Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Stortinget - Møte onsdag den 15. februar 1995

Dato:
Tilbake til spørretimen

Spørsmål 12

Einar Steensnæs (KrF): Jeg tillater meg å stille følgende spørsmål til samferdselsministeren:

De mange trafikkulykkene på Rv11 langs Åkrafjorden, noen også med et tragisk utfall, viser at denne veistrekningen ikke er tilstrekkelig prioritert med hensyn til grunnleggende sikkerhetstiltak som føringskanter, strøing, varslingsanlegg for ras m.v. Inntil den nye traseen står ferdig, er det viktig at den nåværende blir sikret best mulig.

Hvilke tiltak vil være aktuelle å iverksette?

Statsråd Kjell Opseth: Vegen langs Åkrafjorden er ofte utsett for ras. Dette gjeld sommar som vinter. Sist vinter vart det registrert 64 store og små ras langs fjorden. Alle desse rasa stengde vegen for trafikantane. Om vinteren kjem det ofte fleire ras i ein og same uversperiode. I uversperiodane kan ein delvis følgje opp og vurdere snøtilhøva i området og dessutan nytte meteorologiske langtidsvarsel som rettesnor for å førebu innsats frå mannskap og maskiner.

Statens vegvesen i Hordaland har gjort avtalar med yrkessjåførar som køyrer fast på ruta langs Åkrafjorden, slik at vegvesenet raskt kan få meldingar om tilhøve som treng innsats frå dei. Rv11 langs Åkrafjorden er som alle andre stamvegar i Noreg gjeven høg prioritet når det gjeld tiltak som kan betre veggrepet.

Statens vegvesen i Hordaland arbeider for tida med ein samla rassikringsplan med bakgrunn i dei mange rasa som har vore i denne regionen dei siste åra. Varslingsanlegg med geofonar er av dei tiltaka som blir vurderte.

Det vil alltid ta noko tid før vegen blir stengd når det kjem uventa ras. I denne tida er det vesentleg å få stoppa trafikantane før dei køyrer inn i rasområdet. Ein vil no vurdere å setje opp skilt med stoppforbod på enkelte strekningar på Rv11 langs Åkrafjorden, slik at ein i størst mogleg grad sikrar at bilar ikkje blir ståande i dei farlege områda.

Sjølv om dette partiet av vegen skal endre status om ei tid, må han rustast opp noko. Slike arbeid var tenkt gjorde etter at nyvegen var opna. Det kan likevel bli sett i verk enkelte tiltak alt i år, t.d. at dei verste stadene får betre føringskantar, som kan hindre utforkøyringar.

Oddbjørg Ausdal Starrfelt: hadde her teke over presidentplassen.

Einar Steensnæs (KrF): Jeg takker statsråden for svaret, som jeg opplever som positivt, med en forståelse for de behov som dette vanskelige veistykket har for sikring. Det er en smal, svingete og rasfarlig vei med stupbratte fjellskråninger ned mot fjorden. De siste 20 årene har en hatt åtte dødsulykker her, men en må tilføye et betydelig antall kollisjoner og nestenulykker. Det representerer en betydelig psykisk belastning for dem som er avhengig av jevnlig å trafikkere denne farlige strekningen.

Som kjent besluttet et flertall i Stortinget under salderingen av statsbudsjettet å bevilge 30 millioner kr til sikring av rasfarlige veistrekninger, og jeg vil gjerne spørre statsråden: Kan han konkret tenke seg at noen av disse midlene kan nyttes til å trygge denne vanskelige veistrekningen, og - mer konkret - hvilke tiltak vil i så fall være aktuelle?

Statsråd Kjell Opseth: Det er ikkje nokon særleg tvil om at det einaste tiltaket som er varig, er å få bygd ferdig denne parsellen med ny veg så fort som råd er. I den samanhengen må eg vedgå at eg ikkje likar den utsetjinga som Stortinget sitt vedtak i samband med budsjettbehandlinga no synest å ville gje.

Eg ser det som lite samfunnsøkonomisk, same kor rasfarleg dette området er, å bruke store midlar på å rassikre ein veg som om fem - seks år er omlagd i ein ny trasé. I framtida skal vegen vere gang- og sykkelveg. Dei tiltaka som kan vere av varig verde, har eg nemnt i hovudsvaret mitt, og dei er under vurdering.

Einar Steensnæs (KrF): Jeg takker statsråden for svaret, men vil jo beklage at han ikke holdt den positive tonen fra sitt første innlegg. Det kunne statsråden godt ha gjort.

Jeg vil advare statsråden mot å gå ekstraomganger med den saken som gjaldt trasévalg i Stordalen. Den har vi lagt bak oss. Etter stortingsflertallets syn, tror jeg, har Stortinget her spart lokalbefolkningen for ytterligere utsettelse ved det trasévalget som ble gjort.

Jeg vil også advare statsråden mot å ta for lett på de reaksjoner som nå har bygd seg opp lokalt, ved å avvise mulighetene for at en kan gå inn med tiltak som kan skape en tryggere vei langs den gamle traseen, som denne befolkningen er nødt til å leve med i en del år fremover.

Statsråd Kjell Opseth: Eg vil seie til representanten Steensnæs at dette ikkje er noko forsøk på omkamp. Eg har effektuert Stortinget sitt vedtak så raskt og så breitt som det er faktisk mogleg. Men eg må jo kunne få lov å peike på det som vi meiner er det faktiske forholdet. Sjølv om eg er klar over at representanten Steensnæs og fleire med han meiner det annleis, så er det no ein realitet at her skal det byggjast ein ny veg, og med dei små midlane vi trass i alt har til både å sikre vegar, utbetre vegar og byggje nye vegar, er vi nøydde til å ta ting i rett tur og orden. Det er mange fleire plassar enn langs Åkrafjorden der det går ras, og der det er farlege forhold vintersdag. Difor vil eg tru at vi alle er best tente med at vi no ser framover og dempar ned den uroa som naturlegvis er der i kjølvatnet av ei så tragisk ulykke.

Presidenten: Spørsmål 13 vil bli svara på etter spørsmål 27.

: