Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Stortinget - Møte onsdag den 26. april 1995

Dato:
Tilbake til spørretimen

Spørsmål 17

Erling Folkvord (RV): Etter at dagsordenen for møtet i EØS-komiteen i Brussel no til fredag er endra, kan det vel òg godt tenkjast at det er samferdselsministeren som er nærmaste rette vedkomande til å svare. Spørsmålet er følgjande:

28. april 1995 kan rådsresolusjon om liberalisering av telekommunikasjonsinfrastrukturen komme opp i EØS-komiteens møte i Brussel. Samferdselsministeren sa før jul at han ville ta opp saken i vårsesjonen i Stortinget, og at han ventet at « Stortinget då vil drøfte kva som skal vere norsk politikk på dette området framover ».

Betyr dette at Regjeringa vil gå mot rådsresolusjonen 28. april 1995 siden saken ikke er drøftet i Stortinget?

Statsråd Kjell Opseth: På grunn av manglande omsetjing til ulike språk er rådsresolusjonen om prinsippa og tidsplanen for deregulering av telekommunikasjonsinfrastruktur teken av dagsordenen til EØS-komiteen sitt møte den 28. april. Handelsministeren vil orientere Stortinget sitt konsultasjonsorgan for EØS-saker om resolusjonen før han blir teken opp til avgjerd i EØS-komiteen.

Regjeringa fremja 7. april d.å Ot.prp.nr.36 (1994-1995), Lov om telekommunikasjon. I lovframlegget drøftar ein behovet for ei vidare utvikling av telepolitikken, m.a. på bakgrunn av nemnde resolusjon. I proposisjonen er det likevel ikkje gjort framlegg om nokon endringar i grensa mellom einerett og konkurranse. Det går vidare fram av proposisjonen at Regjeringa vil kome tilbake til Stortinget med turvande forslag når det blir aktuelt å gjennomføre endringar i gjeldande politikk.

Erling Folkvord (RV): Raud Valallianse har det siste året fleire gonger her i Stortinget tatt opp korleis Regjeringa har brukt og bruker EØS/EU sine vedtak og reglar til å presse fram ei endring av Televerket som ikkje er vedtatt i Stortinget, og som Arbeidarpartiets talsmenn seier at dei eigentleg ikkje er for. Thorbjørn Jagland sa t.d. på Arbeidarpartiet sitt landsmøte:

Hvis vi ikke hadde gjort noe med Televerket hadde vi fått en privatisering.

Alle veit at det er brei mobilisering i fagrørsla for at Telenor framleis skal vere ei samfunnsbedrift, og den skal skilje seg frå å vere ei profittbedrift ved det at ein tar samfunnsmessige omsyn. Eg vil da spørje: Korleis kan samferdselsministeren la direktør Hermansen i Telenor ture fram med same handlemåte som vi ventar av den verste privatkapitalist, samtidig som statsråden på ulike måtar gir eit skin av at det er Stortinget som skal avgjere telepolitikken og grensa mellom det som er konkurranseutsett og det som er monopol i framtida?

Statsråd Kjell Opseth: Eg vil på det mest bestemte tilbakevise påstanden om at ein gjennom EU og EØS-avtalen pressar fram endringar i norsk telepolitikk som Stortinget ikkje har vedteke. Det er ei heller slik at Telenor ikkje er og skal vere ei sterk telebedrift i dette landet. Det er nettopp det som er bakgrunnen for dei tiltaka som etter vedtak her i huset er i ferd med å bli gjennomførte, og det at direktør Hermansen er oppteken av å gjere Telenor til ei sterk telebedrift med sikre arbeidsplassar, skjer innafor dei rammer som Stortinget har vedteke.

Erling Folkvord (RV): Det som nå blir freista gjennomført under Tormod Hermansen si leiing og sikkert med fullmakt frå statsråden, er å etablere Telenor som ei sterk, profittstyrt telebedrift, ikkje berre i Noreg, men også i Sverige. Telenor driv i dag ein aggressiv kamp for å erobre marknadsdelar i den liberaliserte telemarknaden i Sverige og driv ein aggressiv oppkjøpspolitikk i Noreg. Databedrifta Comma vart kjøpt opp like før påske for 182 mill. kr. Eg må seie at dersom det ikkje er slik at det er rein profittstyring som nå blir innført, korleis kan det da ha seg at Telenor kan bla opp 182 mill. kr til eit slikt kjøp nærmast over natta, medan ei anna samferdselsbedrift, NSB, ikkje har nok midlar til f.eks. å vere i stand til å kjøpe inn nødvendig moderne vognmateriell?

Statsråd Kjell Opseth: Det er med ei viss undring eg registrerer at representanten Folkvord seier at det å tene pengar er det same som å gjere noko gale. Det er faktisk det at Telenor har eit godt økonomisk fundament som gjer at dei no er i stand til å byggje seg opp som ei sterk nasjonal, statleg eigd tele- og databedrift, og det trudde eg faktisk også var i RV og representanten Folkvord si interesse, for det er jo det som sikrar arbeidsplassane innafor Telenor, og framfor alt er det det som sikrar at alle i dette landet får basistenestene innafor Telenor til like vilkår. Eg har litt vanskar med å skjøne at det kan liggje noko motsetnadsforhold i det at Telenor tener pengar for sjølv å legge til rette for dei tenestene som m.a. Stortinget ber Telenor ta seg av.

Presidenten: Vi går så tilbake til spørsmål 9.

: