eg takkar for svaret.

Problemet er med andre ord da så stort at det ikkje nyttar å tenkje på å bygge to nye spor frå Nationaltheatret stasjon til Sentralbanestasjonen, etter det eg forstår av svaret frå statsråden no. Men behovet er vel der likevel, all den tid det er behov for å bygge to nye spor frå Skøyen til Nationaltheatret stasjon. Dersom ein tar med kostnadene i samband med den utbygginga som nå skal skje - med den forstyrringa det blir - er me ikkje da langt på veg til å bygge ny tunnel frå Skøyen? Me kan f.eks. bruke jernbanespora som ligg ved Vestbanen no, og bygge spor vidare derifrå under rådhusbryggene og Akershus festning til Oslo S. Det må da vere eit bra tilbod å ha ein ny stasjon på gamle Vestbanen stasjon. Selvaag har lansert ein flott plan. Dei spora som ligg der no, må kunne brukast dersom ein grev dei litt ned, og det må da vere billegare og meir framtidsretta. Da får ein fire spor heile vegen frå Skøyen til Oslo S - det er ikkje livet om å gjere at alle går av og på ved Nationaltheatret.

Statsråd Kjell Opseth: Eg må igjen slå fast at dei problema NSB har no, er på Nationaltheatret stasjon, og det å leggje spor som ikkje går gjennom Nationaltheatret stasjon, løyser ikkje problema - ikkje fullt ut. Alternativet som representanten Haukvik no spør etter, det å leggje to nye spor frå Oslo S til den tidlegare Vestbanen stasjon, er vurdert og forkasta.

: