Stortinget - Møte onsdag den 2. februar 1994
Spørsmål 8
Inga Kvalbukt (Sp): Jeg vil be samferdselsministeren besvare følgende spørsmål:
Langs jernbanestrekningene i Norge blir hvert år et stort antall rein og storvilt skadet eller drept etter påkjørsel av tog. Dette er et problem først og fremst av dyrevernmessig art, men også en betydelig belastning for togpersonalet som får oppgaven med å foreta søk og avliving. Antallet tilfeller tiltar under snørike vintre.
Hva vil statsråden gjøre for å bedre forholdene?
Statsråd Kjell Opseth: NSB har i fleire år arbeidd for å redusere talet på påkøyringar av dyr. Dette har skjedd i eigen regi og i samarbeid med Direktoratet for naturforvaltning, miljøvernavdelingane hos fylkesmennene, lokale viltnemnder og einskilde skogeigarar som eig grunn rundt jarnbanelinene. Ei rad med tiltak har vore prøvde med ulike resultat.
Det mest effektive botemiddelet så langt er rydding av skog og annan vegetasjon i eit belte på 20-30 meter på begge sider av jarnbanesporet. Slik rydding gjer arealet rundt jarnbanen mindre attraktivt som beiteområde, og fører til at dyra kryssar sporet meir målretta når dei først kryssar sporet. Dessutan blir utsynet frå førarplassen i lokomotiva betre. NSB har difor sett i gang hogst på ein del utvalde strekningar der påkøyringar har vore eit problem.
Det blir også gjort forsøk med såkalla leiegjerde for elg langs jarnbanen, men verknadene er så langt ikkje dokumenterte. I samband med OL-trafikken blir det drive forsøk med luktstimulansar for å påverke elgvandringane.
Når det gjeld rein, er tilhøva mindre klårlagde, og NSB vil difor ta initiativ til å sette ned eit utval med mellom anna reineigarar, viltekspertar, grunneigarar og styresmaktene på området for å få greidd ut dette problemet nærare.
Påkøyring av dyr er eit stort problem for lokomotivførarane, som ofte blir makteslause tilskodarar til at dyra fånyttes prøver å flykte frå jarnbanesporet. I den grad dyra ikkje blir momentant drepne ved samanstøyten, kan også anna togpersonale bli drege inn i jakta på og avlivinga av skadde dyr. NSB si bedriftshelseteneste har eit tilbod til tilsette som ønskjer hjelp etter slike opplevingar. NSB vil også ta opp føresegnene om pliktene til togpersonalet, gjevne i 1974 av Direktoratet for vilt og ferskvassfisk, til vurdering, i samarbeid med Direktoratet for naturforvaltning..
NSB vil også ta opp samarbeidet med dei lokale viltnemndene med sikte på å få effektivisert jaktinga på og avlivinga av skadde dyr.
Det viktigaste tiltaket er likevel å få ned talet på påkøyringar. I tillegg til den vanlege overvakinga frå tog, med melding og saktekøyring som resultat, har NSB i år budd seg ekstra godt i samband med OL-trafikken. Førebuingane omfattar mellom anna overvaking frå fly og snøgg utrykking om slike situasjonar oppstår. Røynslene frå denne ekstraordinære trafikksituasjonen vil bli nytta til å vurdere generelle vernetiltak mot påkøyring av elg.
Inga Kvalbukt (Sp): Jeg takker statsråden for svaret. Jeg er svært glad for å høre at han erkjenner problemet, og også for å høre at det er satt i gang tiltak på et så bredt felt. Men når han nevner at det er utvalgte strekninger det blir ryddet ved, er jeg litt betenkt, for det viser seg at det vil bare forskyve problemet. Da går elgen videre og beiter der det ikke er ryddet.
Dette er et spørsmål om god viltforvaltning. Vi skal jo ikke bare være opptatt av rovdyrene våre, og vi bør forhindre dyretragedier. Jeg vil gjerne stille statsråden spørsmål om han vil arbeide for økte bevilgninger, slik at vi kan få fullført ryddingen overalt.
Statsråd Kjell Opseth: Det er no ein gong slik at det også på dette området er ei prioritering, mellom å rydde skog på begge sider av jarnbanelinene for å hindre påkøyring av elg og rein og andre viktige og presserande tiltak innanfor NSB. Viss det er slik at ein prioriterer dette området særdeles høgt, er jo den sikraste måten å hindre den slags tragediar på å sette ned farten på toga. Men det strir da mot andre sterke politiske interesser, nemleg å få opp farten på toga. Det viser igjen at det stadig er avvegingar ein må gjere også på dette området.
Reidar Sandal: hadde her teke over presidentplassen.
Inga Kvalbukt (Sp): Jeg takker igjen statsråden for svaret. Når det gjelder det han nevnte om å sette ned farten, vet vi at det kanskje er noe som kan være aktuelt langs vei, der problemet også finnes. Men jeg tror ikke det er så lurt langs banen, der må en finne andre tiltak.
Og enda en ting: NSB har vel lovet å holde gjerde langs banen spesielt der det beiter bufe. Det kan bare ha god virkning om sommeren - en får jo ikke så stor virkning om vinteren. Men mange steder synes det som om dette er glemt. Det er også en tragedie når bufe blir påkjørt. Jeg vil derfor stille statsråden et tilleggsspørsmål, om han vil prøve å opprioritere dette arbeidet, som synes å være glemt.
Statsråd Kjell Opseth: Eg vil ta avstand frå at dette spørsmålet er gløymt. Det faktiske forholdet er at den gjennomgangen vi hadde, viser at det er høgt prioritert fordi det har dei konsekvensane det har for togpersonalet og sjølvsagt både for bufe og vilt. Men det er som sagt grenser for kor høgt ein skal prioritere det opp i forhold til andre viktige ting for NSB. Og den avveginga er det NSB som er den næraste til å gjere, som møter dei ulike krava frå ulike interessegrupper.