Stortinget - Møte onsdag den 9. februar 1994
Spørsmål 14
Nok ein gong har innbyggjarane i Indre Hardanger opplevd ei rekkje snøras og stor skredfare. Det er behov for omfattande skredsikringstiltak både langs vegane og ved bustadstrok.
Kva vil Regjeringa gjere for å få overført nødvendige statlege tilskott til ras- og skredsikringstiltak langs vegane i Indre Hardanger?
Statsråd Kjell Opseth: Vi har for andre året på rad opplevd periodar med uvanleg mange ras på vegane i Indre Hardanger.
I Indre Hardanger er no følgjande rassikringsprosjekt i arbeid:
- ombygging av Rv 11 langs Åkrafjorden
- sikring av Rv 13 i Odda og Tyssedal med tunnel som blir opna i april 1994, og
- utplassering av geofonar - lytteapparat - for å varsle om ras langs Rv 550, slik at vegen kan stengjast i tide.
Vegsjefen har elles i samsvar med Norsk veg- og vegtrafikkplan 1994-97 ført opp sikring av vegen langs Sandvinvatnet på Rv 13 i Odda på framlegget til budsjett for 1995 med 20 millioner kr.
Rassikring er høgt prioritert i departementet. Arbeid med rassikring av vegnettet i Hardanger og andre stader er likevel ei stor og kostnadskrevjande oppgåve som må vegast opp mot andre høgt prioriterte oppgåver innan vegsektoren. Ressursane i vegsektoren i Hordaland er fordelte mest utan unntak med basis i lokal prioritering. Samferdselsdepartementet har ikkje frie midlar til rassikring. Ein ekstra innsats no må difor skje ved omprioritering innan Hordaland sine løyvingar i 1994.
Erling Folkvord (RV): Det spørsmålet som folk i Indre Hardanger stiller seg, er: Når kjem dei ekstraordinære midlane som trengst for å få gjennomført langt meir omfattande vegsikringstiltak enn det statsråden no nemnde? Folk har venta lenge, og situasjonen er ei veldig stor påkjenning. I denne delen av landet må folk forbi skredløp om dei skal til barnehage, skule eller arbeid. Folk har mista hus og heim, fordi det òg er bustadstrok som er utsett for skredfare.
No veit eg at skredsikring når det gjeld bustadstrok, høyrer under ein annan statsråd, nemleg kommunalministeren, men eg vil spørje statsråden heilt tydeleg - sjølv om det er mogleg at eg alt har fått eit negativt svar: Vil det kome noko initiativ frå Regjeringa til å få samordna skredsikringstiltak for både vegar og bustadstrok i dette området, slik at ein kan få ei melding om at ting vil skje fortare enn det som no er planlagt?
Statsråd Kjell Opseth: Det er tillate for representanten Folkvord å vere utolmodig, og det er all grunn til å ta dei mange skreda som har vore i Indre Hardanger og elles rundt om på vegnettet vårt den siste tida, alvorleg. Men oppgåvene er ikkje så enkle som det representanten Folkvord gjev inntrykk av. Eg har ei lang liste her over skred i januar månad berre i det området vi snakkar om her. Så eg trur vi lyt gjere som vi har gjort til no, la det lokale forvaltningsorganet få lov til å prioritere, så får vi sjå om dei prioriteringane er i samsvar med våre nasjonale målsetjingar. Til no har dei stort sett vore det i Hardanger. Frie midlar finst det ikkje innanfor Samferdselsdepartementet sitt budsjett, og det er det eg som samferdselsminister må halde meg til.
Erling Folkvord (RV): Eg meinte på ingen måte å gi inntrykk av at eg trur dette er enkelt. Så mange plassar som det her går skred, trengst det her ein omfattande innsats bygd på den lokale kunnskapen om kor sikringstiltak trengst.
Når Kvitura-tunnelen nå er i ferd med å bli bygd, er det resultatet av ein aksjonskomité sitt arbeid etter dødsulykka etter eit steinskred for to år sidan. Det kan også sjå ut som at aksjonen for tunnel ved Sandvinvatnet vil få gjennomslag. Men spørsmålet er: Skal befolkninga her vere avhengig av at dei etter kvar ny rasulykke må opprette ein aksjonskomité og verkeleg stå på og slåss for å få til eitt og eitt tiltak? Eller skal vi få eit samla løft der statlege myndigheiter tar eit særskilt ansvar? Og så eit konkret spørsmål til samferdselsministeren i og med at han seier at dette handlar om prioritering: Vurderer samferdselsministeren ras- og skredsikring i Indre Hardanger som mindre viktig enn bygging av Hardangerbrua?
Statsråd Kjell Opseth: No er det faktisk slik, og det veit truleg representanten Folkvord også, at vi driv med rassikring omtrent kvart einaste år i Indre Hardanger, nettopp fordi det er eit høgt prioritert arbeid.
Når det gjeld Hardangerbrua, er vi ikkje komne så langt at vi har tatt stilling til den enno, så å sette dei to oppgåvene opp mot einannan, slik det vert freista gjort frå representanten Folkvord si side, er ikkje ei relevant problemstilling. Og i den grad det er det, vil eg syne til at vi driv med rassikring i Indre Hardanger.
Odd Eriksen: hadde her tatt over presidentplassen.