Stortinget - Møte onsdag den 10. januar 1996
Spørsmål 23
Jan Simonsen (Frp): Jeg skal få lov til å stille kirke-, utdannings- og forskningsministeren følgende spørsmål:
Høgskolen i Akershus, som har fått i oppdrag av departementet å evaluere Reform 94, har foreløpig konkludert kritisk. Nå har departementet stanset dette og et annet evalueringsprosjekt.
Hva er bakgrunnen for at evalueringsprosjektene til Høgskolen i Akershus og NORUT Samfunnsforskning i Tromsø er stanset?
Statsråd Reidar Sandal: Det er viktig å følgje iverksetjinga og gjennomføringa av Reform 94 tett og på ein slik måte at ein løpande får dokumentert korleis reforma faktisk verkar på dei ulike nivåa i utdanningssystemet.
For å få dette til har departementet som kjent sett i verk ei brei forskingsbasert evaluering som løpande følgjer opp gjennomføringa av Reform 94. Samla rettar evalueringa seg mot to hovudmål: Den skal finne ut i kva grad sentrale mål for reforma blir innfridde, og gi kunnskapar og innsikt undervegs med sikte på eventuelle justeringar.
For å vite korleis reforma utviklar seg, er det behov for informasjon og analysar av høg kvalitet. Ein må kunne stole på at « funn » og resultat som kjem fram gjennom evalueringa, gjev eit dekkjande bilde av iverksetjinga av reforma. Dette er bakgrunnen for å engasjere ulike forskingsmiljø med variert kompetanse.
Det er ikkje rett at departementet har fasa ut dei to nemnde forskingsmiljøa fordi dei presenterer kritikk som departementet ikkje liker. Alle forskarane er faktisk bedne om å rette eit kritisk blikk på iverksetjinga og gjennomføringa av Reform 94. Eit slikt perspektiv er nødvendig. Departementet treng kritisk kunnskap for å kunne bøte på det som eventuelt ikkje fungerer godt nok i samband med iverksetjinga av reforma.
Dei halvårlege rapportane frå forskarane fortel så langt at reforma i hovudsak er i god gjenge.
I tillegg til kritisk kunnskap er forskarane også blitt bedne om å vere vakne for det som fungerer, og vakne for gode løysingar som vi alle kan lære noko av når det gjeld å skape eit levande og godt læringsmiljø for elevar og lærlingar. Rapportane inneheld også slik kunnskap.
Høgskolen i Akershus og NORUT Samfunnsforskning i Tromsø er ikkje meir kritiske enn dei andre forskingsmiljøa i evalueringa. Frå departementet si side - og det vil eg gjerne understreke - har grada av kritisk brodd i rapportane frå forskarane sjølvsagt ikkje vore med i vurderinga av kven som skal halde fram med evalueringa av Reform 94.
« Relevans » og « kvalitet » er dei kriteria som er lagde til grunn for vurderinga og utfasinga av prosjekta til NORUT Samfunnsforskning i Tromsø og Høgskolen i Akershus.
« Relevans » knyter seg til i kva grad rapportane frå forskarane kastar lys over nøkkelspørsmåla og gir grunnlag for eventuelle justeringar. Nøkkelspørsmåla gir uttrykk for dei behova for kunnskap departementet har i samband med iverksetjing av Reform 94, og er laga i nært samarbeid med sentrale brukarinteresser. « Kvalitet » knyter seg mellom anna til kor god kjennskap forskarane har til dei sidene ved reforma dei skal dekkje, og til heilt generelle forskingsmessige kvalitetskriterium.
Til hjelp for å vurdere både relevans og kvalitet er det organisert ei oppfølgingsgruppe med representantar frå forskarprofesjonen, partane i arbeidslivet, elev- og lærarorganisasjonane, utdanningsstyresmaktene på fylkesnivå og departementet. Leiaren for oppfølgingsgruppa er peika ut av Norges forskningsråd. Avgjerda er fatta etter bl.a. råd frå oppfølgingsgruppa.
Eg vil gjerne føye til at det i opplegget for evalueringa av Reform 94 heile tida har vore ein premiss at kontraktane mellom departementet og forskingsmiljøa blir forhandla kvart år.
Jan Simonsen (Frp): De mange fine ordene til tross føler jeg meg ikke særlig beroliget. Det ble altså satt ned et arbeid for å evaluere Reform 94, så ble det lagt fram fra evalueringsgruppen et negativt og veldig kritisk resultat, deretter sier departementet at de som har foretatt denne evalueringen - iallfall to av disse - ikke holder faglige mål, og så bytter man ut med nye evaluerere. Jeg synes med respekt å melde at det minner en smule om at departementet ønsker å kontrollere sine egne kontrollører.
Jeg oppfatter selvfølgelig at statsråden benekter at dette er tilfellet, og han sier også at disse to grupperingene ikke var mer kritiske enn andre som har evaluert Reform 94. Hvis det er tilfellet, bør vel kanskje departementet vurdere å stanse hele reformen.
Statsråd Reidar Sandal: Eg vil vise til grunngjevinga i det første svaret mitt, som slår fast at det ikkje er slik at dei to nemnde forskingsmiljøa som representanten Simonsen viste til, er fasa ut på grunn av at dei har kritiske haldningar til reformarbeidet.
Eg vil halde fast ved denne grunngjevinga og streke under at det er kriteria « relevans » og « kvalitet » som har vore avgjerande i den vurderinga som er gjord, og eg strekar òg under at dette er eit synspunkt ein er komen fram til bl.a. på grunnlag av råd frå den oppfølgingsgruppa som eg viste til. Så det er eit solid grunnlag for den konklusjonen ein er komen fram til i denne saka.