Stortinget - Møte onsdag den 1. juni 1994
Spørsmål 15
Solveig Sollie (KrF): Jeg vil få stille følgende spørsmål til samferdselsministeren:
Meldingen om kortbaneflyplassenes framtid ventes fortsatt lagt fram for Stortinget. Ifølge enkelte media er det skapt uklarheter om finansieringen av kortbaneflyplassene fra statens side.
Er det korrekt at AFIS-tilskudd skal tas vekk fra kortbaneflyplassene?
Statsråd Kjell Opseth: Som eg sa i Spørjetimen onsdag 4. mai i år, vil mitt og Regjeringa sitt syn på dei regionale flyplassane bli lagt fram i ei stortingsmelding om staten sitt engasjement i regional luftfart. Dette gjeld òg spørsmålet om finansiering av kortbaneplassar og AFIS-tilskot. Som det går fram av svaret 4. mai og brev frå Samferdselsdepartementet 18. mai til Stortingets presidentskap, vil meldinga bli lagd fram i sommar.
Solveig Sollie (KrF): Jeg takker statsråden for svaret.
Jeg er selvfølgelig skuffet over at statsråden ikke på noen måte gav svar på mitt spørsmål. Uvissheten om AFIS-tilskuddet vil fortsatt være der. Jeg må dessverre tolke statsråden dit hen at det er grunnlag for ryktene som går på at AFIS-tilskuddet kan falle bort. Det vil for Grenland-kommunene bety 1,3-1,4 millioner kr og for Skien kommune 700000 kr i merutgifter. Når vi vet at gjelden på denne flyplassen er 48 millioner kr, og det tilskuddet som har vært lovet tidligere, ikke har kommet, er det klart at dette vil skape store problemer.
Jeg vil peke på den situasjon at mange bedrifter, både statlige og private, flytter fra Grenland til Vestfold. På sikt er dette svært urovekkende. I den sammenheng betyr flyplassen svært mye.
Statsråd Kjell Opseth: Det er diverre lite eg som samferdselsminister kan gjere med at representanten Sollie blir skuffa. Det er faktisk slik at det er mange som har ein flyplass dei brenn for, som ventar på liknande svar. Eg trur representanten Sollie er fullstendig klar over at eg ikkje kan gje konkret svar på eitt spørsmål utan å rekne med at ein òg får det på alle dei andre. Dermed er heile grunnlaget for Regjeringa sitt arbeid med meldinga borte. Difor må nok representanten Sollie vere budd på å vente nokre månader før ho får eit konkret svar.
Solveig Sollie (KrF): Jeg har forståelse for at statsråden ikke kan legge fram alle elementer i en stortingsmelding som ventes til Stortinget senere. Men nå er det skapt uklarhet om det som går på AFIS-støtte. Hvis det hadde vært klart at den skulle fortsette, hadde jeg satt pris på at det hadde blitt sagt klart fra. Det hadde skapt ro rundt omkring. Og dermed hadde ikke dette spørsmålet lenger vært oppe til debatt og versert i avisene.
Presidenten: Me går vidare til spørsmål 16, frå representanten Terje Sandkjær til samferdselsministeren.
- Nei, unnskyld! Statsråd Kjell Opseth skal svara. Presidenten vart litt ivrig.
Statsråd Kjell Opseth: I og for seg var det ikkje så farleg, for det er ikkje noko særleg meir eg kan seie.
Representanten Sollie er opptatt av AFIS-tenesta. Andre er opptatt av liknande forhold - baneforlenging, instrumentering osv. Det går ikkje an å ta eit element ut av ei total melding og seie kva ein vil gjere med det for ein flyplass. Ein del av dette gjeld opptil fleire. Vi skal definere eit statleg flyplassnett. Dei som kjem innanfor der, tek staten hand om. Dei som ikkje kjem innom der, vil bli eit kommunalt eller fylkeskommunalt ansvar. Denne konklusjonen må som sagt representanten Sollie til liks med andre vente på til meldinga blir lagd fram.