Stortinget - Møte onsdag den 22. mars 1995
Spørsmål 10
Kristin Halvorsen (SV): Jeg vil gjerne stille samferdselsministeren følgende spørsmål:
Administrerende direktør i NSB Gardermobanen A/S har tatt til orde for at beboere i Gamlebyen som plages av støy fra den nye Gardermobanen, kan tilbys erstatningsboliger, og at opptil 500 boliger omreguleres til næringsarealer.
Mener samferdselsministeren at dette er en aktuell løsning på problemene i gamle Oslo som følge av Gardermobanen?
Statsråd Kjell Opseth: I dag går det dagleg ca 420 tog gjennom Gamlebyen. Dette reknar ein vil auke til om lag 500 i år 2010. Ein har då rekna med om lag 70 godstog som i dag går gjennom Lodalen. Gardermo-trafikken vil medføre vel 200 tog i døgnet. Talet på Gardermo-tog vil ikkje auke vesentleg då trafikkauken vil bli møtt med å nytte lengre togsett. Utgreiingar syner at støyen frå Gardermo-trafikken vil auke den gjennomsnittlege støyen utandørs over døgnet i Gamlebyen med 1 - 2 desibel, noko som ein knapt vil merke.
Dei støytiltaka som er vedteke gjennomført før Gardermo-trafikken startar opp, fører til at dei aller fleste av dei 185 bustader som i dag har innandørs støy over 35 desibel, vil få støy under dette nivået. Til samanlikning er støyen ved ei normal samtale på ein meters avstand oppgjeve til 68 desibel.
Den ekstra trafikken til og frå Gardermoen med moderne, støysvake tog vil såleis berre gje ein marginal auke i støynivået i Gamlebyen. Med dei støytiltaka som det er vedteke å setje i verk i Gamlebyen i samband med Gardermo-trafikken, vil det innandørs støynivået i bustadene bli betre enn i dag. I framtida skal støyen liggje under den grensa som vil bli fastlagd i dei nye forskriftene til forureiningslova for samferdsel.
Tiltak utover dei vedtekne støytiltaka vil få alvorlege følgjer for investeringsbudsjettet til NSB og selskapet si evne til å gjennomføre investeringtiltak for å betre driftstryggleiken.
Å berre leggje Gardermobanen i tunnel vil ikkje løyse korkje støyproblema eller andre miljøproblem i Gamlebyen. Då må også Hovudbanen samstundes leggjast i tunnel. Det er dette som er bakgrunnen for at Oslo kommune og NSB saman har laga ei utgreiing for å sjå på kva som kan vere ei mogleg framtidig løysing for heile jernbanetrafikken inn og ut ved Oslo S, og at dette blir sett i ein større byplanmessig samanheng.
Utgreiinga syner at det er teknisk vanskeleg å få til ei tilfredsstillande tunnelløysing, samstundes som ein må rekne med at jernbanetrafikken til og frå Oslo S vil bli meir eller mindre lamma i heile utbyggingsperioden. Kostnadene for ei tunnelløysing er rekna til over 2 milliardar kr. NSB og NSB Gardermobanen sine tap på grunn av driftsproblem i utbyggingsperioden er då ikkje rekna med.
For Gardermobanen vil dette også kunne bli alvorleg med omsyn til tap av passasjerar til bil, som kan bli vanskeleg å ta igjen.
Eg har forstått administrerande direktør i NSB Gardermobanen A/S slik at med dei tekniske og driftsmessige problema ein ser føre seg med bygging av tunnel saman med ein investeringskostnad som tilsvarar 3 - 4 mill. kr pr. bustadeining, bør også omregulering av delar av Gamlebyen vere eit alternativ.
Dersom det skal gjennomførast tiltak utover dei normer for støy som gjeld, er eg samd i at dette og andre aktuelle alternativ må utgreiast.
Kristin Halvorsen (SV): Jeg skal prøve å holde mitt tilleggsspørsmål på ca 68 desibel. Til gjengjeld skal jeg garantere samferdselsministeren at han slipper 500 tog om dagen, for det er jo det som er situasjonen for beboerne i Gamlebyen i år 2010, som samferdselsministeren gjorde greie for.
Det jeg syns er interessant i det som administrerende direktør Osmund Ueland i NSB Gardermobanen A/S sier, er at han ikke bagatelliserer de støyproblemene som togtrafikken medfører i Gamlebyen. Det er jo en tendens til både fra samferdselsministeren og andre å bagatellisere dem. Det forslaget som direktør Ueland kommer med, er dramatisk. Det er meget dramatisk byutviklingsmessig, og det viser for så vidt dramatikken i forhold til Gardermobanen og støy.
Det er nå en rekke initiativ på Stortingets Oslo-benk og fra beboerne i Gamlebyen for å få lagt jernbanen i tunnel. Jeg lurer på samferdselsministerens holdning i denne saken. Uten at jeg ønsker livet av samferdselsministeren, men han virker så steil som at « dette er over mitt lik » - er det sånn at samferdselsministeren er urokkelig i saken om tunnel i Gamlebyen?
Presidenten: Presidenten må minna om taletida på 1 minutt.
Statsråd Kjell Opseth: Eg bagatelliserer ikkje dei støyproblema som er i Gamlebyen, og som vil vere i Gamlebyen, men eg har i hovudsvaret mitt gitt ei skildring av dei faktiske forholda når det gjeld støy. Det er ikkje sånn at tiltak som ein gjer i Gamlebyen, dersom dei går utover dei normene vi har for støy, ikkje vil få konsekvensar elles langs jernbanen i landet vårt. Difor er det min jobb å fortelje det som er dei faktiske sidene ved dette, og det har eg da gjort i hovudsvaret. Den vidare behandlinga av denne saka her i Stortinget, all den tid den er komen til Stortinget, får vi avvente og ta stilling til når så langt lir.
Kristin Halvorsen (SV): Bare to korte, presise spørsmål til samferdselsministeren:
I sitt svar åpner han for at en omregulering av området fra bolig til næringsarealer kan være en tenkelig løsning. Da har jeg bare lyst til å vite om det er sånn at samferdselsministeren kunne tenke seg å flytte Samferdselsdepartementet til NSBs jernbanetrasé og sørge for at hans eget departement fikk lokaler som var så støyutsatt som de boligene som da eventuelt skal omreguleres, er pr. i dag. Det kunne vært interessant å få vite.
Så er det et annet forslag som har kommet opp i løpet av de par siste dagene, og det er et forslag om å legge et lokk over jernbanetraséen. Etter min oppfatning er det et langt dårligere forslag enn en tunnel, men det er også et innspill i denne debatten. Er det et forslag som samferdselsministeren syns er interessant, eller komplett uinteressant?
Statsråd Kjell Opseth: Eg vil gjerne gjenta at Gardermobanen i seg sjølv ikkje gir ein auke i støynivået i Gamlebyen som er særleg merkbar. Og med dei tiltaka vi skal gjennomføre, blir det betre støytilhøve enn det er i dag.
Så vil eg gjerne gjenta at dersom det skal gjennomførast tiltak utover dei normene for støy som gjeld, er eg sjølvsagt innstilt på at då må alle aktuelle alternativ utgreiast.
Presidenten: Vi går så tilbake til spørsmål 9.