Stortinget - Møte onsdag den 15. november 1995
Spørsmål 13
Magnus Stangeland (Sp): Eg skal få stilla følgjande spørsmål til samferdselsministeren:
Lagmannsretten har pålagt flyhavarikommisjonen å utlevere taleregistratoren fra Widerøe-flyet som havarerte ved Namsos i 1993. Politiet må ha faglig bistand for å tyde lydbåndet, men havarikommisjonen nekter å gi fra seg utskriftene fra registratoren.
Kan statsråden bidra til at utskriftene blir utlevert til politiet slik at omstendighetene omkring flyulykken kan bli best mulig klarlagt?
Statsråd Kjell Opseth: Dette er ei etter måten vanskeleg sak, og eg må be om noko meir tid enn det som er vanleg for å svare på dette spørsmålet og reknar med at det er mogleg.
Presidenten: Presidenten reknar det som godkjent.
Statsråd Kjell Opseth: Ved avgjerd i Frostating lagmannsrett den 16. august 1995 vart Havarikommisjonen for sivil luftfart - HSL - pålagd å levere ut til politiet bandet frå taleregistratoren i Widerøe-flyet som havarerte i Overhalla ved Namsos den 27. oktober 1993. HSL har etterkome dette pålegget.
Politiet i Namsos bad opphavleg retten om å kunne leggje beslag på anten utskrift og tolking av bandet i taleregistratoren eller sjølve bandet. Under rettssaka endra dåverande politimeister i Namsos sitt opphavlege krav til berre å gjelde beslag av sjølve bandet i taleregistratoren. Spørsmålet om å levere ut utskrift og tolking av bandet vart difor ikkje handsama i rettssaka.
Dei internasjonale reglane som gjeld for gransking av ulukker i sivil luftfart, seier m.a. at utskrift og tolking av taleregistratorbandet ikkje må brukast til andre føremål enn flytryggingsarbeid utan at rett avgjerdsmakt i vedkomande land i den konkrete saka avgjer at materialet kan brukast til noko anna.
HSL har ikkje ei fullstendig utskrift av bandet, men HSL har ei tolking av bandet som er laga med friviljug hjelp frå flygarar som er kjende med flytypen og prosedyrane i flyselskapet, og som kjenner den besetninga som var om bord.
Denne medverknaden frå flygarane er naudsynt fordi HSL ofte ikkje har den detaljkunnskap som trengst for å tolke informasjonen på bandet eller avgjere kven av flygarane som seier kva. Denne assistansen får HSL under den klare føresetnad at resultatet ikkje skal brukast av andre enn kommisjonen. Styresmaktene har ikkje nokon heimel til å tvinge flygarane til å yte denne hjelpa.
Eg har ikkje berre ansvaret for å klarleggje det som skjedde kring denne ulukka, men eg må òg ta omsyn til at det kan hende nye ulukker. Ein kan ikkje stelle seg slik at HSL blir ståande utan naudsynt hjelp for tolkinga av taleregistratoren. I tilfelle kompetent hjelp til tolking ikkje er tilgjengeleg, vil dette kunne få alvorlege skadeverknader for granskingsarbeidet til HSL og for det førebyggjande flytryggingsarbeidet.
Å finne årsaksforhold til ulukker innafor luftfart er ei komplisert og særleg fagleg krevjande oppgåve. HSL er eit offentleg uhilda granskingsorgan med slik fagleg tyngd. HSL har til oppgåve å finne årsaksfaktorane til ei ulukke. Eg kjenner meg overtydd om at alle relevante forhold som det er mogleg å finne fram til omkring ulukka med Widerøe-flyet, vil bli klarlagde, og at ikkje noko blir unnateke i den offentlege rapporten som HSL skal gje ut. Det er å underkjenne integriteten og den faglege dugleiken til HSL dersom ein trur at andre styresmakter i tillegg til HSL må ha tolkinga av taleregistratoren for å få alle forhold omkring ulukka klarlagde.
HSL har i denne saka handla i samsvar med norsk regelverk og avgjerd i norsk rett. HSL har òg handsama dette materialet i samsvar med dei internasjonale reglane som gjeld for gransking av ulukker i sivil luftfart.
Magnus Stangeland(Sp): Eg takkar for svaret, som var ei rein opplysning om kva som faktisk hadde skjedd, men eg må seia meg lei for at det i svaret ikkje låg nokon vilje frå statsråden si side til kanskje å koma politiet i møte med å få tilgang til den tolkinga som HSL sit på.
Heile ideen med Havarikommisjonen er, som statsråden òg peikte på her, å få klarlagt ulukkessituasjonen. Og når dette er ei politisak, synest eg at tiltrua til politiet burde vera såpass stor og såpass viktig at dei hadde fått tilgang til dette.
Mitt spørsmål er derfor: Vil ikkje statsråden prøva å koma politiet i møte på nokon måte?
Statsråd Kjell Opseth: Eg gav i mitt svar ikkje noka opplisting over kva som var skjedd, men over kva som er lov og regelverk på dette området. Og eg reknar med at det var ein del av det spørjaren var ute etter.
Det manglar ikkje på tiltru til politiet. Politiet vil gjennom Havarikommisjonen sin rapport få alle nødvendige opplysningar om årsaka til flyulukka, og då på ein slik måte at vi sikrar oss at vi òg kan få bistand frå flygarane ved framtidige ulukker. Eg trudde faktisk det vesentlege i denne saka var at vi fekk fastlagt kva som var årsaka til ulukka, slik at vi kan drive førebyggjande arbeid på dette viktige området.
Magnus Stangeland(Sp): La oss slå fast at det er viktig for alle å få tak i årsaka til ulukka, og korleis det best kan skje.
Eg har lyst til å koma med eit kort tilleggsspørsmål: Kva tid reknar statsråden med at dette arbeidet vil vera avslutta, slik at dei som er ramma av ulukka, òg kan få svar?
Vi kjenner alle til kva lagnader det fører til når ein må vente i årevis på å få svar på ein slik årsakssamanheng, og dei konsekvensar det har for det som skjer i forsikringssamanheng.
Statsråd Kjell Opseth: Vi er sjølvsagt alle saman opptekne av at ein skal få avklart årsakssamanhengen så raskt som råd er, men ein skal vere klar over at dette er eit møysommeleg og krevjande arbeid som nok tek tid. Eg meiner det er betre at vi kjem fram til rette konklusjonar enn at vi kjem fram til tvilsame konklusjonar noko raskare.