Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Stortinget - Møte onsdag den 25. mai 1994

Dato:
Tilbake til spørretimen

Spørsmål 5

Erling Folkvord (RV): Spørsmålet er følgjande:

Odda kommunestyre vedtok 16. mars 1994 at firma som skal utføre bygge- og anleggsoppdrag i kommunen, skal ha tariffavtale. NHO bad 29. april 1994 statsråd Gunnar Berge om å sette kommunestyrevedtaket i Odda ut av kraft.

Kvifor har departementet vedtatt å følgje NHO sitt ønske, og pålagt Odda kommune å sette kommunestyrevedtaket til side?

Statsråd Kjell Opseth: Jeg vil presisere at det departementet har gjort, er midlertidig å sette Odda kommunestyres vedtak ut av kraft til klagen på vedtaket er avgjort i departementet. Bakgrunnen er denne:

Odda kommunes vedtak av 16. mars i år ble klaget inn for fylkesmannen av tre medlemmer i kommunestyret, slik det er anledning til etter kommuneloven. Fylkesmannen har fått delegert myndighet til å avgjøre lovlighetsklager, men saken er nå sendt til departementet på grunn av sin prinsipielle karakter. I forbindelse med lovlighetsklage kan departementet vedta å utsette iverksettingen av et vedtak til klagen er avgjort. Dette blir en individuell vurdering i hver enkelt klagesak.

Da NHO tok opp spørsmålet, vurderte departementet det slik at det var rimelig grunn til å utsette iverksettingen av dette vedtaket. Departementet trenger noe tid på seg til å ferdigbehandle klagen. Saken vil bli prioritert.

Erling Folkvord (RV): Eg takkar for svaret.

Eg tvilar i alle fall ikkje på det som blei sagt i den siste setninga, for det var i det minste tydeleg at saka hadde svært høg prioritet når det galdt å få sett kommunestyrevedtaket førebels ut av kraft. Eg har faktisk dokument her som viser at statsråden har forfatta sin reaksjon på oppmodinga frå NHO fire dagar før fylkesmannen, som fekk klagen frå Odda, vidaresende klagen til departementet. Det er i alle fall ei usedvanleg fart, så eg vil gjerne spørje om eg kan få ei forklaring på følgjande når det gjeld denne typen fagleg-politisk samarbeid med Næringslivets Hovedorganisasjon: Kva er grunnen til at statsråden har valt å gi ei tilbakemelding og sette eit kommunalt vedtak førebels ut av kraft før mindretalsklagen er komen fram til departementet, og også utan å rådspørje så vel Landsorganisasjonen som Fellesforbundet?

Statsråd Kjell Opseth: Eg reknar med at representanten Folkvord er samd i at lovverket skal følgjast, og når det er klagerett og det er framsett klage, så skal den behandlast på reglementsmessig måte. Det vil forundre meg sterkt om representanten Folkvord er usamd i det. At det er ulike interessepartar som gjev til kjenne sitt syn i samband med ein slik klage, burde heller ikkje vere noko uvanleg for representanten Folkvord. Saka vil bli behandla på reglementsmessig måte etter gjeldande lover og så raskt som råd er.

Erling Folkvord (RV): Det er eit forsøk på å gå som katten rundt grauten når statsråden svarer slik som han nå gjer. Her har vi eit nokså eineståande tilfelle av at ein statsråd grip inn og set ut av kraft eit kommunalt vedtak som er viktig når det gjeld lønns- og arbeidsvilkår i ein viktig bransje. Det hadde vore mogleg å gjere eit politisk val og gi Odda kommune moglegheit til å hauste erfaring med det vedtaket som er gjort, for så å vurdere kva ein skal gjere seinare.

Eg vil gjerne stille eit politisk spørsmål til statsråden: Er Regjeringa politisk i stand til å støtte det prinsippet som er nedfelt i vedtaket i Odda kommunestyre, nemleg at firma som skal utføre arbeid for det offentlege, skal ha tariffavtale og dermed like lønnsvilkår for dei som arbeider der, i staden for å støtte frikonkurranseprinsippet til liberalistane i NHO?

Statsråd Kjell Opseth: Til spørsmålet om ein er i stand til å fatte politiske vedtak, vil eg seie at eg reknar med at representanten Folkvord gjennom den tida han har vore her, har registrert at det er denne Regjeringa absolutt i stand til. Det skal ein også i denne saka, men ein må få lov til å behandle ei klagesak på skikkeleg vis. Det er ikkje slik at ein gjennom eit spørjetimespørsmål vanlegvis får avgjerd i klagesaker, og det vil ikkje skje denne gongen heller.

: