Stortinget - Møte onsdag den 29. november 1995
Spørsmål 14
May-Helen Molvær Grimstad (KrF): Eg vil stille følgjande spørsmål til samferdselsministeren:
Av trafikktryggleikgrunnar er det påbode å sikre både born og vaksne i bil. Det er ikkje tilgang til sikring i buss.
Når kan vi forvente at det blir påbode med bilbelte i buss, og vil statsråden sørgje for at det blir tilgang til sikringsutstyr som kan sikre små born i buss?
Statsråd Kjell Opseth: Krav om bilbelte på utsette plassar i turbuss vart gjort gjeldande i Noreg frå 1. april 1994.
Eg ser det likevel som ønskjeleg å sikre passasjerar i buss betre. Vegdirektoratet la av den grunn i 1993 fram eit forslag om eit generelt påbod om bilbelte i turbussar. Framlegget kunne likevel ikkje gjennomførast på grunn av EØS-avtalen.
Men EU-kommisjonen starta alt i mars 1994 eit arbeid med revisjon av bilbeltedirektivet til også å gjelde topunkts bilbelte på alle sitjeplassar i bussar med ikkje ståande passasjerar. Ein reknar no med at endeleg vedtak om dette vil liggje føre ein gong i 1996-97. Endringa er EØS-relevant og vil bli gjennomført i norsk rett.
May-Helen Molvær Grimstad (KrF): Eg vil takke statsråden for svaret.
Dagens krav om bilbelte på utsette plassar i turbuss gjeld dessverre berre dei to fremste seta. Bruk av bilbelte er eit effektivt sikringstiltak. Statsråden ønskjer å sikre passasjerar i buss betre - og det er positivt - men viser til at EØS-avtalen vil hindre oss i dette, og då med bakgrunn i tekniske kjøretøyføresegner. Men EØS-avtalen gir oss generelt moglegheit til å ha strengare krav til tryggleik enn det EU har. Ut frå ei politisk vurdering og ei vurdering av tryggleiksomsyna meiner eg at vi burde ha nytta oss av denne retten og påbode bruk av bilbelte i buss. På den måten kunne Noreg også ha vore eit føregangsland. Mitt første spørsmål er: Vil statsråden gjere noko for å få fortgang i saka? Og mitt andre spørsmål er: Når det blir innført krav om bruk av belte i turbussar, kan ein då forvente at det blir tilgang til godkjent barnesikringsutstyr. Etter forskrift om bruk av bilbelte er det påbode at born under fire år skal bruke godkjent sikringsutstyr der det er montert bilbelte.
Statsråd Kjell Opseth: Eg vil berre syne til at eg tidlegare har svart på dette spørsmålet. Grunngjevinga for å følgje EU på dette området er at turbussnæringa er i konkurranse med landa elles i Europa, og sånn sett er det mest formålstenleg at alle land i Europa har same regelverk på dette området.
Når kravet om bilbelte på alle sete er gjennomført, vil det også bli eit krav at barnesikringsutstyr er tilgjengeleg for dei barna som skal ha slikt utstyr.
May-Helen Molvær Grimstad (KrF): Eg vil seie at tryggleik er viktigare enn omsynet til konkurranse. Nettopp derfor har eg vore så opptatt av at dette hastar det å få gjennomført, og eg kunne ønskt at statsråden ville gi eit signal om at han vil arbeide offensivt for at dette raskast mogleg blir gjennomført.
Eg er glad for at statsråden seier at når vi først får montert bilbelte, vil det også bli tilgang til barnesikringsutstyr. I dag er det for mange som reiser, enklare og tryggare å reise med bil der ein har barnesete, i staden for å reise med buss, der det ikkje er tilgang til å feste borna i barnesete. Borna er disiplinerte til å sitje fastspende i bil, men når dei køyrer med buss, vil dei ofte helst stå eller gå rundt i bussen.
Eg vil vise til at i Storbritannia har styresmaktene gjort framlegg om påbod om setebelte i skulebussar, og det synest eg er veldig positivt. Korleis ser statsråden på det? Er det noko som han synest vil vere interessant å oppmode om å få gjennomført?
Statsråd Kjell Opseth: Eg vil igjen peike på at om eit år eller kanskje godt det vil dette etter alle solemerke vere ein regel i EU-samanheng, og eg ser ikkje nokon grunn til at vi skal setje i gang med særeigne reglar på dette området før EU sine reglar er kjende. Difor skal vi sørgje for å « pushe » på EU for å få dette direktivet igjennom så fort råd er. Og så snart innhaldet i det er kjent, skal vi leggje til rette for at dette blir innført i Noreg.