Stortinget - Møte onsdag den 4. mai 1994
Spørsmål 2
John Dale (Sp): Eg vil stilla fylgjande spørsmål til justisministeren:
For å motverka smugling av narkotika har Noreg etablert politisamarbeid med dei baltiske landa. Det er eit stort behov for å vidareføra samarbeidet.
Vil departementet ta initiativ til å utnytta den erfaringa norsk politi har med å bruka hundar i spaningsarbeid, jf. Belfast-prosjektet, og også i ein større samanheng arbeida for å tilføra det baltiske grensevernet større kompetanse?
Statsråd Grete Faremo: Regjeringa har gjeve tiltak mot smugling av narkotika til Noreg høg prioritet. Kontroll med smugling av mellom anna narkotika over grensa er ei oppgåve som ligg til tollstyresmaktene. Politiet og tollstyresmaktene i Noreg har eit særs godt samarbeid for å hindre at narkotika vert ført inn i landet.
I desember 1993 fann ein konferanse i Sverige stad om organisert kriminalitet - som det er kalla - i « The Baltic Sea region » med deltakarar frå mellom anna dei nordiske landa og andre aktuelle land i Aust-Europa. Det er sett ned to arbeidsgrupper som skal analysere kriminaliteten i regionen og leggje fram forslag til felles tiltak. Arbeidsgruppa sitt framlegg skal handsamast på eit møte komande haust.
Dei baltiske landa er medlem av Interpol og arbeider no med å byggje opp eigne nasjonale Interpol-kontor. Politiet i Noreg har teke på seg ei « fadderskapsrolle » når det gjeld Latvia.
Det nordiske politi- og tollsamarbeidet har mellom anna ført til at det allereie er plassert ut nordiske sambandsmenn i ei rekkje land - også i dei baltiske statane.
Tolletaten og politiet i Noreg rår i dag over om lag 50 narkotikahundar. Dei har eit omfattande samarbeid der ein, når det trengst, gjer seg nytte av hundane i begge etatar.
Narkotikahundar vert ikkje nytta til spaning. Dei er heller ikkje eigna til slik teneste, men dei kan nyttast til søk etter narkotika der ein har grunn til å tru at narkotika finst. Ein vurderer å tilby hundar som har spesielle arveeigenskapar for å søkje etter narkotika eller sprengstoff.
Opplæringa av hundane - som er den største og vanskelegaste oppgåva - går føre seg i mottakarlandet. Dette er støtte og hjelp som det er aktuelt å yte som del av det samarbeidet som alt er i gang mellom dei nordiske og dei baltiske politi- og tollstyresmaktene.
Til slutt vil eg også nemne at vårt tollvesen har gjeve god støtte til mellom anna praktisk opplæring og overføring av kompetanse til tollstyresmaktene i dei baltiske landa.
John Dale (Sp): Eg takkar statsråden for svaret, som eg synest var imøtekomande.
I utgangspunktet meinte eg at Utanriksdepartementet var rette adressat for spørsmålet, fordi det departementet alt har engasjert seg i og støtta opp med midlar til prosjekt innanfor området.
Hovudsaka her er likevel at norsk kompetanse får koma til sin rett i ei sak der Norden og dei baltiske landa har viktige felles interesser. Det er fagmiljøet rundt det såkalla Belfast-prosjektet som her bør verta aktivisert. Og eg oppfatta det slik at også statsråden ser det som eit viktig poeng.
Fordi denne typen kompetanseoppbygging også kan ha interesse utanfor våre nærområde, bør det også vera aktuelt å innleie eit samarbeid med for eksempel FN-organet UNDCP, både for å sikra ei breiare finansiering og for å kunne utvida prosjektet til også å omfatta andre delar av Europa der behovet for opplæring av grensepersonell er stort. Vil statsråden ta eit slikt initiativ?
Statsråd Grete Faremo: Når først spørsmålet er stilt til ein tidlegare bistandsminister, kan eg ikkje unngå å nemne at vi er opptekne av samarbeid om kampen mot narkotika på ulike nivå, både bilateralt, ved land til land-samarbeid og gjennom FN-systemet, blant annet gjennom UNDCP-organisasjonen, og vi er frå norsk side også opptekne av å styrkje det etatsvise samarbeidet.
Når det gjeld den konkrete problemstillinga som spørjaren var oppteken av, er det slike tiltak vi vurderer nettopp under hatten « det etatsvise samarbeidet ». Eg har registrert den siste oppfordringa, og det er naturleg å ta den opp med bistandsministeren. Vi har god erfaring for at gode hundar med god trening har vore eit stort aktivum i kampen mot narkotika i Noreg. Men dette må altså setjast inn i ein nasjonal samanheng før det er mogleg å gje eit meir konkret svar.
John Dale (Sp): Eg takkar igjen statsråden for svaret, som eg synest var positivt. Eg vil kort poengtera at med utgangspunkt i det som her er på gang, kan det leggjast eit grunnlag for eit vidare europeisk engasjement i spørsmålet.