Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Stortinget - Møte onsdag den 29. november 1995

Dato:
Tilbake til spørretimen

Spørsmål 24

Bjørn Hernæs (H): Jeg vil gjerne få stille følgende spørsmål til justisministeren:

Verneplikta er ein berebjelke i den norske forsvarsordninga og ei betydeleg belastning for dei som vert kalla inn. Utan ei streng praktisering av likheitsprinsippet vil ho med rette kjennast som ei urimeleg og urettvis belastning for enkelte. Ifylgje oppslag i media vert no påstått forstandarskap i heilt useriøse « trussamfunn » akseptert som grunn for å sleppe.

Korleis kan statsråden forsvare dette?

Statsråd Grete Faremo: Etter vernepliktlova er prestar og forstandarar i registrerte trussamfunn fritekne for verneplikt. Dette heng saman med dei pliktene desse har i forhold til kyrkjelyden og det offentlege.

Styresmaktene søkjer å hindre at useriøse trussamfunn blir registrerte. Fleire av dei trussamfunna som har vorte omtala i media den seinare tida, har blitt nekta registrering fordi dei ikkje fyller krava som er sette til trussamfunn. Media si framstilling er såleis ikkje heilt dekkjande for det verkelege biletet.

Av omsyn til religionsfridomen må ein sjølvsagt vere varsam med å karakterisere eit trussamfunn som useriøst. Departementet vil imidlertid sjå nærare på om det kan vere grunnlag for endringar i regelverket.

Jørgen Holte hadde her tatt over presidentplassen

Bjørn Hernæs (H): Jeg ber om unnskyldning for en smule språkforvirring, men stand in-rollen tatt i betraktning er det vel til å leve med.

I grunnen har jeg ikke tenkt å si særlig annet enn at med departementets løfte om å se nærmere på regelverket, håper jeg at vi får en løsning på dette som vi kan være fornøyd med, slik at det ikke blir nødvendig å komme tilbake til denne saken.

: