Stortinget - Møte onsdag den 4. mai 1994
Spørsmål 39
Øystein Hedstrøm (Frp): Jeg har følgene spørsmål til samferdselsministeren på vegne av næringsministeren:
Statens nærings- og distriktsutviklingsfond bevilget 330.000 kr til utredning om alligatoroppdrett. Landbruksdepartementet har frarådet dette og vil avslå søknad om importtillatelse for alligatorer. En innvilgning av søknaden vil blant annet være i strid med lov av 20. desember 1974 nummer 73 om dyrevern, § 2, hvoretter « Det skal farast vel med dyr og takast omsyn til instinkt og naturleg trong hjå dyret så det ikkje kjem i fåre for å lida i utrengsmål ».
Mener statsråden dette er fornuftig bruk av skattemidler?
Statsråd Kjell Opseth: I samband med ilandføringsterminalen for naturgass og metanolfabrikken som kjem på Tjeldbergodden, har kommunane Aure, Hemne og Hitra skipa eit eige samarbeidsråd. Rådet skal arbeide med tilrettelegging av næringsutvikling i regionen og elles ta seg av kommunane sine interesser under utbygging og drift av anlegga. Under samarbeidsrådet er det skipa ei arbeidsgruppe under namnet « Arbeidsgruppe for utnytting av spillvarme på Tjeldbergodden ». Gruppa si oppgåve er forprosjektering for å leggje til rette for næringsaktørar innan områda havbruk, gartneri/drivhus og jordoppvarming, det vil si verksemder som kan nytte dei store mengdene med spillvarme. Arbeidsgruppa kom i gang heilt på slutten av 1993 og skal vere i funksjon ut 1995.
Det samla budsjettet for arbeidsgruppa er på 678000 kr. Av dette har SND ved Møre og Romsdal fylkeskommune finansiert 330000 kr i form av tilskot, dei tre nemnde kommunane resten. Midlane frå fylkeskommunen er stilte til rådvelde frå Kommunaldepartementet si løyving til tiltaksarbeid under kapittel 550, post 51.2, innafor dei fullmaktsgrenser som gjeld for fylkeskommunen sitt arbeid med slike saker. SND sentralt har ikkje vore inne i saka. Grunngjevinga frå fylkeskommunen for å gje tilskott til finansieringa av forprosjekteringsarbeidet i arbeidsgruppa er mellom anna at Aure kommune står framføre store og kostnadskrevjande planleggingsoppgåver i samband med utbygginga på Tjeldbergodden.
nærings- og miljøutvalet i Møre og Romsdal fylkeskommune har med andre ord vedteke å stø arbeidet for å få nytta spillvarmen frå Tjeldbergodden. Når denne saka av representanten Hedstrøm blir blanda saman med oppdrett av alligatorar, kan det ha samanheng med at då nærings- og sysselsettingsstyret vedtok å stø arbeidet for å få nytta spillvarmen, vart det arbeidd med to konkrete prosjekt. Det eine galdt oppdrett av havabbor, medan det andre galdt oppdrett av alligatorar. nærings- og miljøavdelinga tok ikkje stilling til dei to konkrete prosjekta då avdelinga gjorde vedtak om å stø forprosjekteringsarbeidet til arbeidsgruppa for utnytting av spillvarme.
Eg vil òg gjere merksam på at Landbruksdepartementet ikkje har motteke nokon søknad i saka, men har vorte kontakta om saka av dyrevernet i Bergen og ein privatperson. Landbruksdepartementet har mellom anna svara at departementet ikkje har vorte spurt i saka. Dyrevernlova inneheld elles ikkje noko forbod mot import av alligatorar, men lova har ei tilhøyrande føresegn med eit generelt forbod mot å innføre og halde såkalla eksotiske dyr. Landbruksdepartementet kan i særlege tilfelle gjere unntak frå forbodet.
Som det går fram av svaret mitt, er alle dei påstandane som representanten Hedstrøm set fram i spørsmålet sitt, baserte på feil informasjon. SND har ikkje løyvt 300000 kr til utgreiing av alligatoroppdrett, Landbruksdepartementet har ikkje rådd frå dette, og eit eventuelt importløyve vil måtte vurderast opp mot føresegna om eksotiske dyr.
Presidenten: Presidenten vil minne om at statsrådane bør halde seg innafor den oppsette svartida, men på grunn av at det er eit ukjent område for statsråd Opseth, tillét presidenten statsråden å gå over tida.
Øystein Hedstrøm (Frp): Jeg takker statsråden for svaret.
Fylkeskommunen har bevilget SND-midler til en arbeidsgruppe som skal se på prosjekter som er knyttet til oppvarmet kjølevann for produksjonsprosesser på Tjeldbergodden, som også statsråden var inne på. Det er flere produksjoner som arbeidsgruppen vil se på, men det vil også brukes offentlige midler til å vurdere alligatoroppdrett, slik jeg har forstått det.
Jeg har gått inn i korrespondansen helt tilbake til 1988 mellom initiativtaker og ordfører i Aure kommune og Landbruksdepartementet, og departementet står hele tiden på sitt. Det vil verken bli gitt tillatelse til innførsel av alligatorer eller tillatelse til hold av slike dyr. Og jeg vil sitere fra et av brevene: « Henvendelsen ble behandlet som en søknad, fordi vi anser det som lite hensiktsmessig at De som potensiell importør bruker tid og økonomiske midler på å planlegge import og oppdrett, for at Landbruksdepartementet deretter skal avslå søknad om tillatelse. »
Ingen ting har endret seg som kan gi departementet grunnlag for nå å gjøre et unntak fra forbudet. Hvordan kan det da være mulig at fylkeskommunen bevilger penger til å se på et alligatorprosjekt?
Statsråd Kjell Opseth: Eg får gjere eit forsøk til: Det er ikkje løyvt midlar til å sjå på noko alligatorprosjekt. Det er løyvt midlar for å sjå på tiltak for å utnytte spillvarmen frå Tjeldbergodden, og det trudde eg faktisk det burde vere brei politisk semje om.
Presidenten: Vi går så tilbake til spørsmål 13.