Stortinget - Møte onsdag den 4. mai 1994
Spørsmål 11
Jan Simonsen (Frp): Jeg vil gjerne stille samferdselsministeren følgende spørsmål:
Statens teleforvaltning har i en avgjørelse av 20. mars 1993 konkludert med at Televerket har diskriminert flere kabel-TV-selskaper, til fordel for sitt eget selskap, TBK Kabel-TV A/S.
Vil samferdselsministeren nå pålegge Televerket å gi like priser på linjeleie og lik tilgang på linjekapasitet til alle kabel-TV-operatører?
Og hvis jeg får lov, vil jeg beklage at det står en feil dato for avgjørelsen, det skal være 20. desember 1993. Jeg håper at det ikke har forvoldt byråkratene i departementet for mye ekstraarbeid.
Statsråd Kjell Opseth: Med den presiseringa frå representanten Simonsen treng ikkje eg rette opp den mistydinga.
I avgjerda frå Statens teleforvaltning står det mellom anna at Televerket sin praksis ikkje fullt ut samsvarar med reglane i forskrift om opne telenett og teletenester når det gjeld fjernsynskabelselskap. Forskrifta gjeld frå 1. januar 1993.
Teleforvaltninga har i si avgjerd ikkje nytta ordet diskriminering, men seier at Televerket sin handlemåte i saka med omsyn til prisar ikkje fyller dei krava føresegnene set til lik handsaming, og at denne handlemåten kan føre til uheldige konkurranseforskyvingar. Statens teleforvaltning har hatt merknader til den avrekningsmåten som har vore nytta, og har bede Televerket lage ein ny modell for framtida som skal fylle krava i føresegnene.
Eg har fått opplyst at Televerket er i gang med å lage ein ny modell, og reknar med at denne skal vere klar i juni. Den vil bli gjord offentleg kjent. Prisane vil, slik føresegnene gir pålegg om, bli kalkulerte ut frå kostnader og nytte for heile landet. For dei avtalane som alt gjeld, vil Televerket sjå til at prisane snarast råd blir retta opp etter dei nye føresegnene.
For å sikre lik handsaming etter føresegnene følgjer Televerket no avgjerda frå Statens teleforvaltning om at alle kabel-TV-selskapa i eit område skal bli spurde om dei treng meir kapasitet når eitt av selskapa ber om å få leige kapasitet av Televerket.
Televerket vil òg fylgje avgjerda frå Statens teleforvaltning om å gjere utbyggingsplanane sine kjende for kabel-TV-selskapa, slik at dei kan samordne si utbygging med Televerkets.
Jan Simonsen (Frp): Jeg har bare en kort og høflig kommentar: Jeg takker for svaret. Jeg er fornøyd med svaret, og jeg håper at samferdselsministeren vil se nærmere på den nye modellen som Televerket skal utarbeide for å forsikre seg om at det følger opp de kravene som ligger nedfelt i dommen fra Statens teleforvaltning, slik at denne diskrimineringen av de private selskap og konkurrentene til TBK Kabel-TV A/S ikke lenger vil eksistere.