Stortinget - Møte onsdag den 23. februar 1994
Spørsmål 8
Thorhild Widvey (H): Jeg har følgende spørsmål til samferdselsministeren:
Riksvegferjesambandet til Utsira har vært behandlet flere ganger i ulike organ siden 1988 uten at en har kommet frem til en løsning.
Vil statsråden ta initiativ til en hurtig løsning?
Statsråd Kjell Opseth: Utsira fyller ikkje krava til riksvegsamband etter dei kriteria som ein til no har nytta med omsyn til folketal. Det går i dag ei lokal passasjer- og godsbåtrute mellom Utsira og Haugesund med tilskott frå fylkeskommunen.
I 1992 bad Samferdselsdepartementet Rogaland fylkeskommune om å vurdere nærare situasjonen for ulike transportbrukarar ved ulike løysingar, og om å opplyse kva fylkeskommunen vil bidra med ved oppretting av eit eventuelt riksvegferjesamband til Utsira. Hausten 1993 fremma fylkeskommunen søknad om riksvegsamband Utsira-Sævelandsvik og forslag til økonomisk ansvarsdeling mellom fylkeskommune og stat. Sambandet skal, etter søknaden, vere eit kombinert gods- og biltransportsamband med stopp i Haugesund for levering av gods.
Riksvegferjesambanda er først og fremst innretta på å dekkje bilbaserte transportløysingar. Ut frå søknaden som no ligg føre, er det usikkert om ei riksvegferje vil dekkje dei behova Utsira har. Vurderingar viser t.d. at overgang frå pallefrakt til bilfrakt vil auke fraktkostnadene for fiskeindustrien og gje dårlegare regularitet. Før vi kan få ei løysing i saka, må desse forholda vurderast nærare, og ein må kome fram til ei økonomisk ansvarsdeling mellom stat og fylkeskommune. Vidare må det skje ei avklaring med omsyn til finansiering av ferjekaier i Sævelandsvik og i Sørevågen på Utsira.
Saka ligg no til handsaming i Vegdirektoratet. Eg ventar tilråding frå Vegdirektoratet i saka i løpet av våren 1994.
Thorhild Widvey (H): Jeg takker statsråden for svaret.
Jeg tror det er svært viktig at det blir tatt en beslutning. Om den så er positiv eller negativ for Utsira, tror jeg det er viktig at man får avklart dette, for dette er en sak som har pågått veldig lenge. Og som statsråden sa, er det klart at Utsira som det lille øysamfunnet det er med få innbyggere, ikke dekker kravet til riksvegsamband etter de kriterier man tradisjonelt har brukt.
Det er heller ikke uvanlig at man har gjort unntak fra kriteriene når det gjelder etablering av riksvegsamband i andre små øysamfunn i dette landet. Hvis statsråden ser det som positivt at man har muligheter for å få til en kombinasjon her, ser jeg ikke bort fra at dette kan bli det siste øysamfunnet som har muligheten til å få et riksvegsamband i framtiden.
Jeg merket meg at statsråden sa han ville komme tilbake til dette i løpet av våren. Jeg håper denne saken ikke blir ytterligere utsatt, slik at det er mulig å komme fram til en løsning for samfunnet.
Statsråd Kjell Opseth: Det er rett at Utsira er ein eigen kommune og i dag ikkje har riksvegsamband. Slik sett er Utsira i ein spesiell situasjon.
Like fullt er det òg slik at det er Samferdselsdepartementet som nærmast har vore pådrivar for å finne ei løysing på dette spørsmålet i samarbeid med Rogaland fylkeskommune. Det er nettopp med bakgrunn i at Utsira er i ein spesiell situasjon at vi er innstilte på å medverke når det gjeld kostnadene med ferjedrifta på Utsira.
Presidenten: Vi vil så ta for oss spørsmål 30.