Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Stortinget - Møte onsdag den 9. februar 1994

Dato:
Tilbake til spørretimen

Spørsmål 16

Ole Johs. Brunæs (H): Jeg skal få lov til å stille følgende spørsmål til samferdselsministeren:

Følger planbehandlingen og reguleringsplanene for den nye Gardermobanen fremdriftsplanen, og vil investeringsrammene for den nye banen holdes?

Statsråd Kjell Opseth: Planlegginga av Gardermobanen følgjer så langt den oppsette framdriftsplanen, der det er føresett at kommunane gjer vedtak om reguleringsplanane før sommaren 1994. Framdrifta av den einskilde reguleringsplan er fastlagd i samråd med kommunane og samstundes avpassa mot dei framdriftskritiske delane av prosjektet.

Framdrifta i dette planarbeidet med politisk handsaming og vedtak i kommunane er heilt avgjerande for at banen kan stå ferdig samstundes med opninga av flyplassen slik at vi oppnår den miljøgevinsten banetransport har i høve til tilbringartransport med bil og buss. Samferdselsdepartementet, NSB og NSB Gardermobanen A/S vurderer difor kontinuerleg framdrifta av reguleringsplanarbeidet.

På nordsida av flyplassen fram til Eidsvoll følgjer reguleringsplanlegginga same framdrift som for resten av banen, slik at reguleringsplanane ikkje skal vere til hinder for ferdigstilling samstundes med flyplassen.

I budsjettproposisjonen for 1994 er investeringsramma for Gardermobanen oppgjeven til 4850 millioner 1994-kroner. Kostnadsoverslaget har ei uvisse på pluss/minus 20 pst. NSB vurderer fortløpande risiko og uvisse.

I august 1993 gjennomførte NSB Gardermobanen A/S ei ny uavhengig vurdering av dei totale kostnadsrammene for prosjektet, inkludert risiko- og uvissevurderingar. Med bakgrunn i dette arbeidet er det ikkje grunn til å endre dei investeringsrammene som låg til grunn for Stortinget sitt vedtak.

Ole Johs. Brunæs (H): Jeg takker statsråden for svaret. Bakgrunnen for spørsmålet er at et flertall i Høyres gruppe støttet Gardermoen-utbyggingen, men under den uttrykkelige forutsetningen at kostnadene skal ligge innenfor de vedtatte rammene. Det er grunnen til at vi gjerne vil forsikre oss om at plan- og reguleringsarbeidet skjer innen de gitte tidsfrister og innenfor de gitte økonomiske rammene.

Nå forstod jeg på statsråden at tidsplanen var stram, og det som her er spørsmålet, er: Når er tidspunktet inne for at statsråden må ta stilling til om han skal benytte seg av statlig reguleringsplan eller ikke? Når er « the point of no return »?

Statsråd Kjell Opseth: Eg vil helst ikkje gå inn i ein diskusjon om bruk av statleg reguleringsplan før eg er sikker på at det blir naudsynt. No går den kommunale prosessen, og det er mi oppfatning at den må få lov til å gå, og så får vi vurdere resultatet av dei avgjerder som der kjem, og på det grunnlaget ta stilling til om ein må bruke statleg reguleringsplan eller ikkje. Men sommaren 1994 er det magiske tidspunktet.

: