Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden

Stortinget - Møte onsdag den 6. desember 1995

Dato:
Tilbake til spørretimen

Spørsmål 8

Arne Haukvik (Sp): Eg tillét meg å stille følgjande spørsmål til samferdslestatsråden:

NSB planlegg å byggje parkeringshus over bakken ved terminalen i Bjørvika. Dette vil føre til mykje trafikk på bakkenivå, noko som burde vore unngått.

Dessutan, meiner statsråden det er rett å nytte Noregs dyraste tomt til dette føremålet, når parkeringsplassane heilt greitt kan leggjast under bakken?

Statsråd Kjell Opseth: På Oslo S skal det vere ein eigen terminal for flyplasstoga til Gardermoen med hovudinngang frå sjøsida av Oslo S. Framfor inngangen blir det lagt opp til eit atkomsttorg for drosjer og bussar som ligg på same nivå som Gardermoterminalen. Under dette torget vil det bli bygt eit parkeringsanlegg i to etasjar. Anlegget skal i hovudsak dekkje parkering for dagsreisande - 8-16 timars parkering.

Når det gjeld utnyttinga av arealet over bakken, ønskjer reguleringsstyresmaktene i Oslo ikkje at det skal byggjast kontorbygg over atkomsttorget, og i reguleringsplanforslaget er det teke omsyn til dette. Med eit slikt parkeringsanlegg vil NSB arbeide for at all bakkeparkering rundt Oslo S blir fjerna, slik at området kan nyttast til framtidig byutvikling.

Arne Haukvik (Sp): Eg takkar for svaret.

Det er hyggeleg å høyre at NSB har endra sine planar om parkeringshus over bakken, eller har blitt tvinga til det - uansett er det et godt resultat. Men kunne ikkje statsråden tenkje seg at all buss- og drosjetilførsel av passasjerar òg kunne skje under bakken, slik at denne plassen kunne ligge open ut mot hamna og ikkje var fyllt opp med bussar og taxiar døgnet rundt? Når me først driv der, kunne det vere hyggeleg at me tenkte litt lenger fram enn til bare å løyse dette på enklaste måten. Så eg tillét meg å spørje statsråden: Kan ein ikkje grave seg ned ein etasje til?

Statsråd Kjell Opseth: Representanten Haukvik og eg er nokså samde, vil eg tru, om at det er viktig å ha godt samband mellom drosje og buss på den eine sida og Gardermoen-toga må den andre sida. Vi skal, som representanten Haukvik veit, oppnå minst 50 % kollektivreisande til og frå Gardermoen. Difor må det vere god kommunikasjon mellom ulike transportmiddel, og det er grunnen til at desse er lagde i same planet med kort avstand mellom for dei som går frå buss til tog og omvendt. Difor er det også lite høveleg å leggje denne terminalen under bakken.

Arne Haukvik (Sp): Eg takkar for svaret og vil bare minne statsråden om at Bjørvikatunnelen skal gå under bakken, nokså langt under bakken. Eg trur at det anleggsmessig hadde vore ein fordel at bussar og alle som kjem i Bjørvikatunnelen og fram til Bispevikatunnelen, kan kome inn på eit lågare plan for å levere/hente passasjerar til terminalen til Gardermoen og Oslo S. Eg må berre oppmode statsråden om å tenkje på det vidare fram når me skal bygge Bjørvikatunnelen, noko som eg reknar med er nokså like rundt hjørnet.

Statsråd Kjell Opseth: Eg vil berre få opplyse at når det gjeld Bjørvikatunnelen, går planlegginga føre seg med eit så stort tempo som råd, men det er liten sjanse for at Bjørvikatunnelen står ferdig før tidlegast i 1999, sannsynlegvis i år 2000. Det er det eine som gjer at ein ikkje kan vente med å byggje dette parkeringsanlegget og terminalen for buss og drosje. Det andre er at det ikkje er slik at all transport til og frå Oslo S i framtida vil gå gjennom Bjørvikatunnelen. Ein god del av denne vil kome frå andre delar av byen. Difor er det viktig at vi får dette atkomsttorget for drosjer og bussar på plass.

: