Stortinget - Møte onsdag den 22. februar 1995
Spørsmål 15
John Dale (Sp): Eg vil stille følgjande spørsmål til samferdselsministeren:
Den nye Nordhordlandsbrua hindrar store båtar å ta seg inn til Stormøllen på Vaksdal.
Vil departementet ta initiativ til å klargjere den alternative seglingsleia gjennom Bognøystraumen, i tråd med framlegget frå fylkeskommunen og dei føresetnader som låg til grunn for Stortinget sitt vedtak om bygging av flytebru?
Statsråd Kjell Opseth: Eg syner til tidlegare omtaler av saka for Stortinget, seinast i St.prp.nr.1 (1994-1995) side 123. Samferdselsdepartementet la her opp til å få vurdert - kor store skip som kan gå gjennom Bognøystraumen slik den er i dag, og - alternativ som inneber noko mindre tiltak enn det som førebels er lagt til grunn.
Bakgrunnen for dette arbeidet var den betydelege uvissa med omsyn til kor store skip ei seglingslei til og frå fjordsystemet innafor Salhusfjorden bør ha kapasitet til å ta. Utgreiingane blir gjorde lokalt i samarbeid mellom Statens vegvesen og Kystverket, i kontakt med dei berørte bedriftene. Det er lagt opp til at utgreiingsarbeidet skal vere ferdig i midten av mars. Eg reknar med at arbeidet kan starte hausten 1995.
John Dale (Sp): Eg oppfattar då statsråden slik at han har gitt eit positivt svar på mitt spørsmål, og at arbeidet med å klargjera ei alternativ seglingslei no vil skje på grunnlag av dei utgreiingane som snart ligg føre.