Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Stortinget - Møte onsdag den 29. november 1995

Dato:
Tilbake til spørretimen

Spørsmål 19

Oddbjørg Ausdal Starrfelt (A): Eg tillèt meg å stilla følgjande spørsmål til kyrkje-, utdannings- og forskingsministeren:

Korleis fungerer ordninga med omstilling av overtalige ved statlege kompetansesenter, og korleis vil departementet arbeida i høve til personar som vert overtalige framover?

Statsråd Gudmund Hernes: Stortingets vedtak om å nedlegge dei statlege spesialskolane og å opprette spesialpedagogiske kompetansesenter i 1992 førte til at mange ufaglærte blei overtalige. 1. april 1994 blei det oppretta ei omstillingseining for dei overtalige. Omstillingseininga skulle vare i tre år. Målet er så langt det er mogleg å få dei overtalige i varig arbeid.

Dei som er i omstillingseininga, har same løn som dei hadde før dei vart overtalige, og har plikt til å arbeide aktivt for nytt arbeid, plikt til å ta imot tilbod om arbeid og plikt til å delta i omstillingstiltak som arbeidsgivaren tilbyr. Arbeidsgivar er styret for dei regionale kompetansesentra.

Omstillingstiltaka omfattar tilbod om kompetansegivande opplæring, ulike kortare kurs, hjelp til å etablere eiga verksemd og annan assistanse tilpassa den einskilde. Det er gitt økonomisk støtte til semesteravgifter, kursavgifter, eksamensavgifter, faglitteratur, skolemateriell og tilskot til reise og opphald.

152 personar er overførte til omstillingseininga. Pr. 1. november 1996 har 21 slutta. 11 av desse har gått over i fast stilling. Relativt låg utdanning og moden alder i kombinasjon med vanskeleg arbeidsmarknad har i nokon grad hindra omstilling. Prognosen for 1996 er at ytterlegare 40 personar vil få arbeid.

Ved utgangen av 1995 ser departementet omstillingsarbeidet som nærmast avslutta. Ein har derfor sett fristen for å overføre personale til omstillingseininga til 1. april 1996, slik at dei som no er i eininga, då vil få eitt år til til omstilling, og ingen vil få mindre enn eit år. Dei som er i eininga pr. 1. april 1997, vil deretter få ventelønn etter gjeldande retningslinjer.

Oddbjørg Ausdal Starrfelt (A): Eg takkar statsråden for svaret, og jamført det førre spørsmålet så er det gledeleg å høyra at statsråden òg kan svara på nynorsk.

Så til tilleggsmerknaden. I tillegg til dei 152 som til no er overførte til omstillingseininga, er det - så vidt eg forstår - nær 100 nye som vert overtalige, og mange av dei vert overtalige etter 1. april 1996. Dei vil etter St.prp.nr.1 (1995-1996) ikkje verta overførte til omstillingseininga. For desse vil det vera ganske viktig å få vita om kva som skjer. Omstillinga, eller avviklinga, går noko seinare enn føresett. Vil dette føra til at statsråden på nytt vil vurdera kor lenge omstillingseininga skal oppretthaldast, altså å utvida tida? I tilfelle nei - vil departementet setja i verk tiltak overfor desse overtalige utover det å gje dei venteløn?

Statsråd Gudmund Hernes: Det var vel rimelig at jeg, etter at jeg i et tidligere svar begrunnet hvorfor man skulle kunne bruke begge målformer, gav en sjangerprøve på det i det neste svar.

Først når det gjelder spørsmålet om en eventuell forlengelse: Jeg vil ikke love det her, men jeg ser ikke bort fra at det kan bli ønskelig. Det som vi også har sagt, er at de som er i omstillingsenheten pr. 1. april 1997, altså halvannet år fremover fra i dag, kan få ventelønn etter gjeldende retningslinjer. Men det er klart at bare det å motta ventelønn er ikke noen ønskelig ordning, og da bør vi også se på om en slik tid kan brukes til opplæring for andre yrker, slik at man kan komme over i et arbeid og delta i yrkeslivet snarere enn å leve en mer passiv tilværelse på ventelønn.

Oddbjørg Ausdal Starrfelt (A): Eg vil igjen takka statsråden for svaret. Eg vil nytta høvet til å koma med eit forslag til noko ein kanskje kan sjå nærare på når det gjeld denne omstillingstida. Statsråden sa i sitt første svar at mange av desse folka har låg kompetanse. Men eg vil tru at veldig mange av dei har praksis som er relevant for både omsorgsfaget og barne- og ungdomsfaget.

Vil statsråden vurdera å leggja til rette for kvalifisering, altså praksis og teori, for overtalige, slik at dei under omstillingsperioden kan gå opp til fagprøve etter § 20 i lov om fagopplæring? Det vil, så vidt eg kan forstå, gjera det meir sannsynleg at dei kan få jobb i framtida, og det er jo det som er målet.

Statsråd Gudmund Hernes: Jeg synes det er et interessant forslag, for det første fordi de det her er tale om, sannsynligvis allerede har innfridd en god del av praksiskravet. Svært mange av dem har lang tid bak seg i yrkeslivet, slik at også det kravet i forhold til § 20 er tilfredsstilt. Og når de i tillegg har en finansiering, synes jeg at det forslaget som her fremkommer, absolutt er verdt å se på.

: