Stortinget - Møte onsdag den 5. april 1995
Spørsmål 6
Ole Johs Brunæs (H): Jeg skal få lov å stille følgende spørsmål til samferdselsministeren:
Ligger fremdriften av Gardermobanen innenfor de planlagte tidsrammer og kostnadsrammer som redegjort for i B.innst.S.nr.14 (1994-1995)?
Statsråd Kjell Opseth: I St.prp.nr.1 (1994-1995) er det gjort greie for tids- og kostnadsramma for utbygginga av Gardermobanen.
NSB Gardermobanen A/S rapporterer kvar månad framdrifta og kostnadsutviklinga for prosjektet i eigen månadsrapport til Samferdselsdepartementet. Så langt i prosjektet er det ikkje kome fram noko som skulle tilseie at utbygginga av Gardermobanen ikkje vil bli gjennomført innanfor dei planføresetnadene Stortinget har vedteke. Det vil seie at prosjektet blir ferdig til flyplassen opnar den 1. oktober 1998 innanfor ei kostnadsramme på 4.600 mill. 1992-kroner, med ei uvisse på +/- 20 %, slik det er gjort greie for i framlegget for Stortinget.
Pr. 1. april er framdrifta i samsvar med planen og utgjer om lag 10 % av det samla arbeidet. Erfaringane så langt syner at budsjetta er stramme. Som det vart gjort greie for ved handsaminga av Innst.S.nr.14 (1994-1995), er det innanfor dei funksjonelle krav som er stilte til banen, mogleg å redusere investeringane på strekninga Gardermoen - Eidsvoll med 180 mill. kr. Denne summen har saman med reduserte kostnader til byggjeadministrasjonen gjort det mogleg å tilføre 250 mill. kr til prosjektreserven.
NSB Gardermobanen A/S arbeider kontinuerleg med å finne fram til kostnadsreduserande tiltak. Det ambisiøse målet at minst 50 % av flypassasjerane skal bruke tog til og frå flyplassen, er ei krevjande oppgåve som budsjettmessig må prioriterast høgt. I spørsmålet om vi når dette målet eller ikkje, er det større grunn til uro omkring dei nye kostnads- og arbeidskrevjande forslaga som blir lanserte, enn framdrifta og økonomien ifølgje stortingsvedtak av 8. oktober 1992.
Det er både selskapet si vurdering og mi vurdering at det er mogleg å ferdigstille prosjektet i samsvar med tidsplanane og innanfor budsjettet. NSB Gardermobanen A/S vil i løpet av våren 1995 ha kontraktfesta arbeid for til saman 4 milliardar kr av ein totalkostnad på 5,6 milliardar kr når ein reknar med togmateriell som NSB har tinga. På denne måten vil ein etter kvart få eit endå sikrare bilete av sluttkostnadene.
Ole Johs Brunæs (H): Jeg takker statsråden for svaret og aner en viss uro over deler av prosjektet, det har særlig med kollektivtrafikkens størrelse å gjøre. Det jeg derfor vil spørre statsråden om, er om planene, inklusive reguleringsplaner, er kommet så langt at man kan være sikker på at alt er klart når det gjelder infrastruktur, tilbringertjeneste, parkeringsforhold osv., slik at banen vil kunne fungere fullt ut fra dag 1. Jeg spør om dette fordi trafikkmønstre vil sette seg fra oppstarten av flyplassen. Dette er svært viktig, og det er bakgrunnen for dette spørsmål.
Statsråd Kjell Opseth: Det er ikkje særleg tvil om at kravet om at minst 50 % av dei reisande til og frå flyplassen skal reise med jernbanen, er eit sterkt krav. Og det pålegg alle å medverke til at vi innfrir det kravet. Reguleringsplanane i relasjon til Gardermobanen er i rute. Det som uroar meir, som sagt, er forslaga om tiltak som ikkje ligg inne og ikkje har lege inne i reguleringsplanen som vart vedteken m.a. i denne sal, og kva følgjer dei får nettopp for å ferdigstille banen og for å innfri dei krav som vi har vore samde om å ha til storleiken på kollektivtrafikken til og frå Gardermoen.
Ole Johs Brunæs (H): Vi er selvfølgelig alle sammen opptatt av at målene skal nås. Det vi vil anmode statsråden om, er at han overfor Stortinget spiller med åpne kort og sier fra når problemer måtte oppstå, slik at de kan løses så tidlig som mulig. Med i dette bildet hører også selve organiseringen av Gardermobanen etter at den har kommet i drift. Jeg har forstått at statsråden på et eller annet tidspunkt vil legge fram forslag til organisering av Gardermobanen i Stortinget. Tiden går nå fort, det er ikke så lenge til banen faktisk skal være i virksomhet, og jeg vil spørre: Når kommer dette?
Statsråd Kjell Opseth: Det er rett at det er viktig at ein får ei samordna planlegging av utbygginga og drifta, og organiseringa av dette vil kome til Stortinget i nær framtid. Men for å gjenta det ein gong til: Det som uroar meir i høve til å ferdigstille banen og få den kollektivdelen som vi har sett som mål, er m.a. forslag som ligg her i salen. Dersom Stortinget verkeleg meiner at desse måla skal nåast, har ein iallfall ei oppgåve i samband med handsaminga av det forslaget.