Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Stortinget - Møte onsdag den 8. februar 1995

Dato:
Tilbake til spørretimen

Spørsmål 28

Øystein Hedstrøm (Frp): Jeg har følgende spørsmål til samferdselsministeren på vegne av nærings- og energiministeren:

NHO hevder at bedriftene taper milliardbeløp fordi Norges vassdrags- og energiverk (NVE) ikke følger egne regler, mangler mål for virksomheten og har en uengasjert ledelse. NVE har ikke grepet inn på eget initiativ mot for høye priser på overføring av kraft, og netteierne kan ture frem med ågerpriser på transporttjenestene.

Hva kan statsråden bidra med slik at regelverket kan håndheves?

Statsråd Kjell Opseth: Eg skal på vegner av nærings- og energiministeren få gje følgjande svar:

Representanten Øystein Hedstrøm har også tidlegare vendt seg til nærings- og energiministeren og bede om å få styrkt monopolkontrollen. Eg siktar då til eit Dok.nr.8-forslag frå hausten 1993. Eg vil påstå at monopolkontrollen er vesentleg styrkt sidan den gongen. Det har kome betre og meir detaljerte retningsliner for berekning av overføringstariffar og reknskapsrapportering. Monopolkontrollen fekk tre nye stillingar både i budsjettet for 1994 og for 1995. I tillegg har NVE flytta to stillingar internt. Eg vil også trekkje fram at NVE har laga retningsliner som frå og med 1995 gjer det vesentleg lettare for hushaldningskundar å skifte leverandør.

Regjeringa har også endra føreskriftene til energilova slik at NVE av eige tiltak kan gripe inn mot for høge overføringstariffar i e-verka utan at det ligg føre ein konkret klage. Førebels har klagesakene vore så mange, og arbeidet med å vidareutvikle retningslinene så krevjande, at NVE ikkje har hatt kapasitet til å gå gjennom overføringstariffane i fleire e-verk enn dei som er klaga inn. NVE opplyser at dei vil starte med dette arbeidet i inneverande år.

Monopolkontrollen er skjerpa i den seinare tida. Departementet har gjort det klart at dersom ein kunde får sett ned overføringstariffen eller endra overføringsvilkåra på grunnlag av forhold som er felles for fleire kundar, skal vedtaket gjerast gjeldande for alle desse kundane. Departementet har også sagt at det er naturleg å leggje til grunn avrekning frå den tida kontrakten tok til å gjelde. Dette gjer at dei økonomiske følgjene vert vesentleg skjerpa i forhold til tidlegare for dei e-verka som bryt føreskriftene og retningslinene.

Regulering av avkastning og handsaming av klagesaker er ein tung prosess, der NVE må gå langt inn i detaljane. Alternativet er eit system med maksimalprisar. Motivasjonen til å senke kostnadene kan bli styrkt dersom e-verka kan få noko att av effektiviseringsgevinsten som auka forteneste. NVE utgreier for tida ulike reguleringsmåtar.

Vi kan nok ikkje rekne med at det nokon gong blir full ro omkring monopolkontrollanten. Men også eg kan sjå at det framleis er rom for å gjere kontrollen betre. Korkje NVE eller departementet meiner at arbeidet med monopolkontrollen har nådd si endelege form. Eg finn likevel ingen grunn til å kritisere det arbeidet som er gjort - tvert om. Eg tek difor avstand frå påstanden som representanten Hedstrøm viser til.

Øystein Hedstrøm (Frp): Jeg takker statsråden for svaret.

Jeg har forståelse for at det tar sin tid å gjøre noe med dette etter at vi fikk en ny energilov. Men NVE har jo selv påpekt at mangel på effektivitet og for høye priser i overføringsnettet gir ekstrakostnader på 1,8 milliarder kr, og dette overveltes da bedriftene.

Fra 1. januar 1995 har vi også åpnet det private husholdningsmarkedet, og da blir det enda viktigere at denne monopolbiten ikke utnyttes av energiselskapene til egen profitt, i strid med intensjonene i energiloven. Etter en periode med sterkt prispress ser vi nå synkende priser. Det viser seg mange steder når folk henvender seg til energiverk som har lave priser, at de blir nektet kjøp. Selv om energiverkene har velfylte magasiner med kraft tilgjengelig, begrunnes det med at den bare skal selges i egen kommune.

Vi har nå et fritt kraftmarked, og private husholdninger anbefales å gå ut i markedet. Eksperter sier at det er fullt mulig for en husholdning å spare 1000-2000 kr i året ved å bruke markedet, men da må dette være åpent. Mener statsråden dette er i tråd med energilovens intensjoner i dette tilfellet?

Statsråd Kjell Opseth: Som eg sa i mitt hovudsvar, vil NVE i år starte arbeidet med å gjennomgå tariffane i enkelte av dei e-verka som ikkje er klaga inn. Og sjølv om NVE allereie har desse tala, er det eit omfattande arbeid å vurdere nivået på overføringstariffane i eit e-verk. I tillegg vil eg minne om at brukarane sjølvsagt framleis kan klage tariffane inn til NVE. Eg trur vi alle saman må vere klar over at på dette området tar det tid å etablere ny praksis - ikkje berre ny praksis, men ein praksis som er fundamentalt annleis enn det den har vore før. Litt tolmod trur eg difor er på sin plass.

: