Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Stortinget - Møte onsdag den 31. mai 1995

Dato:
Tilbake til spørretimen

Spørsmål 16

Håkon Giil (Sp): Eg har fått høve til å rette dette spørsmålet til kyrkje-, utdannings- og forskingsministeren:

Frå fleire nynorskkommunar har det kome protestar mot at læretilfang i norsk for framandspråklege berre finst på bokmål. Dette skapar vanskar for integreringa av flyktningar i lokalmiljøa.

Vil statsråden gjere noko for at det vert utvikla undervisningsmateriell for framandspråklege på nynorsk?

Statsråd Gudmund Hernes: Talet på framandspråklege barn, unge og vaksne har dei seinare åra vore sterkt aukande også her i landet.

Arbeidet med å utarbeide læremiddel for desse elevgruppene tok til sist på 1970-talet. Det vart tidleg utarbeidd læremiddel også på nynorsk for desse gruppene. Forlaga utarbeider i liten grad læremiddel for desse elevgruppene utan støtte frå staten. Staten har difor gitt tilskott til dette.

Tilfanget av læremiddel for elevgruppa er likevel ikkje godt nok. På denne bakgrunn har departementet bedt Nasjonalt læremiddelsenter om å utarbeide ein handlingsplan. Ein slik plan ligg no føre. Handlingsplanen vart laga på grunnlag av at ein vurderte tilstanden og behova på området. Handlingsplanen inneheld såleis ei vurdering av læremiddelsituasjonen for denne elevgruppa med oversyn over kva som finst av læremiddel, dessutan prioriteringa for arbeidet fram til 1997.

Utvikling av lærebøker i norsk som andrespråk, både på hovudmål og sidemål, er prioritert i planen. På dette grunnlag laga Læremiddelsenteret i 1994, etter ein open invitasjon til forlaga om å engasjere seg, ei avtale med eit forlag om å utvikle eit gjennomgåande læreverk i norsk som andrespråk for heile den nye tiårige grunnskulen. Læreverket skal ligge føre både på bokmål og nynorsk. Når dette verket er utarbeidd, vil alle elevar i grunnskulen kunne få nynorskbøker innafor faget norsk som andrespråk på alle klassetrinn.

Når det gjeld vidaregåande opplæring, har Nasjonalt læremiddelsenter prioritert utviklinga av norskverk i 1995. Spørsmålet om nynorske utgåver blir drøfta i samanheng med framdrifta av desse verka. Også i andre fag er det for få særskilde læreverk for språklege minoritetar både på bokmål og nynorsk. Eg vil, i samråd med NLS, søke å dekke dette behovet så langt råd er gjennom den vidare oppfølginga av handlingsplanen. Det vil likevel ta noko tid før dei planlagde lærebøkene er på plass, fordi dei bør vere i samsvar med dei nye læreplanane som er under utvikling.

Etter mi vurdering vil dei tiltaka eg no har nemnt, gjere læremiddelsituasjonen for språklege minoritetselevar i nynorskkommunar mykje betre.

Håkon Giil (Sp): Eg takkar statsråden for svaret.

Eg oppfatta det som langt på veg svært positivt.

I dei siste åra har det vore ei uttalt målsetjing frå politisk hald å integrere våre nye landsmenn i heile det norske samfunnet, og eit viktig verkemiddel har her vore å spreie busetjinga. I motsetnad til tidlegare, då dei fleste var busette i eller nær Oslo, tek mange kommunar i Distrikts-Noreg no imot innvandrarar og flyktningar.

Eg oppfattar det no slik at det er utarbeidd handlingsplanar for det vidare arbeidet med språkopplæringa. Statsråden opplyser at dette vil « ta noko tid ». Dette er eit upresist omgrep, og spørsmålet mitt er: Kor lang tid vil det ta før desse handlingsplanane ligg føre?

Statsråd Gudmund Hernes: Som jeg berørte i mitt første innlegg, er den viktigste begrensende faktor her utarbeidelsen av læreplaner. Det er et arbeid som er underveis. Så godt som alle læreplanene for VK I-kurs er nå fastlagt, og vi har en større serie underveis også når det gjelder VK II. Men det sier seg selv at det er vanskelig å sette i gang arbeidet med utvikling av lærebøker og annet læremateriell før disse er endelig fastsatt. Men som sagt: Det er et arbeid som er underveis, og for VK II-planenes vedkommende er det klart at de må være på plass i god tid før elevene kommer til VK II etter Reform 94.

: