Stortinget - Møte onsdag den 8. mars 1995
Spørsmål 11
Bjørg Hope Galtung (Sp): Eg har følgjande spørsmål til statsråden:
I dagens lærebøker i samfunnskunnskap for den vidaregåande skulen er det lite informasjon og opplysningar om det norske forsvaret. Dette er eit stort sakn for både elevar og lærarar.
Kva vil statsråden gjera for å imøtekoma ynsket om informasjon om Forsvaret i lærebøker?
Statsråd Gudmund Hernes: I gjeldande læreplan for faget samfunnskunnskap heiter det at faget er eit allmenndannande fag. Gjennom faget skal elevane lære å forstå samfunnet og sin eigen situasjon i samfunnet betre. Elevane skal m.a. tileigne seg kunnskap om korleis det norske samfunnet er bygt opp og fungerer, og om grunntrekk i det internasjonale samfunnet, og utvikle ei kritisk og ansvarsmedviten holdning til samfunnsspørsmål.
Samfunnskunnskap er eit studieretningsfag i studieretning for allmenne fag i gammal struktur og byggjer på det felles allmenne faget samfunnslære. I læreplanen er makt, konfliktløysing og internasjonal politikk - m.a. våpenkappløp og nedrusting - sentrale tema.
Under emnelista for faget finn vi emne som « Norsk utanriks- og tryggingspolitikk » med punkta « Norsk tryggingspolitikk » og « Funksjonane til Forsvaret ». Under emnet « Internasjonale samarbeids- og konfliktlinjer » finn vi punkta « Alliansepolitikk og kollektiv tryggleik », « Opprusting/våpenkappløp, nedrusting, fredsarbeid » og « Aust/vest-forholdet: kald krig og avspenning ».
Eg vil også streke under at ansvaret for å gje informasjon og opplysningar om Forsvaret er eit felles ansvar for grunnskule og vidaregåande opplæring. Eg reknar såleis med at forlaga ser nærmare på dette saksfeltet i samanheng med nye læreplanar og lærebøker for grunnskulen og vidaregåande opplæring. Nasjonalt læremiddelsenter har i eit brev til Norges Forsvarsforening av 28. januar 1995 peikt på at det kan vere aktuelt å arrangere eit seminar for lærebokforfattarar, forlagsredaktørar og granskarar som arbeider innanfor samfunnsfag, for å drøfte korleis forsvars- og tryggingspolitikk skal behandlast i lærebøker for samfunnsfag. Eg reknar difor med at Nasjonalt læremiddelsenter vil følgje opp saka på dette grunnlaget.
Bjørg Hope Galtung (Sp): Svaret til statsråden gjev då von om at framtidige lærebøker i samfunnsfag vil innehalda stoff om forsvar og tryggleik. Men med bakgrunn i dei måla som læreplan for samfunnslære har, vil det vera heilt naturleg at elevane får kunnskap om Forsvaret si historiske og noverande rolle, hovudfunksjonane til Forsvaret, totalforsvarsomgrepet, verneplikta, kvinner og forsvar, NATO, FN-styrkar, fredsbevarande styrkar pluss ein del andre. Fram til i dag har ikkje læreplanane innfridd dei måla som er gjevne. Måla vil då berre verka som fine ord, fordi lærebøkene har svikta denne oppgåva.
Mitt tilleggsspørsmål er då: Kva er årsaka til at dette temaet ikkje har vorte teke med i lærebøkene, og har departementet forsømt si oppgåve som kontrollør når det gjeld dette temaet?
Statsråd Gudmund Hernes: For å ta det siste spørsmålet først. Det er slik at det inntil nå har vært forlagenes ansvar å sørge for at de mål som er ført opp i læreplanene, blir tatt inn i lærebøkene. Vi har hatt en godkjenningsordning som særlig har vært rettet mot å kontrollere likestilling, det pedagogiske opplegget osv., men ikke selve det innholdsmessige. Der har det imidlertid vært en reglementsendring som gjør at Nasjonalt læremiddelsenter her kan gå mer aktivt inn. Det er også grunnen til at de har etablert dette seminaret, som tar sikte på å følge opp dem som skal lage lærebøkene.
Når det gjelder det innholdsmessige, er jeg enig i at de punkter som representanten Hope Galtung tar opp, er sentrale temaer i samfunnslære og samfunnskunnskap. I tillegg til det er det klart at Forsvaret utgjør en hovednerve i hele vår nasjonale historie, og også der bør man se på disse temaenes stilling.
Bjørg Hope Galtung (Sp): Eg takkar for svaret.
Som statsråden òg seier, er Forsvaret ein av dei største institusjonane i samfunnet. Det grip inn i dei fleste ungdomane sitt tilvere på eit visst tidspunkt i livet. Veldig mange opplever fyrstegongstenesta som negativ både fysisk og psykisk. Mangel på informasjon om dette temaet kan vera ei årsak til denne haldninga. Ei anna viktig side ved dette er jentene sin adgang til m.a. å kunna avtena fyrstegongsteneste. Dette er så vidt eg veit, ikkje nemnt noko særleg i lærebøkene.
Mitt siste spørsmål er då: Kan statsråden lova at tilstrekkeleg stoff om forsvar og tryggleik kjem i dei neste utgåvene i samfunnslære?
Statsråd Gudmund Hernes: « Tilstrekkelig » er vel et relativt elastisk begrep, så jeg vet ikke om jeg tør love at det blir tilstrekkelig ut fra alle de ønskemål som måtte foreligge.
Men igjen vil jeg si når det gjelder de temaer som her ble tatt opp, blant annet om jentenes adgang til Forsvaret, at en vesentlig del av forberedelsen til alminnelig deltakelse i vårt samfunn er at man kjenner også den siden av Forsvarets virksomhet, og at man blir orientert om denne institusjonens rolle, både historisk og i dagens situasjon, gjennom skolens læreplaner og undervisning.