Stortinget - Møte onsdag den 4. mai 1994
Spørsmål 29
May-Helen Molvær Grimstad (KrF): Eg tillèt meg å stille følgjande spørsmål til fiskeriministeren:
Fiskeriministeren har tidlegare uttalt seg positivt til prosjektet Stad skipstunnel. Det har lenge vore vist til behovet for ytterlegare utgreiingar før søknaden om tilskot kunne handsamast. Men sist haust lova statsråden at departementet ville ta ei avgjerd med det fyrste.
Vil statsråden syte for ei snarleg avgjerd i denne viktige saka som har slik stor verdi for kysttrafikken?
Statsråd Jan Henry T. Olsen: Eg gav svar i Stortinget den 27. oktober 1993 på eit spørsmål frå representanten Molvær Grimstad om Stad skipstunnel og ein søknad frå Sogn og Fjordane fylkeskommune, som på vegner av interessentane bak tunnelprosjektet bad om å få 6 millioner kr i tilskot til ytterlegare tekniske og miljømessige utgreiingar. Det er tale om eit såkalla før-prosjekt, det vil si utgreiingar som samla er meint å skulle gi svar på i kva grad det er teknisk, økonomisk og miljømessig mogleg å byggje tunnelen.
I salderingsinnstillinga til 1994-budsjettet, som er datert 14. desember 1993, hadde finanskomiteen i punkt 17.30 denne merknaden:
Komiteen ber om at Regjeringen foretar en vurdering av prosjektet Stad skipstunnel og legger denne fram for Stortinget på en egnet måte. Analysen bør også inneholde ulike finansieringsformer.
Fiskeridepartementet har oppfatta Stortinget si ytring som ei oppmoding om å vurdere heile tunnelprosjektet før det blir teke endeleg avgjerd. Eg meiner difor at vi no må gjere eit grundigare arbeid med å vurdere prosjektet som grunnlag for ei orientering til Stortinget før det eventuelt blir aktuelt med løyvingar til før-prosjektet, av di eit slikt tilskot no ville kunne bli oppfatta som om Regjeringa har gått inn for at heile tunnelprosjektet blir realisert.
I tråd med Stortinget sine ynske vil Fiskeridepartementet i samråd med Samferdselsdepartementet få gjennomført ein samfunnsmessig nytte-kostnads-analyse. Samstundes tek vi sikte på å få nærare utgreidd korleis ein kanal i ein tunnel helst skal sjå ut for å vere sikker nok å segle i, og kor dyr han da blir. Så snart resultata av dette arbeidet ligg føre, vil det vere naturleg å orientere Stortinget. Eg kan ikkje her og no love ein bestemt dato, men vi legg opp til at Stortinget skal bli orientert i haustsesjonen.
May-Helen Molvær Grimstad (KrF): Eg vil takke statsråden for svaret. Eg er glad for at han har sett i gang konkrete tiltak og utgreiingar med omsyn til Stad skipstunnel, og eg ser fram til at Stortinget kan få saka lagd fram.
Eg synest denne saka har tatt altfor lang tid. Den er blitt kasteball mellom forskjellige forvaltningsnivå og dreg stadig ut i tid. Kan vi no vente at saka ikkje blir liggande i departementet, men blir arbeidd aktivt med slik at vi snart får ho lagd fram for Stortinget? Det er nok mange som er utolmodige og brenn for denne viktige saka.
Det har vore ei rekkje forlis på Stadhavet - mange menneskeliv har gått tapt. Hadde ein i samband med ein riksveg eller ei jernbanestrekning vist til slike dødstal, hadde tunnel vore bygd for lenge sidan. Mange omtalar Stadhavet som dødssvingen på norskekysten. Ein tunnel vil derfor skape større tryggleik langs kysten.
I tillegg til dei menneskelege sidene har saka også ei økonomisk side, for eksempel har mange båtar hatt svært lange landliggeperiodar på grunn av uver. Vil statsråden no medverke aktivt til at vi får denne saka fram så snart som råd er?
Statsråd Jan Henry T. Olsen: Eg er glad for støtta frå representanten Molvær Grimstad med omsyn til at vi no går inn for konkrete vurderingar slik at vi kan drive denne saka vidare framover.
Eg er samd med representanten Molvær Grimstad i at saka har tatt for lang tid, og eg ønskjer at vi skal kunne få litt fortgang i den med basis blant annet i ein nytte-kostnads-analyse som kan seie noko om den samfunnsmessige verknaden av dette prosjektet.
Eg er klar over at det er både økonomiske og menneskelege årsaker til at det kan vere fornuftig å gjennomføre dette prosjektet viss dei andre føresetnadene er til stades. Men eg må samtidig seie at når eg sa at vi også vil sjå litt nærare på korleis denne tunnelen helst skal sjå ut for at den skal vere sikker nok å segle i, og kor dyr han da blir, heng det saman med at eg også er blitt kontakta og bedt om å sjå litt på dette fordi kan vere spesielle tilhøve omkring straumforhold som har med tryggleiken å gjere når ein skal segle gjennom denne tunnelen.